framsidebilde.jpg

Festivalen 2011

Den 6. Trebaatfestivalen vart den største til no, om vi ser på antallet utstillarar og aktiviteten på festivalområdet. Arbeidet med å reindyrke festivalen er kome langt, men det er fortsett ein vei å gå for å få reindyrka festivalen endå meir mot trebåtar og kystkultur. Festivalen hadde 71 påmelde båtar og ca 50 utstillarar. Sammarbeidet med kystlaga vart endå betre i år!

Første båt påmeld til festivalen 2011 vart M/K Lysglimt frå Valderøya. Denne båten har vel mange lagt merke til, der den ligg ved hurtigbåtkaia på Valderøya på vei til Vigra Flyplass. Generalsponsor var Regionavisa og hovudsponsorar var Island Offshore, Kleven Maritime og Sparebank1 Søre Sunnmøre. Coop Mega var offiiell leverandør av mat og drikke, og Ørsta Marina Systems, leverandør av flytebrygger. Totalt hadde vi 24 sponsorar og 28 bidragsytarar.

Veret var typisk Trebaatfestival ver, stort sett opphaldsver, mykje sol, og ei og anna regnbyge.

Kystlaga i området var sterkt representert, under leiing av Tove frå Bjørkedal Kystlag og Svein frå Hornelen Kystlag. Saman med Bondensmarked laga dei eit flott miljø nede på Geileneset. Dette er noko vi håpar skal byggast opp til å bli endå betre i åra som kjem.

Festivalen starta Torsdag med Politisk Debatt og bandet Merkesteinane, fredag var det "festival i festivalen" Wood Boat Blues i teltet med banda Bokkereidars Bluesband, Sunnmøre Baarelag, Kind Of Blues, og GasPilot. På utescena underheldt Ulstein Mannskor, Ulstein Trekkspelklubb, Seniordans og Mr.Librado. Musikklaget ULF og HDU masjerte i gatene og heldt konsert i teltet.

Laurdagen starta med Gratis Coop Mega Frokost i teltet, underhaldning på scena med korps og trekkspelmusikk, Kaptein Blåtann show var som vanleg ei stor suksess, tett etterfylgt av Admiral P som var den store attraksjonen på utescena for ungdomen.

I havna trekte Trebaatleikane omlag 3000 tilskodarar, Rory Williams vann første premien, ein iPad frå Ulstein IT Partner.

Banana Airlines var stor attraksjonen i teltet på laurdagskvelden og trekte nærare 400 publikumarar. Vi kan melde om ei gigantisk stemning i teltet! Kvelden vart avslutta med Scottys Dreamteam, som er ein sikker vinnar på slike ting. Festivalteltet var smekkfullt!

På søndagen hadde vi den tradisjonelle Friluftsgudstjenesta på Borgarøya, med nærare 100 frammøtte. Ulstein Sykkelklubb arrangerte også sykkeløp. Hødd hadde heime kamp denne søndagen, og laga dermed ei flott avsluttning på festivalen.

Søndag kveld var 37 stolte og slitne festivalfunksjonærar samla til fest på Quality Ulstein Hotel, Karsten Heimland vann sykkelen frå Intersport. Totalt hadde vi nærare 50 frivillige som jobba for festivalen, og desse gjorde ein kjempe innsats for at alt skulle gå som smurt!

Bilder frå festivalen finn du her!

Trykk her for å laste ned festivalavisa!

Påmelde Båtar i 2011

Lysglimt

Morild

Olav Ringdal Jr

Laila

Guttormsen Senior

Nybakk

Stella

Thorolf

Tøffe

Off Course

Eldøy

Troll

Nordlys

Guffen

Walter Aas

Shanty

Samaritan

Tøffe

Bjarka

Selina

Jumapili

Skallagrim

Panto

Stero

Svanhild

Terje Wigen

Almar Seemann

Hatlenes

Perla Oline

Hindholmen

Sonnyboy

Aurora

Minni

Rough Neck

Kristin

Løvik

Shanty

Skoghaug

Fortuna

Tod Martin

Mercator

Shang Ri La

Thomas Fernley

Fausken

Sankt Torunn

Knurren

Parat III

Fruholmen

Von

Bas

Safir

Norlys

Havlyd

Charlotte

Anna Olava

Belladonna

Snekke

Skarven

Farmann

Svanen

Penelope

Ullaholm

Lasarus

Helena

Havblomst

Charming Ruth

Victoria 2

Eline

Emla

Sørtrål

Wilma

GENERALSPONSOR