Nettstaden er utvikla
av Knutsen Info

Gratis utekonsert med ERIK & KRISS!

Lagt inn 28.05.2010 av Karl Johan Barstad

Erik og Kriss kjem til Trebaatfestivalen laurdag 21.august og skal halde utekosert. Konserten er eit sammarbeidsprosjekt mellom Generalsponsor Regionavisa, hovudsponsor Sparebank1 Søre Sunnmøre, Blåhuset, og Trebaatfestivalen. Konserten blir på "Blåhus-scena". Dette blir ein kjempe happening, og spesielt retta mot dei unge trebåtentusiastane, som besøker festivalen!

Erik og Kriss har i løpet av kort tid etablert seg blant dei leiande artistane her i landet, takka vere deira fengande musikk. Den tredje plata deira, TABU, er ute i butikkane no. Ein helt unik ting med bandet - er at gutta gjer absolutt alt
sjølv. Alle beats er produsert av Kriss, produksjoner, sluttmiks, arrangement, innspelingar, visuelle løysingar, tekstar og også i stor grad musikkvideoar er det Erik og Kriss sjølv som står bak. Med seg til Ulsteinvik har dei med eit såkalla DJ-set. Dei lovar fullt trøkk og stor stemning i Blåhuspassasjen. Erik og Kriss er kjende for sin humoristiske og lite sjølvhøgtidelege haldning, morosame tekstar og fengande refreng - og blir i dag sett på som ein av landet sine beste live-acts. Dette bandet er også den første rap-acten som åleine selde ut Rockefeller, sidan Klovner i Kamp sin avskjedskonsert. Erik og Kriss starta som eit enkeltprosjekt i russetida, då gutta for første gong gjekk saman for å lage ein låt til russebussen sin, Legenden i 2002

Det er Sparebank1 Søre Sunnmøre, Regionavisa, Blåhuset og Trebaatfestivalensom har slått seg i hop for å spleise på
noko kjekt til ungdomen. Namneskifte og jubileum var grunn nok til å gi ungdomen eit gratis tilbod av høg kvalitet – av sjeldan
kaliber. – Ja, dette er slikt som ungdomen likar, smiler marknadssjef i Sparebank1 Søre Sunnmøre, Lillian Breivik.
Det beste i livet! – Det beste i livet er gratis. Og for å markere at vi er gratisavis, var det ein fantastisk idè å få til gra
tiskonsert for å markere Regionavisa sitt 10-års jubileum, seier salgs- og marknadssjef i Regionavisa, Line Urke
Då Regionavisa er generalsponsor for Trebaatfestivalen på tredje året, var dette ei ypperleg anledning til å markere avisa sitt
10-års jubileum, seier Urke.

Lillian Breivik i Sparebank1 Søre Sunnmøre framhevar Trebaatfestivalen som ein snakkis og ein stor suksess.   Vi er hovudsponsor til festivalen for tredje året på rad, og i år toppar vi det heile og tilbyr noko ekstra. Det blir ei heving av
festivalen, noko som er kjekt for alle partar, både arrangør, vi som sponsor og for folk flest.
 Det blir nok flott deeet!.. avsluttar Breivik med eit smil på lur.

– Dette må kallast eit firestjerners samarbeid. Regionavisa, Sparebank1 Søre Sunnmøre, Blåhuset og Trebaatfestivalen i
firkløveret, har ”kakka hauda i hop” og fått til dette. Det er kjempekjekt å bidra med noko ekstra, seier Line Urke.
Urke framhever også dei 4 aktørane bak konserten som innovative og at dei har nokofelles.
– Alle fire feirer eitkvart i år og alle er forholdsvis nye i marknaden på søre Sunnmøre.
Trebaatfestivalen er fem år i år, Regionavisaer 10 år i år, Sparebank1 Søre Sunnmøre har skifta namn og Blåhuset feirer den populære Kaptein Blåtann sin bursdag i august. Det er tre år sidan han flytta heim og feirer storstilt også i år sin 352 bursdag.

Senterleiar ved Blåhuset Kjøpesenter,Diana Moldskred fortel at då dei blei kontakta av Trebaatfestivalen, var dei ikkje seine om å gi positive signal tilbake for å vere med på å kunne realisere denne konserten.  Vi set stor pris på at vi blir spurt og involvert.
Det er mange tilbod om å vere med på mangt og mykje, men det er ikkje kvar dag at så spenstige prosjekt som dette kjem på bordet, avsluttar senterleiaren.


Karl Johan Barstad som er leiar i Trebaatfestivalen seier at dei er umåteleg glade for å få til denne konserten. Åleine
hadde dei ikkje kunne ha gjort det. – Vi ynskjer å vere ein festival for alle. Med denne konserten kjem vi oss eit
skritt vidare i å lage ein skikkeleg folkefest av ein festival. Det var dette vi trengte for å gjere programmet fullstendig, med tanke på dei yngre trebåtentusiastane, seier Barstad, - kanskje enda meir entusiastisk enn du har sett han før.

Og han fortset:
– Her er det berre å mase på fedrene dokka, om å fare på båttur til Ulsteinvik! Barstad seier til slutt at dei er utruleg takksame for at dei har slike sporty sponsorar som stiller opp og får til denne gratis utekon serten på Blåhusscena!
– Det er rett og slett fantastisk. Vi håper veldig mange tek turen, og på den måten også gratulerer Regionavisa med 10-årsdagen, Sparebank1 Søre Sunnmøre med nytt namn, Blåhuset med bursdag i tillegg til vårt eige 5-års jubileum!

.

 

Artikkelen er levert av Regionavisa, www.regionavisa.no



 

Siste nytt
Festivalen 2011

(30.08.2010) Festivalen 2011 vert arrangert 18 - 21 august 2011. Alltid i Veke 33. 2012: 16-19 august, 2013: 15-18 august.

Hovudsponsor Kleven Maritime!

(22.06.2010) Dagens meget gode nyheit er at Kleven Maritime har takka ja til å vere med som hovudsponsor av Trebaatfestivalen 2010! Med dette har vi nådd målsettinga om å få inn 3 hovudsponsorar! Kleven Maritime driv skipsverft i Ulsteinvik og Gurskøy, og er ein stor aktør i den maritime klynga på Sunnmøre, og det er ei stor glede og ære å ha dei med på laget!

Coop Mega

(08.06.2010) Coop Mega er valgt til offisiell leverandør av mat og drikke til Trebaatfestivalen 2010. Som ein del av avtalen skal Coop Mega, servere Mega frokost til alle som gjestar festivalen!

Støtte frå Ulstein Kommune!

(28.04.2010) Vi fekk i dag melding om at Ulstein Kommune ved formannskapet gjev støtte til festivalen. Både direkte økonomisk støtte, og ei overføring til teknisketat for dekning av kostnadar rundt tjenester for festivalen. Dette var ei kjærkoma støtte!

Rolls-Royce med som sponsor!

(23.04.2010) Dagens gladmelding, er at Rolls-Royce er med som sponsor også i år!

Tussa med som sponsor

(21.04.2010) Tussa melder at dei er med som sponsor av Trebtåfestivalen! Vi takkar for bidraget, og ynskjer dei velkomne på laget!

Sparebank1 Hovudsponsor 2010!

(25.03.2010) Sparebank1 Ulstein, bekrefta i dag at dei er med som ein av hovudsponsorane også i 2010! Med slike store og stabile sponsorar i ryggen, er jobben med å lage ein god festival enklare! Tusen takk til Sparebank1 Ulstein!

Nordea sponser festivalen!

(17.03.2010) Dagens gladnyheit er at Nordea er med som sponsor av festivalen!

Ulsmo sponsar festivalen

(16.03.2010) Det er ei glede å melde at Ulsmo er med som stor sponsor også i år! Ulsmo er eit eigedomselskap i Ulsteinvik, som mellom anna eig kjøpesenteret Blåhuset.

Island Offshore med i 2010!

(29.01.2010) Vi har i dag fått bekrefta at Island Offshore er med som hovudsponsor av Trebaatfestivalen også i 2010! Det er veldig kjekt når sponsorar kjem tilbake og vil vere med år etter år! Utan slike hadde det ikkje vore mogleg å lage festival! Tusen takk til Island Offshore! www.islandoffshore.com

Frå Trebåtfestivalen til Trebaatfestivalen

(21.01.2010) Frå no av heiter festivalen Trebaatfestivalen. Dette for å være helt i tråd med domenet, samt bidra til å få ein meir klassisk profil på festivalen. Vi reknar med at dette også medfører at det er lettare å skilje oss ut i frå dei andre trebåtfestivalene i Noreg.

Velkomne tilbake i 2010!

(20.08.2009) Trebåtfestivalen 2010 vert arrangert 19-22 august. Veke 33. Vi takkar for besøket i år, og ynskjer alle hjarteleg velkomne tilbake neste år!

Billettar

(22.07.2009) Billettane til årets arrangement er no lagde ut på www.billettservice.no Du kan gå direkte inn på festivalen si billettside via menyen til venstre på denne sida.

Salg og auksjon av brukt båtutstyr

(14.07.2009) Skipshuggeriet North-West Management vil ha stand under festivalen der dei sel brukt båtutstyr, innreidningsdetaljar, og anna utstyr! Her er det høve til å gjere eit kjempe kupp! Innbytte er også mogleg!

Sparebanken Møre

(29.06.2009) Sparebanken Møre er med som sponsor av Trebåtfestivalen 2009! Velkommen på laget!

Atle Remøy

(18.05.2009) Den etterkvart godt kjende fiskeskipperen og artisten Atle Remøy kjem til Trebåtfestivalen og spelar til dans torsdag kveld. Han har eit heilt nytt reportoar, som består både av sjølvskreven musikk og songar av den store favoritten Elvis! Store Atle Remøy tittlar som "Båt med fabrikk", "Mykje vil ha meir" og " Kjære Angelsen" vert nok også å høyre i festivalteltet, torsdag 13. august. Sjå også www.atleremoey.no

Island Offshore, Hovudsponsor!

(21.04.2009) Island Offshore har takka ja til å vere hovudsponsor for Trebåtfestivalen 2009! Vi har med dett nådd målsettinga vår med å få 4 hovudsponsorar til årets festival! Dette er vi veldig nøgde med, og kan derfor gjere endå meir for å lage ein flott festival. Dei 4 hovudsponsorane er: Regionavisa, Sparebank1 Ulstein, FagVerktøy og Island Offshore. Trebåtfestivalen er meget takknemmelige for støtta frå næringslivet!

Endå ein storsponsor!

(17.04.2009) Investeringselskapet Ulsmo As, har takka ja til å vere med som storsponsor av Trebåtfestivalen 2009! Tusen takk for støtta, og hjelpa med å gjere festivalen endå betre!

Ny storsponsor

(27.03.2009) Ulsteinkonsernet har takka ja til å vere "Storsponsor" av Trebåtfestivalen! Vi er veldig takknemlige for bedrifter som er med å gjere festivalen mogleg!

Salg av sjømat frå M/S Nybakk

(05.03.2009) Ombord på den restaurerte fiskebåten M/S Nybakk frå Raudeberg vert det moglegheit for å smake og kjøpe tradisjonell mat under festivalen! Det vert deira eigen bacalao, rømmegraut laga frå grunnen av, tørrsild, og eit utvalg av klippfisk for salg. Båten vert å finne ved kommunekaia. Sjå ellers websida til M/S Nybakk : http://www.msnybakk.no

Trebåtfestivalen 2009

(21.08.2008) Datoen for neste års trebåtfestival er sett til 13. - 16. august. Vi ynskjer alle velkomne til nok ein Trebåtfestival i Ulsteinvik!

Gode vermeldingar!

(11.08.2008) Utklipp fra yr.no: Til helgen ventes rolige vindforhold, etter hvert stort sett opphold og perioder med pent vær. Omtrent uendrede temperaturforhold. Vindern får østlig retning, og det gir oftest veldig fint ver i Ulsteinvik!

Vi tek kort i baren!

(11.08.2008) Etter problema vi har hatt tidlegare år med tome minibankar i sentrum, har vi i år bestillt inn kortterminal til baren i teltet. Inngangspengar ser vi helst at folk betalar med kontantat, så reduserar vi kødannelse i døra. Det vil vere mulig å levere inn visakort i døra for registrering av inngang samt det som blir kjøpt i baren, for oppgjer på slutten av kvelden. Kortet blir belasta av Tellix As ( på kontoutskrifta di).

Generalsekretær i KYSTEN

(08.08.2008) Generalsekretær Per Hillesund besøker Trebåtfestivalen under åpningsarrangementet og det påfylgjande skipningsmøtet for Ulstein Kystlag!

Offisielt program!

(06.08.2008) Programmet for årets trebåtfestival er no offisielt. Du finn det her på nettsidene, eller i Regionavisa. Det vert også uttdelt programblad under festivalen! Ta del i vårt rikhaldige program, og ver med på å lage ein flott festival og folkefest! Velkomne!

Island Offshore sponsar Trebåtfestivalen!

(22.07.2008) Trebåtfestivalen har fått enda ein solid sponsor! Island Offshore frå Ulsteinvik, som er eit av dei større rederia i området, har valgt å bli "stor sponsor" for Trebåtfestivalen. Vi er svært glade for å få Island Offshore med på laget!

Grieg Logistics sponsar festivalen

(25.06.2008) Vi fekk i dag den gledelege nyheita om at Grieg Logistics vert med som stor sponsor av festivalen også i år! Grieg Logistics starta i fjor avdeling i Ulsteinvik, og vi er veldig glade for at dei nyttar høvet til å støtte Trebåtfestivalen!

Skjenkeløyve

(20.06.2008) Trebåtfestivalen har fått innvilga skjenkeløyve i festivalteltet,for Øl og vin, torsdag til laurdag frå kl 17 - 02. Festivalen har også fått løyve til uteservering.

Sparebank1 Hovudsponsor!

(19.05.2008) Vi har gleda av å presentere Sparebank1 Ulstein, som hovudsponor av festivalen, saman med Regionavisa!Vi er veldig takksame for responsen vi får frå næringslivet, og har no handlefridom til å gjere festivalen endå meir innhaldsrik og interressant!

Ulstein Marknadsforum med på laget!

(06.05.2008) Gruppa som representerer næringslivet i Ulstein Kommune, støttar Trebåtfestivalen, og er med på laget!

Friluftsgudstjeneste

(06.05.2008) Det blir friluftsgudstjeneste på Borgarøya søndag 17. august! Sjå programmet for meir info.

Ta Sjansen!

(25.06.2008) Det er no klart til å melde seg på Ta Sjansen. Klikk på Ta Sjansen-linken for påmelding-skjema.

WEBSHOP - genser

(08.04.2008) Offisiell Trebåtfestival genser kan bestillast på webshoppen til ullaholm båtklubb. Sjå websida www.ullaholm.no

Sponsor

(08.04.2008) Ulstein Verft har takka ja til å vere storsponsor for festivalen, Ulsmo AS har også takka ja til å sponse festivalen! Takk!

Hovudsponsor

(17.11.2008) Regionavisa har også i år takka ja til å vere hovudsponsor for Trebåtfestivalen. Vi er svært takksame for dette viktige samarbeidet, med ei av regionens største media bedrifter!

Sponsorar
Trebåtfestivalen