Nettstaden er utvikla
av Knutsen Info

Trebaatfestivalen 5 år!

Lagt inn 19.03.2010 av Karl Johan Barstad

Trebaatfestivalen i Ulsteinvik er 5 år! Det er rett nok ingen grunn til å kvile på lauvbæra. Festivalkomitèen er i full gong med å førebuingane til årets festival som i år er 19. - 22. august.

At 5 års jubileumet skal feirast er det ingen tvil om.  Detaljane rundt jubileumet er enno ikkje klart, men ekstra markering skal det bli, kan arrangørane love.

Det er ingen tvil om at karane i Ullaholm Båtklubb som er arrangør, er veldig stolte av det dei har greidd å få til desse åra. Målet var å doble seg kvart år i 5 år, og det kan ein trygt seie at det har blitt gjort. 

- Vi har no blitt Noregs nest største trebåtfestival, og vi har stor grunn til å være nøgde med det vi har fått til, seier Tom Henrik Muggerud, presseansvarlig i Trebaatfestivalen.

- Frå å være ein liten festival med nokre få snekker og trebåtar i hamna første året, til i fjor å sjå 80 flotte trebåtar kome sigande inn fjorden for å ta del i festivalen i 2009, fortel at vi har fått eit godt fotfeste hos trebåtfolket på Vestlandet, seier han.

- Vi er også stolte over å ha blitt den største folkefesten i Ulsteinvik, og berre det hadde vi vel aldri trudd for fem år sidan, seier Muggerud. 

- Vår største konkurrent er rett nok vår sjølve. Vi ynskjer alltid å være større og betre enn kva vi har utretta til no, og dette er ein av våre største målsettingar når vi no planlegg årets festival, utdjupar pressesjefen.

Trebaatfestivalen i Ulsteinvik blei starta i 2006, som den einaste festivalen i Ulsteinvik. Arrangøren Ullaholm Båtklubb, som eig den 75 år gamle svenskeskøyta Ullaholm, trengde ein måte å få inntekter til drifta og restaureringa av Ullaholm. Karane har brukt tusenvis av arbeidstimar på restaureringa, parallelt med at dei har planlagd og jobba med trebåtfestival. 

- Trebaatfestivalen blir driven på dugnad, og akkurat det bidreg til at vi har hatt overskudd alle åra vi har drive på.  Men å bli større festival kostar, kan pressesjefen erfare. Dei næraste åra vil nok kreve enda meir av oss av hensyn til kostnadar, kvalitetsikring av arrangement og sikre sponsorinntekter til festivalen. Vi har heldigvis god stemning for festivalen, både internt i klubben og blant samarbeidspartnarane våre.
 - Vi ser ingen skjer i sjøen forut, avsluttar presseansvarlig Tom Henrik Muggerud, som ser fram til å feire 5 år med  trebåtfestival i Ulsteinvik.

Planlegginga av festivalen 2010 er i full gang, og vi kan alt no røpe ein av "Headlinerane" på festivalen! Vi har kvart år hatt eit programinnslag med litt "snert" over, for å løyse opp stemninga og trimme lattermusklane. I år har vi booka "3 Busserulls" som i tillegg til å vere kjende for å levere eit utruleg artig show, også har mange av sine tekstar henta frå det maritime! Så dette skulle passe bra! Gled dokke!

Opplev en politisk ukorrekt aften!

30 år siden er det siden Lasse Pedersen sluttet i 3 Busserulls og Gunnar Andersen
begynte! Og når de i revyen møtes i første nummer i et krampeaktig forsøk på å virke
unge og kjekke er det galskapen begynner.
3 Busserulls er kultur! Et kulturfenomen utsprunget fra bygdemiljø og vekkelsesmøter.
Fra sjømannstradisjon til oljeplattform.
Deres sanger og historie er den norske kystversjonen av romanen Populærmusikk fra
Vittula! Humor og ramsalt samtidskommentar, om det handler om kystkultur eller
dobbeltmoral.
Politisk korrekt har de aldri vært, og her får du alt fra vakre ballader til «jodling om
horer og negrar og øl og brennevin» – i polkatakt!!!
Du får høre mange nye viser som Jesus, Muhammed og Trond Giske til St. Pauli
Blues og mange flere, ispedd ellevill stand-up og frodige revynummer.
Gunnar, sammen med sine to nye påmønstrede busseruller, Jostein Hveding og Kurt
M. Johansen, skaper begeistring med sitt nye revyshow! Overalt har de hatt fulle hus
og fornøyde publikummere og arrangører. Og ikke minst, et ungt publikum, som er
med fra første strofe; «Halleluja alle sammen…».
Siden starten, «Suddeli-duttan-dei» med Lasse, Karl Magnus og Oddvar, har det blitt
mange plater, mange show og lange reiser. Fra kulturhus til bygdehus, fra soldatbesøk
i Libanon til norsk-amerikanere i USA!
I forbindelse med at plateselskapet Universal Music ga ut en dobbel CD med tittel:
«kan du huska…3 Busserulls 47 beste», skrev de i en medfølgende biografi: «Det er
noe uimotståelig smittende ved platene til 3 Busserulls. Noe befriende uhøytidelig
som gjør at alle – selv den verste surpomp eller fanatiske avholdsmann – er nødt til å
komme i godt humør. Hver tilhenger har sin egen teori om hva grunnen kan være, og
her er min: 3 Busserulls vet at hele poenget er å glede folk!»

www.3busserulls.com

Siste nytt
Festivalen 2011

(30.08.2010) Festivalen 2011 vert arrangert 18 - 21 august 2011. Alltid i Veke 33. 2012: 16-19 august, 2013: 15-18 august.

Hovudsponsor Kleven Maritime!

(22.06.2010) Dagens meget gode nyheit er at Kleven Maritime har takka ja til å vere med som hovudsponsor av Trebaatfestivalen 2010! Med dette har vi nådd målsettinga om å få inn 3 hovudsponsorar! Kleven Maritime driv skipsverft i Ulsteinvik og Gurskøy, og er ein stor aktør i den maritime klynga på Sunnmøre, og det er ei stor glede og ære å ha dei med på laget!

Coop Mega

(08.06.2010) Coop Mega er valgt til offisiell leverandør av mat og drikke til Trebaatfestivalen 2010. Som ein del av avtalen skal Coop Mega, servere Mega frokost til alle som gjestar festivalen!

Støtte frå Ulstein Kommune!

(28.04.2010) Vi fekk i dag melding om at Ulstein Kommune ved formannskapet gjev støtte til festivalen. Både direkte økonomisk støtte, og ei overføring til teknisketat for dekning av kostnadar rundt tjenester for festivalen. Dette var ei kjærkoma støtte!

Rolls-Royce med som sponsor!

(23.04.2010) Dagens gladmelding, er at Rolls-Royce er med som sponsor også i år!

Tussa med som sponsor

(21.04.2010) Tussa melder at dei er med som sponsor av Trebtåfestivalen! Vi takkar for bidraget, og ynskjer dei velkomne på laget!

Sparebank1 Hovudsponsor 2010!

(25.03.2010) Sparebank1 Ulstein, bekrefta i dag at dei er med som ein av hovudsponsorane også i 2010! Med slike store og stabile sponsorar i ryggen, er jobben med å lage ein god festival enklare! Tusen takk til Sparebank1 Ulstein!

Nordea sponser festivalen!

(17.03.2010) Dagens gladnyheit er at Nordea er med som sponsor av festivalen!

Ulsmo sponsar festivalen

(16.03.2010) Det er ei glede å melde at Ulsmo er med som stor sponsor også i år! Ulsmo er eit eigedomselskap i Ulsteinvik, som mellom anna eig kjøpesenteret Blåhuset.

Island Offshore med i 2010!

(29.01.2010) Vi har i dag fått bekrefta at Island Offshore er med som hovudsponsor av Trebaatfestivalen også i 2010! Det er veldig kjekt når sponsorar kjem tilbake og vil vere med år etter år! Utan slike hadde det ikkje vore mogleg å lage festival! Tusen takk til Island Offshore! www.islandoffshore.com

Frå Trebåtfestivalen til Trebaatfestivalen

(21.01.2010) Frå no av heiter festivalen Trebaatfestivalen. Dette for å være helt i tråd med domenet, samt bidra til å få ein meir klassisk profil på festivalen. Vi reknar med at dette også medfører at det er lettare å skilje oss ut i frå dei andre trebåtfestivalene i Noreg.

Velkomne tilbake i 2010!

(20.08.2009) Trebåtfestivalen 2010 vert arrangert 19-22 august. Veke 33. Vi takkar for besøket i år, og ynskjer alle hjarteleg velkomne tilbake neste år!

Billettar

(22.07.2009) Billettane til årets arrangement er no lagde ut på www.billettservice.no Du kan gå direkte inn på festivalen si billettside via menyen til venstre på denne sida.

Salg og auksjon av brukt båtutstyr

(14.07.2009) Skipshuggeriet North-West Management vil ha stand under festivalen der dei sel brukt båtutstyr, innreidningsdetaljar, og anna utstyr! Her er det høve til å gjere eit kjempe kupp! Innbytte er også mogleg!

Sparebanken Møre

(29.06.2009) Sparebanken Møre er med som sponsor av Trebåtfestivalen 2009! Velkommen på laget!

Atle Remøy

(18.05.2009) Den etterkvart godt kjende fiskeskipperen og artisten Atle Remøy kjem til Trebåtfestivalen og spelar til dans torsdag kveld. Han har eit heilt nytt reportoar, som består både av sjølvskreven musikk og songar av den store favoritten Elvis! Store Atle Remøy tittlar som "Båt med fabrikk", "Mykje vil ha meir" og " Kjære Angelsen" vert nok også å høyre i festivalteltet, torsdag 13. august. Sjå også www.atleremoey.no

Island Offshore, Hovudsponsor!

(21.04.2009) Island Offshore har takka ja til å vere hovudsponsor for Trebåtfestivalen 2009! Vi har med dett nådd målsettinga vår med å få 4 hovudsponsorar til årets festival! Dette er vi veldig nøgde med, og kan derfor gjere endå meir for å lage ein flott festival. Dei 4 hovudsponsorane er: Regionavisa, Sparebank1 Ulstein, FagVerktøy og Island Offshore. Trebåtfestivalen er meget takknemmelige for støtta frå næringslivet!

Endå ein storsponsor!

(17.04.2009) Investeringselskapet Ulsmo As, har takka ja til å vere med som storsponsor av Trebåtfestivalen 2009! Tusen takk for støtta, og hjelpa med å gjere festivalen endå betre!

Ny storsponsor

(27.03.2009) Ulsteinkonsernet har takka ja til å vere "Storsponsor" av Trebåtfestivalen! Vi er veldig takknemlige for bedrifter som er med å gjere festivalen mogleg!

Salg av sjømat frå M/S Nybakk

(05.03.2009) Ombord på den restaurerte fiskebåten M/S Nybakk frå Raudeberg vert det moglegheit for å smake og kjøpe tradisjonell mat under festivalen! Det vert deira eigen bacalao, rømmegraut laga frå grunnen av, tørrsild, og eit utvalg av klippfisk for salg. Båten vert å finne ved kommunekaia. Sjå ellers websida til M/S Nybakk : http://www.msnybakk.no

Trebåtfestivalen 2009

(21.08.2008) Datoen for neste års trebåtfestival er sett til 13. - 16. august. Vi ynskjer alle velkomne til nok ein Trebåtfestival i Ulsteinvik!

Gode vermeldingar!

(11.08.2008) Utklipp fra yr.no: Til helgen ventes rolige vindforhold, etter hvert stort sett opphold og perioder med pent vær. Omtrent uendrede temperaturforhold. Vindern får østlig retning, og det gir oftest veldig fint ver i Ulsteinvik!

Vi tek kort i baren!

(11.08.2008) Etter problema vi har hatt tidlegare år med tome minibankar i sentrum, har vi i år bestillt inn kortterminal til baren i teltet. Inngangspengar ser vi helst at folk betalar med kontantat, så reduserar vi kødannelse i døra. Det vil vere mulig å levere inn visakort i døra for registrering av inngang samt det som blir kjøpt i baren, for oppgjer på slutten av kvelden. Kortet blir belasta av Tellix As ( på kontoutskrifta di).

Generalsekretær i KYSTEN

(08.08.2008) Generalsekretær Per Hillesund besøker Trebåtfestivalen under åpningsarrangementet og det påfylgjande skipningsmøtet for Ulstein Kystlag!

Offisielt program!

(06.08.2008) Programmet for årets trebåtfestival er no offisielt. Du finn det her på nettsidene, eller i Regionavisa. Det vert også uttdelt programblad under festivalen! Ta del i vårt rikhaldige program, og ver med på å lage ein flott festival og folkefest! Velkomne!

Island Offshore sponsar Trebåtfestivalen!

(22.07.2008) Trebåtfestivalen har fått enda ein solid sponsor! Island Offshore frå Ulsteinvik, som er eit av dei større rederia i området, har valgt å bli "stor sponsor" for Trebåtfestivalen. Vi er svært glade for å få Island Offshore med på laget!

Grieg Logistics sponsar festivalen

(25.06.2008) Vi fekk i dag den gledelege nyheita om at Grieg Logistics vert med som stor sponsor av festivalen også i år! Grieg Logistics starta i fjor avdeling i Ulsteinvik, og vi er veldig glade for at dei nyttar høvet til å støtte Trebåtfestivalen!

Skjenkeløyve

(20.06.2008) Trebåtfestivalen har fått innvilga skjenkeløyve i festivalteltet,for Øl og vin, torsdag til laurdag frå kl 17 - 02. Festivalen har også fått løyve til uteservering.

Sparebank1 Hovudsponsor!

(19.05.2008) Vi har gleda av å presentere Sparebank1 Ulstein, som hovudsponor av festivalen, saman med Regionavisa!Vi er veldig takksame for responsen vi får frå næringslivet, og har no handlefridom til å gjere festivalen endå meir innhaldsrik og interressant!

Ulstein Marknadsforum med på laget!

(06.05.2008) Gruppa som representerer næringslivet i Ulstein Kommune, støttar Trebåtfestivalen, og er med på laget!

Friluftsgudstjeneste

(06.05.2008) Det blir friluftsgudstjeneste på Borgarøya søndag 17. august! Sjå programmet for meir info.

Ta Sjansen!

(25.06.2008) Det er no klart til å melde seg på Ta Sjansen. Klikk på Ta Sjansen-linken for påmelding-skjema.

WEBSHOP - genser

(08.04.2008) Offisiell Trebåtfestival genser kan bestillast på webshoppen til ullaholm båtklubb. Sjå websida www.ullaholm.no

Sponsor

(08.04.2008) Ulstein Verft har takka ja til å vere storsponsor for festivalen, Ulsmo AS har også takka ja til å sponse festivalen! Takk!

Hovudsponsor

(17.11.2008) Regionavisa har også i år takka ja til å vere hovudsponsor for Trebåtfestivalen. Vi er svært takksame for dette viktige samarbeidet, med ei av regionens største media bedrifter!

Sponsorar
Trebåtfestivalen