framsidebilde_2012.jpg

Festivalen 2012

Den 7. Trebaatfestivalen kan oppsummerast til at rolla som den største folkefesten i regionen er plassert, og at publikum likar det dei får servert! Mykje folk på alle arrangement, veret holdt seg rimelig bra, med unntak av tidenes regnbyger laurdag kveld.

Det var eit svært rikhaldig program som starta torsdag med Tankens Kraft foredrag medMikael Andersson, vidare vart kabareten "Fra Gøple til Gucci" sett opp i Hovudteltet om kvelden. Fredagen var det Wood Boat Blues, med Red Roosters Bluesband, Ståle Dimmen & Blå mixture, og sist men slett ikkje minst Frank Bjørdal and his Blues Revue! Hovudartisten laurdag, var Bjelleklang, tett fylgt av Scottys Dreamteam som avslutta kvelden.

Kaptein Blåtann kom som vanlig på besøk, og dette året feira han bryllup, til stor begeistring for både born og vaksne. Copp Mega serverte gratis MEGA frokost til alle i festivalteltet. Trebaatleikane gjekk av stabalen, med nyinnkjøpte oppblåsbare hinder Det var mange forskjellige underhaldningsinnslag både på Blåhusscena og på Geileneset.

Vi hadde rundt 60 besøkande båtar, i alle størrelsar og typar. Kystmarknaden hadde godt innhald og var godt besøkt.

Trebaatfestivalen 2012 hadde følgende Sponsorer:

Generalsponsor: Regionavisa

Hovudsponsorar: Sparebank1 Søre Sunnmøre, Kleven, Island Offshore

Sponsorar: Mare Safety, Coop Mega, Ørsta Marina Systems, Ulstein Kommune, Norhus, Rolls royce, Tussa, Ulsmo, Handverksbygg, Bjørklund, Elcontact, Jets Vaccum, KOngsberg Evotec, Nordea, Ørsta Bil, Ulstein verft, Via Travel, Hatløys Målarforretning, ABB, Sparebanken Møre, KR Elektro, beslag og Ventilasjon, Medi3, Saltek, Notar, Boindustri, Ringo, Overvåg, Waage, Westcoat, Ulstein Garn og Broderi, Elle Bouetique, Ringstad Blomster.

GENERALSPONSOR