framsidebildett.jpg

Festivalen 2015 - 10 års jubileum

Trebaatfestivalen 2015 var 10 års jubileumet til festivalen! Det var strålande ver heilt frå torsdag og til langt ut på laurdagen, utrulig nok etter ein kald og våt sommar. TaSjansen vart ein suksess denne gongen også!

ONSDAG 12. august

19.00 – SAMUEL MASSIE, skreiv testament som 18-åring. Under Trebaatfestivalen vil Samuel Massie fortelle si historie, - om ungguten som sleit på skulen, skulka meir enn han var til stades som 16-åring, og som havna i trøbbel med politiet. Som 18-åring sto Samuel Massie til rors på «Berserk» med kurs for Sydpolen. Testamentet var skrive. Kort tid seinare forsvann tre av kameratane då skuta gjekk ned, og dei er framleis ikkje funne. Då vart livet til Samuel snudd opp-ned, nok ein gong!

Kjøp billettar på: www.sjoborg.no

TORSDAG 13. august

10-20 KYSTMARKNAD

16-01 FESTIVALPUB i teltet (skjenking ute til kl. 24.00)

16.00 TIVOLI ved Rolls Royce

18.00 POLITISK DEBATT i teltet

21.00 HILDEGUNN OG LEIF-PER, show i teltet

Les intervju og kjøp billettar på: www.sjoborg.no

FREDAG 14. august

10-20 KYSTMARKNAD

13.00 TIVOLI ved Rolls Royce

14-18 OPE FOTOARKIV HOS JOHAN OTTESEN

På garden mellom Rolls-Royce og Ulstein Verft

15-02 FESTIVALPUB i teltet (skjenking ute til kl. 24.00)

15.30 TRYLLING MED TITO MAGIC

på scena i Blåhuspassasjen

16.00 FUNBALLZ ved KaffiKari

16.00 BARNAS DISNEY-FAVORITTER

på og rundt Blåhuset

16-21 FESTIVALSTEMNING

i teltet med DJ Ove Thorsrud

16.30 BRASILIANSKE DANSARAR

17.30 GRATIS KONSERT MED IDOLFINALIST

JØRN TROLLEBØ KVALHEIM,

på scena i Blåhuspassasjen

19.00 SKIPPER OG TRUBADUR

ATLE REMØY spelar på kaia

ved hotellet

20.00 SKIPPERMØTE

Quality Hotel Ulstein

21.00 REUNION OG DANS

MED «CHARLIE»

i teltet. Kjøp bill. på: www.sjoborg.no

LAURDAG 15. august

10-20 KYSTMARKNAD

10.00 GRATIS FRUKOST

frå Kiwi i festivalteltet,

11.00 TIVOLI ved Rolls Royce

11.00 VENNEBYEN kjem til

Amfi Ulsteinvik

12.00 SJØSETTING AV B373

VED KLEVEN VERFT

Den lengste båten som nokon gong

er bygd ved Kleven

12-18 OPE FOTOARKIV

HOS JOHAN OTTESEN

På garden mellom Rolls-Royce

og Ulstein Verft

13.00 FUNBALLZ ved KaffiKari

13.00 KAPTEIN BLÅTANN

går i land ved Sjøborg

13.30 BLÅTANN- SHOW

i Blåhuspassasjen

14.00 SKIPPER OG TRUBADUR

ATLE REMØY

spelar på kaia ved hotellet

14.00 AUKSJON av maritime

gjenstandar ved hotellet

15.30 TA SJANSEN ved hotellet. Meld på din farkost i

dag. Info og påmelding: www.trebaatfestivalen.no.

15-02 FESTIVALPUB i teltet (skjenking ute til kl. 24.00)

15-19 FESTIVALSTEMNING i teltet

med DJ Ove Thorsrud

20.00 TRE BUSSERULLS i teltet.

Kjøp bill. på: www.sjoborg.no

22.30 BOKKEREIDARS

BLUESBAND & SIDE BROK

i teltet. Kjøp bill. på: www.sjoborg.no

SØNDAG 16. august

13.00 TIVOLI ved Rolls Royce

12.00 FRILUFTSGUDSTENESTE på Borgarøya

12-16 OPE FOTOARKIV

HOS JOHAN OTTESEN

På garden mellom Rolls-Royce

og Ulstein Verft

18.00 FOTBALLKAMP, HØDD - Levanger

2a0c3a7fe852622544ef27321ae8a53b.jpg

"Charlie" klar for gjenforeining på Trebaatfestivalen

Dansebandet skal spele både med orginalbesetning og den klassiske besetninga frå -80 og -90 talet!

Det er klart for historisk gjenforening når poprock dansebandet «Charlie» frå Ulsteinvik går på scena under Trebaatfestivalen i august.

Det blir heller ingen hol i den historiske forteljinga om bandet; - både den originale besetninga frå ‘85, og med det som etterkvart blei den klassiske besetninga frå glansdagane på 80- og 90-talet stiller på scena.

– Sjølv om vi er opptekne på alle kantar, så har vi greidd å samle troppane til ei mektig gjenfor-
ening under Trebaatfestivalen, fortel primus motor og gitarist Herman Klungsøyr i «Charlie»

«Charlie» var eit danseband som var kjende for å vere svært oppdatert på alle dei gode pop- og rockelåtane som gjaldt på den tida. Til dømes artistar som Prince, Madonna, Eurythmics, Chaka Khan, Roxette, Toto, Duran Duran, Tina Turner og Bryan Adams spelte bandet uten å stusse.

Same kjemien

– Det er kjekt å spele med bandet og musikarane igjen. Vi har det kjekt på øving og føler vi er i rute med det som skal skje om nokre månader, fortel han.

Nokre ting har heller ikkje forandra seg med åra, ifølgje gitaristen.

– Vi har framleis den same kjemien. Det er kjekt å sjå at når vi tek opp tråden igjen no etter nokre år, så sit framleis mange av låtane som eit skudd.

Det blir ikkje småtteri når no «Charlie» skal gjenforenast. Eit ti-tals musikarar med både tidlegare lokale medlemmar og medlemmar frå heile Sunnmøre skal på scena denne kvelden.

– Vi skal ha heile fire vokalistar, i tillegg til alle dei dyktige musikarane som har vore med i bandet gjennom 30 år, fortel Klungsøyr, gitaristen som var med å starta bandet for 30 år sidan.

Det er jubileum i fleng no når «Charlie» har bestemt seg for å spele igjen.

– Vi fann ut at dette var eit ypperleg høve når no Trebaatfestivalen har den tiande festivalen, «Charlie» feirer 30 år og eg sjølv attpåtil fyller 50 år i år, fortel Herman med eit smil.

På toppen av det heile så har vi i år fått eit heilt nytt sentrum i Ulsteinvik. – Det er all grunn til å feire alt saman, slår han fast.

Original

Originalbesetninga var samansett av lokale heltar som Herman Klungsøyr, Tore Roppen, Kjell Ottar Flaate, Ragnar Øvrebøe, Ronny Håndlykken, Tina og Merete Brandal. Denne besetninga varde eit par-tre år, til nokre litt etter litt slutta. Bandet bestemte seg for å få inn nye musikarar og det var då det, ifølgje Herman, tok av.

Inn kom ørstingane Torgeir Lødemel, Per Arne «Pia» Hovden og etterkvart vokalist Anita Walderhaug. I ei periode var Harald Frostad med, og siste åra var det Hilde Trondsen som trakterte vokalen i «Charlie».

Felles for desse, er at alle skal på scena med «Charlie» under Trebaatfestivalen i august.

– Med tanke på all logistikken for å samle alle desse personane til øving, er dette meir som ei bragd å rekne, innrømmer Herman.

Mykje reising

«Charlie» var svært aktive ei stund. Dei varma opp for nasjonale band, og spelte til dans rundt om på Vestlandet i mange år.

– Vi spelte på svært mange danselokale rundt omkring, og vi var som profesjonelle musikarar å rekne med mange reisedøgn på vegen. Meir lokalt hadde vi faktisk fast spelejobb på «Gurskendans», 16. mai, - 11 år på rad! fortel han engasjert.

– Det var ei artig tid, mimrer han. Men ja, reising, jobb og familie gjorde at vi på eit tidspunkt måtte leggje til sides bandet og prioritere annleis, fortel han.

Eit scoop!

Blir det suksess under Trebaatfestivalen, så er ikkje Klungsøyr framand for å halde fram med «Charlie» vidare.

– Ja, det hadde vore kjekt, men det avgrensar seg nok veldig. Det blir mest moro og ved spesielle høve.

– Vi kan i alle fall love ein heidundrande kveld under Trebaatfestivalen, og gler oss veldig heile gjengen, seier Herman Klungsøyr, gitarist i «Charlie».

Arrangørane i Trebaatfestivalen er mektig stolte over å fått «Charlie» gjenforent under festivalen.

– Her er eit band som har sterke røter til Ulsteinvik, og spelar
kvalitetsmusikk til eit vakse publikum. Dette er heilt i tråd med det vi ynskjer å tilby publikum under Trebaatfestivalen, fortel Tom Henrik Muggerud, presseansvarleg i Trebaatfestivalen.

56a1500d2a2f89f5f8400dbd6fb9939f.jpg

"Ta Sjansen" igjen klart for Trebaatfestivalen

«Ta Sjansen» er tilbake under Trebaatfestivalen i Ulsteinvik i august, og arrangørane oppfordrar flest mogleg til å melde seg på og lage seg kreative farkostar.

I samband med festivalen sitt 10-års jubileum, har arrangørane bestemt at dei vil satse på familiearrangementet «Ta Sjansen» igjen!

– Ja, vi kan no endelig gå ut å lansere «Ta Sjansen», etter å ha planlagt det sidan lenge før jul, fortel Bård Emil Ødegård i Trebaatfestivalen.

For dei som hugsar «Ta Sjansen» i 2009, så er det eit gratis familieshow der ein får deltakarane til å bygge heimelaga farkostar, for då å sette utfor ein rampe i sjøen og på tidtaking skal nå ei målbøye ute i sjøen. I eit nydeleg vêr samla arrangementet over tre tusen menneske i hamnebassenget i Ulsteinvik.

– Det var heilt sprøtt, seier Bård Emil, vi hadde aldri trudd det skulle kome så mykje folk. Men sånn er det vel med sunnmøringar og gratis-arrangement, smiler han lurt. – Utan å stusse, så kan eg seie at dette er Trebaatfestivalen sin største suksess gjennom tidene.

Passar rampa

I følgje Bård Emil Ødegård i Trebaatfestivalen, kan ein sjølvsagt lage mange rare farkostar, men det er også nokre enkle krav til breidde på båten, slik at den faktisk passar på rampa. Dette er rett nok berre små detaljar, fortel arrangøren.

Sist då hadde vi ei teikning på eit heilt greitt båtdesign, lagt inn på nettsida vår, slik at folk kunne sjå korleis det i all enkelheit kan gjerast. Dette kjem til å bli lagt ut på nettsida fortløpande no også, fortel Bård Emil.

– Det er altså fullt mogleg å få til artige båtar for oss som bur i ein kommune som aular av skips-design, smiler han.

Rask farkost

– Enten har du laga ein rask farkost, eller så sym deltakarane fort, seier Ødegård som legg til at viktigaste er at det blir action og god underhaldning.

– Mange tykkjer også det er gøy å lage ein båt med symbolikk eller som ein figur og logo, enten det er frå firmaet ein jobbar i, klubben ein er medlem av, eller kanskje ei skuleklasse har bygd seg ein farkost dei kan kjenne seg att i, fortel Bård Emil Ødegård, som er ein av dei som var med å starte opp Trebaatfestivalen i si tid.

– Vi skal i år også ha premiar for både raskaste båt, juryprisen og fiaskoprisen, så her har alle ein sjanse til å få seg ein premie, fortel han entusiastisk.

«Ta Sjansen» går av stabelen på dagtid, laurdag under Trebaatfestivalen, og mykje publikum er venta.

Samarbeid

Det er også mange ting som skal klaffe når «Ta Sjansen» går av stabelen. Difor har festivalarrangørane jobba lenge med hjelp utanfrå, for å få ei god gjennomføring av «Ta Sjansen».

Trebaatfestivalen har i år vore så heldig å få med Ulstein Betongindustri som samarbeidspartner til bygging og konstruering av rampen som skal gå ut i sjøen.

– Dette set vi stor pris på. Vi har også hatt god dialog med
kommune og utbyggjarar på Sjøsida, og alt skal no vere i orden for å arrangere «Ta Sjansen» nok ein gong, seier Ødegård.

Denne gongen skal «Ta Sjansen» vere inni bukta mellom Sjøsida og hotellet, og arrangørane i Trebaatfestivalen har stor tru på at dette blir ei god plassering.

Påmelding av «Ta Sjansen» kan du gjere på mail: post@trebaatfestivalen.no eller som ei melding på Trebaatfestivalen si facebookside.

54d90d3103bd427d1416f6655aab2cd3.jpg

Samuel Massie fra "Berserk"

Som 18-åring sto Samuel Massie til rors på «Berserk» med kurs for Sydpolen. Testamentet var skrevet. Kort tid senere forsvant tre av kameratene da skuta gikk ned, og er fortsatt ikke funnet. Da ble livet til Samuel snudd opp-ned, nok en gang!

Under Trebaatfestivalen vil Samuel Messie fortelle sin historie, - om unggutten som slet på skolen, skulket mer enn han var til stede som 16-åring, og som havnet i trøbbel med politiet.

Historien om den dyslektiske unge bergenseren som var i ferd med å skli ut, ble annerledes da den fortvilte moren gikk bak ryggen hans og søkte han inn på friluftslinjen på en folkehøgskole i Nord-Norge. Gutten som gikk i saggebukse og hettegenser hadde knapt hatt annet enn asfalt under skoene, men i morens søknad var han beskrevet som en ung lystig gutt, som elsket naturen og som trivdes best under åpen himmel.

Der traff han læreren Jarle Andhøy, som ble hans nye ledestjerne.

Det første vendepunktet i livet til Samuel Massie kom på folkehøgskolen; da han skulle sove ute i telt vinterstid. Det hadde han aldri gjort før. Han hadde aldri gjort opp ild med vedkubber ute i naturen på egen hånd. Og han fikk føle hvordan det var å gå tre timer på beina i løs snø og 15 minusgrader, i dongeribukse og uten gamasjer…

Det neste dramatiske vendepunktet i Samuels unge liv skjedde et par år senere. Jarle Andhøy og Samuel hadde forlatt skuta og var på veg over ismassivet til Sydpol-punktet på ATV, mens resten av mannskapet – tre kamerater, ventet i skuta «Berserk».

Underveis til polpunktet ble nødpeilesenderen på «Berserk» utløst, og de to returnerte. Tilbake ved iskanten fant de ikke «Berserk» eller mannskapet. Det eneste letemannskaper har funnet av betydning, er en tom redningsfåte.

Skrev bok

I år fyller Samuel Massie 23 år, og det som var en ung rebell med lese- og skrivevansker, har skrevet bok om sitt raske liv. «Hold fast» er Samuel sin egen historie om hvordan han gjenvant troen på seg selv og eget liv. Budskapet hans er enkelt: Kan jeg få det til, så kan alle.

Det er med utgangspunkt i sin egen bok at Samuel Massie forteller om hvor lett barn og unge blir gitt opp og ikke får en ny sjanse i livet. Og i dette foredraget forteller Samuel Massie om hvordan nye omgivelser og utfordringer sakte men sikkert endret hele hans innstilling til livet.

Dette er en historie om hvordan en dyslektiker uten norskkarakterer kunne ende opp med å skrive bok. Samuels historie inspirerer til aldri å gi opp menneskene rundt oss.

Billetter er lagt ut og kan kjøpes på www.sjoborg.no

Tid: 12. august

1e3d33e7bb503f9fa3ff5d19985ffb9e.jpg

Busserulls - Norges eldste boyband!

‹I høve 10 års jubileet vert det ei reprise av eit av dei beste innslaga gjennom dei 10 åra. Legendariske Busserulls kjem for å halde show laurdagskvelden i teltet!

– Det var fantastisk førre gang vi var med på Trebaafestivalen. Folket var heilt med under showet – dei lo og hadde det gøy, og for oss alle var det ei kjempeoppleving, seier Gunnar Andersen, eit av tre medlem i visesongtrioen 3 Busserulls, også kjend som Busserulls.

– Når vi kjem på scena i Ulsteinvik i august, skal publikum få oppleve musikalsk underhaldning, med ei blanding av moderne stand-up og bygdarevy. Det vert sjølvsagt allsong når vi dreg i gong kjende refreng. Og skulle det dukke opp nokre medlem frå Busserull sin fanklubben «Mamelukkene», som er damer i tunikaalderen, set vi gjerne igjen ein autograf! Det er berre å ta på seg dei flottaste mamelukkane de har, oppmodar han den kvinnelege delen av pulikum til Trebaatfestivalen.

3 Busserulls er ein visesongtrio med Gunnar Andersen, Jostein Hveding og Kurt Johansen, alle frå revymiljøet i Nord-Rogaland. Gruppa starta allereie i 1962, og har gjennom åra skifta medlem fleire gonger. Dei har ikkje vore like aktive kvart år, men har gitt ut ei rekkje album, med kjende slagerar som «Øl, øl og mere øl», «Plommer i Hardanger», «Honolulu» og «16 da’r på plattform». Sistnemnde seier litt ekstra om trioen – som har følgt kystkulturen i alle år, og har eit maritimt preg på mykje av innhaldet i showet sitt. Dei har mellom anna bak seg minst 200 konsertar på olje-plattformar. Men no skal dei altså til Trebaatfestivalen, og det gler dei seg til.

– Vi vil i alle fall by på vårt politisk ukorrekte univers når vi kjem til Ulsteinvik, og også bøttevis av sjølvironi. Vi kallar oss forresten Noregs eldste boyband, for veit du kva, til eldre vi blir, til mindre sjølvhøgtidlege blir vi. Og forresten - førre gang regna det når vi var i Ulsteinvik, i år satsar vi på sol!

Tid: 15. august

Stad: Ulsteinvik

e78654c040b6e9818acce00aa6110330.jpg

Tusen takk for besøket!

Vi vil gjerne rette ei hjerteleg tusen takk til alle som var med på å gjere 10 års jubileums festivalen til ein stor suksess og ein folkefest av dimensjonar! Dette hadde ikkje vore mogleg utan båteigarar, utstillarar, publikum, lokalbefolkning, frivillige, sponsorar, kommune, næringsdrivande i sentrum, media, med-arrangørar, vergudane, festivalkomite og nære støttespelarar! Alle arrangement var veldig godt besøkt og det myldra av liv i Ulsteinvik 12-16 august!
Velkomne attende!

GENERALSPONSOR