bilde_5.jpg

Trebåtfestivalen 2007

Trebåtfestivalen 2007 er no over!
Vi er veldig fornøgde med oppmøte både av folk og trebåtar. Vèret var rett nok ikkje det aller beste, men det såg ikkje ut til å legge noko dempar på folk!

Årets festival starta med foredrag av Ole M Ellefsen, som til dagleg er tilknytta Ålesund Museeum. Han holdt ett foredrag basert på boka si, "Farefull ferd langs Sunnmørskysten". Foredraget var veldig interessant, og tilskodarantallet var bra!

Seinare på kvelden spelte Atle Remøy til dans. Atle er til dagleg skipper på snurparen Sjøbris, og mykje av tekstene er henta frå livet ombord. Ca 120 personar tok turen i festivalteltet denne kvelden. Steminga var god!

Laurdagen starta fint med blikkstill sjø, og opplett.

Ut på formiddagen fekk vi storfint besøk! Hardangerjekta Matilde kom ganske uventa seilende inn på havna! Denne skuta tilhøyrer Hardanger Fartøyvernsenter, og blei fort midtpunktet mellom båtane på havna.

Rema 1000 spanderte gratis frokost på dei besøkande og fastboande, samtidig starta modellbåtutstillinga i teltet, der det vart vist fram både lokaltbygde modellbåtar, samt eindel modellar av båtar bygde ved skipsverfta i Ulstein.

Kl 13 fekk vi besøk av sjølvaste Kaptein Blåtann! Han kom seglande inn med skuta Anna Olava, og måtte kjempe seg veg gjennom fleire andre skuter med kanonene før han rodde iland om møtte ei herskare av sjørøvarutkledde ungar!

Rokonkurransa vart ein suksess! Kaptein Blåtann skulle skyte startskotet og vere speaker for konkurransa, men pågrunn av den harde motstanden han fekk i Sjørøvarkampen, måtte Tomma ta over som speaker. Det vart ein kaotisk start, der det vart mange samanstøytar, Ulstein seilforening tok tidleg teten, men feilnavigerte kursen fram mot rundingsbøya. Laget frå Trebåtfestivalen med Bård og Jan Arve ved årane, og Ingar som Cox, hadde god fart og rodde inn som førstebåt framfør Sjukeheimen, Seglforeninga, Sandsøya og Blåsarane. Trebåtfestival laget hadde smurt færingen med Racing bunnstoff noko som kjent er imot reglane for konkurransen, og vart diska! Laget til Sjukeheimen tok ein velfortjent siger, dei hadde rett nok 2 ekstra roarar som rodde med bekken, men det valde dommarane å sjå vekk frå!

Publikum kåra årets trebåt, og i år blei det M/Y Svanen fra Sykkylven! Denne båten var i utruleg flott stand!

Publikumsprisen i modellbåtutstillinga vart vunnen av Kjell Garnes som stillte ut ein modell av ein Norlandsbåt.

Om kvelden spelte dansebandet Britannia til dans, ca 350 stk var i teltet om kvelden, og det er vi veldig fornøgde med. Folk kosa seg, og dansa. Det var ei fin stemning uten trøbbel av noko slag

Festivalen vart avslutta med konvoi av båtar ut frå Ulsteinvik. Rekka var ikkje alt for lang, mange trengte vel litt ekstra søvn etter helgas strabaser, og andre hadde starta tidligare.

Vi i Ullaholm Båtklubb, som arrangerer Trebåtfestivalen, er veldig fornøgde med årets festival! Vi fekk besøk av mykje flotte båtar og mykje kjekke folk. Tilreisande, lokalbefolkning, sponsorar, utstillarar, og andre har berre lovord å kome med!

Vi har allereide starta planlegginga av neste års festival, og ynskjer alle velkomne til Trebåtfestivalen i Ulsteinvik 14-17 August 2008

GENERALSPONSOR