57816aa0d313e9b21a1657dac9036df4.jpg

Fantastisk Trebåtfestival 2008!

Årets trebåtfestival vart ein kjempe suksess! Publikumsoppmøtet var formidabelt, veret var strålande, antallet tilreisande båtar sprengde alle rekordar, og stemninga var på topp!

Festivalen hadde eiga festival avis som vart distribuert som vedlegg til Regionavisa, samt utdelt til deltakarar på festivalen. Last ned avisa her : FESTIVALAVIS

I galleriet kan du sjå bilder frå årets festival! GALLERIET

Festivalen vart opna av "kystdirektøren" (Cecilie Pedersen) frå Dimnarevyen, dei stod også for tre andre innslag der det mellom anna vart ein storkrangel mellom "Ullaholm" (Svein Børre Dimmen) og "M/B Fløtten" (Ole Sande).

Messeområdet var ope heile festivalen og bestod av Båtmesse: Xl marin - ProAs Bilmesse:Ålesund Bil, Oscar Rørhus, Bertel O Steen, Ulstein Bil, Standar: Ulstein bil ATV, Grillhyttekompagniet, Infraraude badstuer (Odd Idar Garnes) Servering: Thai mat, Filipinsk mat, Potetbakern, Festival grill. Butikkane i sentrum heldt seinope til kl 19.00 torsdag, kl 22.00 fredag og 16.00 laurdag

Per Hillesund frå forbundet Kysten hadde eit flott innlegg om arbeidet til forbundet Kysten, og gav det nyskipa Ulstein Kystlag ein god start. Det vart notert ned navn på 12-15 stk som er interesserte i å vere med i kystlaget.

Jogeir&Jonny spelte til dans om kvelden, og allereie frå torsdag var det god stemning i teltet.

Streetparada på fredagen vart også ein kjempe suksess! Alle i Ulsteinvik fekk nok med seg at no var det festival! Musikarane, dansarane og amcar bilane laga ei flott steming i sentrum! Parada var forsterka med Vidar Sæther, saksofonist i "Funky Butt" saman med Roar Sæther på tuba, Helge Nordstrand på trompet, og Kim Erik Lillestøl på trommer. Desse holdt også ei flott konsert i festivalteltet etterpå!

Bluesbandet Gaspilot, beståande av Ståle Dimmen, Bertil Tødenes og Martin Folldal, leverte som forventa varene, og det vart ein blå og groovy kveld for alle dei som hadde møtt fram.

Laurdag vart ein forrykande dag, på alle måtar. Kaptein Blåtann, palleløp og tasjansen fylde sentrum til brestepunktet med folk. Kaotiske tilstandar er vel bekreftelsen på ein vellykka festival?

Bursdagsfeiringa til Kaptein Blåtann (Ole Sande) samla 800 born og vaksne i Blåhusgarasja, etter at han kom seilande i land med skuta "Anna Olava", hjelparen Kolbein (Richard Vattøy) måtte gå planken etter at Kaptein Blåtann var heller missnøgd med roinga.

Magnus Aksnes vann Ein Acer Aspire One fra AR Data i palleløpet, Quality Ulstein Hotel vann flotte skipperhuer irokonkurransa. TaSjansen vart vart vunne av seXBow som fekk 2 stk Ipod Nano fra Elkjøp, med Bendik Wærdal, Dagfinn Moldskred og Kent Narve Garshol med tida 12.78 sekund. Publikumsprisen gjekk til Gerhard og Karsten Heimland med båten "Haien" og vann fiskeutstyr frå Intersport, og fiaskoprisen til Vegard Stranden m/fleire med båten "Postmann Pat" som vann førstehjelpspute fra Aliance Apotek.

Båten Sea Chaser fra Molde vant kåra til årets trebåt, kunne ta med seg eit bind av "Den Norske Los" frå Eiken Libris.

Klypa showet trekte over 800 personar, og det vart skikkeleg trangt om plassen i teltet. Det vart eit forrykande show, og Palle og Kjellen ga publikum det dei ville ha!

Dansen med Five Beats var også veldig godt besøkt, og i planane for neste år må vi nok legge inn ei løysing for større kapasitet i teltet!

Festivalen vart avslutta med ei flott friluftsgudstjeneste på Borgarøya. 50-60 personar hadde funne vegen til Borgarøya, og heile arrangementet vart som teke ut av eit postkort i det flotte sommarveret!

Programmet for festivalen 2008:

Torsdag 14. august

16:00 Messeområdet opnar

Båtmesse: Xl marin - ProAs Bilmesse:Ålesund Bil, Oscar Rørhus, Bertel O Steen, Ulstein Bil Standar: Ulstein bil ATV, Grillhyttekompagniet, Breivik Båt & MC Servering: Thai mat, Filipinsk mat, Potetbakern, Festival grill Båtar, Båtmotorar og maritim stemning. Butikkane opne til kl 19.00

18:00 Opningsfest!

Offisiell opning av trebåtfestivalen. Her blir det mange spennande innslag, og smakebitar på resten av festivalen! Dimnarevyen, trekkspel, orientering frå Forbundet Kysten, ved Generalsekretær Per Hillesund!

19:30 Skipingsmøte Ulstein Kystlag

Ulstein Kystlag vil verte eit lag underlagt Forbundet Kysten, Forbundet KYSTEN er en organisasjon for vern av norsk kystkultur, anten det er med gamle fartøy, bygningar og liknande. Vi oppfordrar alle interesserte i å møte på skipingsmøtet. Det vert valg av styre, samt registrering av medlemmar. Meir info på www.kysten.no. Generalsekretær Per Hillesund i forbundet Kysten, vil vere med på møtet!

22:00 Trubadurane Jonny & Jogeir spelar til dans

Jogeir og Jonny , er to dyktige trubadurar frå Gjerdsvika. Dei lovar oss stor stemning og variert musikk utover torsdagskvelden! Teltet er ope til kl 01.00.

Fredag, 15. august

Båtmesse: Xl marin - ProAs Bilmesse:Ålesund Bil, Oscar Rørhus, Bertel O Steen, Ulstein Bil Standar: Ulstein bil ATV, Grillhyttekompagniet, breivik Båt & MC Servering: Thai mat, Filipinsk mat, Potetbakern, Festival grill Båtar, Båtmotorar og maritim stemning. Butikkane i sentrum held seinope til kl 22.00

15:00 Helikopter sightseeing

Opplev festivalen fra lufta. Nord Helikopter flyg turar frå plenen ved Ulstein Hotell. Varigheit ca 10 minutt. Kr 400 pr prs. frå kl 15.00 til 20.00

16:00 Skulestartshow på Amfisenteret

Give-aways til store og små, flotte premiar og skulestartshow med Petter Wiik.

18:00 Streetparade!

Vi tek turen til New Orleans og Rio de Jeaneiro! Eige streetjazz orkester, med glade jazztonar, dundrande sambarytmar, dansarar, og karnevalstemning! Vi oppfordrar publikum til å vere med i streetparada! Parada går frå Amfi senteret, via Blåhuset og endar i festivalteltet på rådhusplassen!

18:00 Bleieskift konkurranse på Amfisenteret

Den raskaste vinn eit 1/2 års forbruk av Libero bleier!

19:00 JazzKonsert i festivalteltet

Streetparaden endar teltet med påfølgande jazzkonsert, med bl.a. elevar frå musikklinja på fagerlia,

20:00 Foredrag om Maritim Kystkultur

Foredrag om maritim kystkultur i festivalteltet.

20:00 GRATIS rekefest på Amfisenteret!

Amfisenteret inviterer til gratis rekefest mellom klokka 20 og 22.

22:00 Bluesbandet GASPILOT spelar til dans

Gaspilot består av tre staute karar med brei musikalsk røynsle frå lokalt og nasjonalt plan. Bluesen blei lagt i dei i tidlege ungdomsår gjennom tungt arbeid i skipsindustrien og på gardsarbeid på Søre Møre. Med treboler i hendene etter greip og grev, og brannsår frå sveising, vart dei fyrste blå tonane forma ein gong tidleg på 80-talet. Sidan har den musikalske reisa ført dei til pop, rock, jazz og andre musikkartar i ulike konstellasjonar, men ingen kjem utanom opphavet - bluesen. Gaspilot er eit resultat av erkjenninga om at ein også må dyrke dei sterke blå musikalske kjenslene. Gjennom eit variert samansett repertoar av eige mateiale og låtar av t.d. Jimmi Hendrix, Stevie Ray Vaughan, Jonny Winter, ZZ Top, Cream, John Mayer, Respatexans m.fl., framfører Gaspilot gneistrande elektrisk blues oppblanda med rock, funk og dagleglivets møde. Gaspilot består av f.v. Martin Foldal: djup bass og korsong, Bertil E. Tødenes: tunge trommer og korsong og Ståle Dimmen: song og rufsete gitarar

Lørdag, 16. august

10:00 Rema 1000 frokost

Gratis frokost til alle besøkande i festivalteltet!

10:00 Messeområdet opnar

Båtmesse: Xl marin - ProAs Bilmesse:Ålesund Bil, Oscar Rørhus, Bertel O Steen, Ulstein Bil Standar: Ulstein bil ATV, Grillhyttekompagniet, Breivik Båt & MC Servering: Thai mat, Filipinsk mat, Potetbakern, Festival grill Båtar, Båtmotorar og maritim stemning. Butikkane i sentrum held ope til kl 16.00.

12:00 Helikopter sightseeing

Opplev festivalen fra lufta. Nord Helikopter flyg turar frå plenen ved Ulstein Hotell. Varigheit ca 10 minutt. Kr 400 pr prs. frå kl 12.00 til 18.00

13:00 Kaptein Blåtann kjem iland!

Kaptein Blåtann er 350 år i år, og har derfor meldt sin ankomst til Ulsteinvik. Han har med seg skuta si med både kanoner og sjørøvarar. Frå sjørøvarskuta går han opp til Blåhuset, der det er laga istand bursdagsfeiring i garasja. Alle born, utkledde som sjørøvarar, mellom 0-12 år får gratis pølser og is! Kom å møt ein ekte sjørøvar!

14:30 Rokonkurranse

I fjor vart dette ei heftig konkurranse med både kollisjonar og diskvalifiseringar, med ein humoristisk undertone!

15:30 Palleløp

Raskaste person til å springe på flytandepallar frå kommunekaia til flytebrygga.

16:00 TaSjansen!

Har du ein fantastisk design på lur, eller er det "enklaste ofte det beste"? Dette er uansett sjansen for at du og laget/vennane/vennindene/bedrifta kan ha det skikkelig morsomt under Trebåtfestivalen! Gå inn på "påmelding" her på nettsida for å melde deg på! Kåring av raskaste båt, publikumsfavoritt og fiaskopris.

18:00 Premieutdelingar i festivalteltet

Premieutdelingar for alle konkurransar, samt premiering av flottaste trebåt. TaSjansen: Raskaste båt, Publikumsfavoritt, Fiaskopris Palleløp: Raskaste deltakar (beste av tre løp). Trebåt: Publikumskåring finaste trebåt

19:00 Lukka sponsorarrangement

Vår hovudsponsor Regionavisa vil disponere festivalteltet mellom 19 og 20. Vi vil med dette takke Regionavisa for deira fantastiske innsats for festivalen!

20:00 Klypa Show!

Forrykande show med Palle I Klypa, og Kjell "Kjellen" Bigseth! Førehandsal av billettar.www.billettservice.no / posten kr 200,- + avgift samt salg i døra.

22:00 The Five Beats spelar til dans

The Five Beats såg dagens lys første gong i 1963 og er dermed Sunnmøres eldste aktive band. Dei etablerte seg raskt som ei stigande stjerne på den lokale pop-himmelen. Inspirert av eit aktivt miljø i Ålesund - på den tida omtalt som ”Norges Loverpool” – bestemte Asbjørn, Atle, Roger og Charles (Overå) seg: - No vil også vi starte pop-band ! Shadowsmusikken vart raskt eit av gruppa sine varemerke. Etterkvart kom også fleirstemt sang inn som eit hovedelement. Karane vann eit par regionale talent-konkurransar, og dermed var karrieren allereie i sving. Midt på 60-talet var aktiviteten stor, med opptredenar fjernt og nært. Høgdepunktet i denne første fasen av bandet si historie var utan tvil turneen gjennom Trøndelag og Gudbrandsdalen i 1966, der gutane farta rundt i ein tidstypisk Folkevognbuss fylt til bristapunktet med utstyr, og vart mottekne som heltar kvar dei kom. Hovudgrunnen til at The Five Beats framleis, "after all these years", er eit så vitalt og oppegåande danse-orkester, er musikkgleda og deira spesielle forhold til den "ekte" pop- og rockemusikken frå 60-talet. Sjølvsagt er responsen frå publikum enormt inspirerande! Med The Five Beats på scena er du både sikra å svinge dansefoten og ei glimrande atmosfære! The Five Beats sine jobb-merittar spenner over eit breitt felt. Dei spelar oftast på hotell og på gammalpopklubbar, men gjerne også i bryllaup, danseklubbar, opptreden på NRK i ”Lyden av lørdag” i fjor er også noko karane ser tilbake på med stor glede. Med The Five Beats på scena er kvelden redda, seier ein ivrig gitarist Jogeir Gjerde. The five beats består av Asbjørn Brubakk (vokal), Atle Gjerde (vokal/gitar), Jogeir Gjerde (gitar), Peter Demirov (Tangentar), Lars Olav Ose (Trommer), Roger Røyset (Bass).

Søndag, 17. august

12:00 Temadag på Ishavsmuseet 12.00 - 17.00

Skuter av tre, med mannskap av jern!

12:00 Friluftsgudstjeneste - Borgarøya

Dette er ei fin anledning til å besøke idylliske Borgarøya, enten på turen heim eller som ein flott båttur for lokalbefolkninga. Det vert fleire forskjellige aktivitetar på øya denne dagen, både for vaksne og born. Open kafè! Liturg: Bjørn Losvik Velkomne!

19:00 Funksjonærfesten

Alle som har vore med som funksjonærar under festivalen skal no få si belønning! Alle funksjonærar får itillegg fri adgang til alle våre arrangement! Festivalen er svært avhengig av folk som vil stille opp å gjere ein innsats! Har du lyst å vere med som funksjonær? Ta kontakt med oss!

Vi vil rette ei hjarteleg takk alle som bidreg til å gjere festivalen mogleg!

BIDRAGSYTARAR
Hatløys Målarforretning

Sparebanken Møre

 Boligsenteret

Lenco Gulv og Maling

 Aliance Apotek

Eiken Libris

Intersport Straumane

Nord Helikopter As / 62 grader Nord

GENERALSPONSOR