b0d3b9da8a403e1a17d38757adadd86e.jpg

Festivalen 2009, Norges nest største!

Vi har satsa målretta på å få mest mogleg trebåtar til festivalen i år, og vi kan stolt vise til at vi verkeleg lukkast i år! Heile 83 tre og veteranbåtar var innom festivalen i år! Etter våre opplysningar er vi dermed Norges nest største, etter Risør som i år hadde 116 påmelde. Hamnedagane i Haugesund har 79 og Hardanger har 65! I tillegg til alle dei flotte trebåtane hadde vi også eit program vi er veldig fornøgde med!

Bilder frå festivalen finn du her! 
Alle påmelde båtar finn du her!

Festivalen starta torsdag med festivalopning ved Sildakongen, og med utdeling av SE&Hør/Bjørklunds flaskepost 2009, vidare var det politisk debatt der fylkestoppane frå dei største partia var med. Arnfinn Ingjerd var konfransier. Atle Remøy spelte til dans seinare på kvelden, og alle arrangementa var godt besøkte på tross av at alle herrens sluser var opne denne dagen!

Heldigvis betra veret seg på fredag, dei som hadde stand begynte å få ut utstillingane og varene sine, vi hadde Sildakongen, Hagekunst, Brukskunst, Øyelaser, Brukt båtutstyr, skipsratt, tre ulike kystlag, Nybakks venner,kortreist mat, grillmat og Redningselskapet med standar på området. Sist nemde hadde også med Eliasbåten, og Emmy Dyvi hadde demonstrasjon av Redningsøvelse på havna.  Redningskøyta RS 14 Stavanger og Emmy Dyvi hadde open båt, og frammøtte kunne sjå kontrasten mellom ei av dei eldste og ei av dei nyaste redningskøytene.

Streetparaden samla mykje folk i sentrum, og vart avslutta i festivalleltet med både jazz og blueskonsert.

Blues blei det også vidare utover kvelden, når "wood boat blues" braka laust, med banda Woodleg Odd, Sunnmøre Bårelag, GasPilot, Bob Barker Blues Band, R.T. Stewing og Good feel.

Laurdag

Søndag

Program

15:00 Messeområdet opnar

Stort utandørs messeområde med mellom anna Sildakongen, fleire kystlag, auksjon av brukt båtutstyr,tradisjonell mat og drikke, skipsratt, og mykje mykje meir!

18:00 Opningsarrangement

Opning av festivalen på utescena i Blåhuspassasjen.

19:30 Politisk debatt

Politisk debatt i festivalteltet, med fylkestoppane frå dei fleste parti. Debattleiar Arnfinn Ingjerd. Fri entrè!

21:00 Quiz på KaffiKari

Pub quiz med maritimt preg, på KaffiKari. Fri entrè!

22:30 Atle Remøy spelar til dans

Den godkjende trubadur og fiskeskipperen spelar til dans i teltet. Både eigne låtar og låtar av spesialteten Elvis.

Fredag, 14. august

10:00 Messeområdet opnar

Stort utandørs messeområde med mellom anna Sildakongen, fleire kystlag, auksjon av brukt båtutstyr,tradisjonell mat og drikke, skipsratt, og mykje mykje meir!

16:00 Elias båten - Redningselskapet

Den populære Eliasbåten ligg klar til at alle born kan kome å prøvekøyre den ved Kommunekaia.

18:00 Streetparade

Streetparade, med musikarar, dansarar og veteranbilar, frå Kulturalmenningen, via Bjørndalvegen til festivalteltet.

19:00 Wood Boat Blues teaser konsert i teltet

Få ein smakebit frå kveldens bluesprogram når streetparaden kjem fram til teltet.

19:00 Open båt redningskøyta

Redningskøyta Emmy Dyvi ligg ved kommunekaia, og ynskjer folk velkomne ombord. Skøyta ligg også saman med veteranskøytene G. Unger Vetlesen, Olav Ringdal Jr, og Stavanger.

19:30 Gammeldansklubben Troll

Gammeldansklubben Troll fra Åmdalen på Blåhuset og utescena.

20:00 Wood Boat Blues

Blues i festivalteltet, med Woodleg Odd, Sunnmøre Bårelag, GasPilot, og Bob Barkers Blues Band, samt nokre gode overaskingar! Inngang kr 200,- Billettar på www.billettservice.no kl. 20.00 Gitar Special Superset Tor Helge Lillebø GoodFeel Bentzen/Klevbverg Band m/Sølve Styve Sæbø R.T.Stewing kl.22.00 BobBarkerBluesBand SunnmøreBaarelag kl. 23.00 Woodleg Odd kl.00.30 Gaspilot kl.01.30 Jamsession

20:30 Frisk Bris konsert på utescena

Vokalgruppa Frisk Bris fra Ålesund består av 12 sangglade damer i alderen 25 til 50 år. Gruppen møtes normalt 2 ganger i måneden, og oftere i perioder før opptredener og under forberedelser til spesielle prosjekter. Utescena ved Blåhuset, fri entrè!

21:00 Skippermøte

Vi inviterar to personar frå kvar båt til til ei samling på KaffiKari. Her blir det presentasjon av alle båtane, informasjon om festivalen, og forfriskingar!

22:30 Uteliv

Trubadur Siggen spelar på KaffeBaren - www.kaffe-baren.com, discotek på Skibet.

Lørdag, 15. august

10:00 Messeområdet opnar

Stort utandørs messeområde med mellom anna Sildakongen, fleire kystlag, auksjon av brukt båtutstyr,tradisjonell mat og drikke, skipsratt, og mykje mykje meir!

10:00 Gratis REMA1000 frokost

Festivalen i sammarbeid med Rema1000 spanderar frokost på alle i festivalteltet!

12:00 Folkets sildabord

Sildakongen gjev gratis smaksprøver i frå sitt store sortiment av sild og sildasnop til alle besøkande på trebåtfestivalens og Sildakongens utandørs sildabord! Her vil det bugne av delikatesser frå havet. Kom å få ein smakebit av kveldens Grande Royale Sildabord. Frå 12:00 til 18:00

13:00 Kaptein Blåtann kjem i land

sjørøvarskuta med Kaptein Blåtann og mannskap kjem i land ved Kommunekaia på Geileneset.

13:30 Sjørøvarshow med Kaptein Blåtann

Stort Sjørøvarshow på utescena i Blåhuspassasjen! Gratis pølser, Kaptein Blåtann brus og is til borna etter sjørøvarshowet! Blåtann har for anledninga fått laga flotte T-Skjorter som er tilsalgs! Vi oppfordrar alle til å stille i sjørøvarkostyme!

16:00 TaSjansen!

Vi gjentek suksessen frå i fjor, som trekte 3000 publikumarar og 20 ulike farkostar. Her er det om å gjere å nå først ut til bjella med heimelaga farkost. Påmelding her på websida. Flotte premiar!

16:00 Palleløp

Raskaste person til å springe over pallar som er samaknytte å ligg i sjøen. Her er det ikkje påmelding, berre møt opp ved "Ta Sjansen" rampen. Deltakarar må vere symjedyktige, ha redningsvest. Deltaging på eige ansvar, piggsko er ikkje tillate.

19:00 Lukka sponsorarrangement i teltet

Vår generalsponsor Regionavisa disponerar festivalteltet.

19:30 Sildakongens Grand Royale Sildabord

Sildakongen Arvid Otto Sildenskiold Mørch og Trebåtfestivalen i Ulsteinvik har herved den glede at invitere Dem med følge til Sildakongejazz med Sildakongens Grande Royale Sildabord i festivalteltet lørdag 15.august fra klokken 19:30. Det blir servert en Sildakongens Grand Royale Sild og Sjøsnopsbuffèt bestående av det ypperste av Sild og Sjøsnop fra Sildakongens Landskjente Spiskammers. Her blir Silden og Sjøsnopet servert på en måte som får livslysten til å stige til ekstra innsats i "Sumarnatta". Sildakongen vil være til stedes under hele Silda og Sjøsnopsfesten og vil i sin Underholdningsbolk fortelle lystige Soger frå Sjø og Land samt servere verbale Delikatesser til oppmuntring for Sjel og Sinn. Intermesso Duo vil underholde med flotte gladjazz toner under arrangementet. Intermesso duo er Kurt Sagen på gitar og Lars Petter Vågnes på trompet og flygelhorn. Repertoaret består av kjente låter fra jazzens gullalder framført på deres egen måte. Passende drikke i alle Former blir servert. Silden er for Ganen som Hønen er for Hanen. Velkommen. Billetter er lagt ut på www.billettservice.no Billettpriser: Grande Royale Sildabord kr 250,- Samlebillett med Grande Royale Sildabord, og entrè på dans med Scottys Dreamteam kr 350,-

19:30 Intermesso duo

Intermesso duo, med Kurt Sagen på gitar/banjo og Lars Petter Vågnes på trompet og flygelhorn, spelar i teltet under Sildakongens Grande Royale Sildabord Billettar på www.billettservice.no

22:30 Scottys dreamteam spelar til dans

Den som kjenner Scottys Dreamteam veit at når dei spelar til dans er ein sikra ein strålande kveld! Inngang kr 180,- Billettar på www.billettservice.no. Kjøp gjerne samlebillett saman med Sildakongens Grande Royale Sildabord. (Kr 350,-)

22:30 Uteliv

Trubadur Siggen spelar på KaffeBaren - www.kaffe-baren.com, Discotek på Skibet 23 års grense - www.skibetpub.no, Discotek på Decibel 18 års grense.

Søndag, 16. august

12:00 Friluftsgudstjeneste på Borgarøya

Ei fin avsluttning på festivalen på idylliske Borgarøya, 15 minutt båttur frå Ulsteinvik.

19:30 Funksjonærfesten

Fest for alle funksjonærane som har hjelpt til på festivalen, på Quality Ulstein Hotel.

BIDRAGSYTARAR

Hatløys Målarforretning

Norsk Stål

Handverksbygg

Nordea Ulstein

Ulstein Betongindustri

Norteknikk

North West Management

KaffiKari

Hatløy Catering

HV Lyd

Tilbakemelding frå ein besøkande:

"Trebåtfestivalen i Ulsteinvik var en meget hyggelig affære for meg og min familie. Mange bra arrangement som enten var rimelige eller var gratis for hele familien. Ta f.eks Ta Sjansen og Kaptein Blåtann. Der både kjerringa og barna for engangskyld var i strålende humør på båttur. På toppen av det hele, så var det gratis kaiplass og gratis strøm til alle. Den gratis internettlinja falt også i smak av tenåringen ombord. STÅ PÅ Trebåtfestivalen!
Jeg sier det! Ålesund Båtfestival har mye å lære!
Følte meg skikkelig mindreverdig også når jeg kom med min, til nå, stolte Saga 25 til Ålesund. Her var det tydeligvis flybrigde-folket som rådet. Sørg for å la vi vanlige dødelige få råd til å reise på festival uten at vi dør av et forferdelig kommersielt mas."
- Saga 250.000 www.smp.no -

GENERALSPONSOR