anna_olava.jpg

Anna Olava

På laurdag kan du få deg ein tur på Anna Olava som kjem til Trebaatfestivalen i Ulsteinvik.

Rekonstruksjonen av den 47 fot lange jekta er gjort på bakgrunn av funn gjort i eit naust på Håkonsholmen i Ulstein. Sunnmørsjekta var ein av fleire jektetypar som trafikkerte kysten frå mellomalderen og fram mot år 1900. Lasten var gjerne sild, tørrfisk, tran, rogn, skinn, gråverk og andre varer som vart frakta inn til byane, særleg Bergen. Dei bytta med andre varer som ein trengte på sunnmørsbygdene.

ta_sjansen_epostbanner.jpg

Bli med på Ta Sjansen!

Laurdag 25. august kl. 14.00 er det duka for eit skikkeleg sjøslag i Småbåthamna på Geileneset! Bli med du også!

Med elleville farkostar, full fart og solide plask er Ta Sjansen ein sikker publikumsfavoritt. Sist gong vi hadde Ta Sjansen kom det tusenvis av tilskodarar, så det kan bli trongt om plassen på bryggene ved Geileneset. Møt opp i god tid!

NB: Vi har framleis plass til fleire båtar!  Samle arbeidskollegaer, lagkameratar, venner og familie og bygg den kulaste, artigaste, raskaste eller galnaste båten som nokon gong har delteke på Ta Sjansen!

Utfordre andre kompisar, lag eller bedrifter og vis kven som rular! Meld dykk på i dag på www.tussa.no/ta-sjansen 

Einaste krav til båten er at den må kunne flyte, at den er maksimalt 1,20 meter brei og maksimalt om lag 2 meter lang.

Mykje moro og flotte premiar til raskaste båt, flottaste båt - og sjølvsagt; Fiaskoprisen!

Ta Sjansen 2018 er sponsa av Tussa. 

Sjå meir her: https://www.tussa.no/om-oss/aktuelt-og-media/ta-sjansen-25-august 

Fortel vennane dine at du skal på Ta Sjansen: https://www.facebook.com/events/1950730251613432/ 

Foto: Jorulf Myrene, Vikebladet Vestposten og Vidar Håndlykken

Billetten din til konserten med Rotlaus og Faculty of funk må vekslast inn i eit armband. Og det bør du gjere på laurdag, i god tid før konserten.
Billetten din til konserten med Rotlaus og Faculty of funk må vekslast inn i eit armband. Og det bør du gjere på laurdag, i god tid før konserten.

Skaff deg armband!

Vi oppfordrer alle som har kjøpt billett til konserten med Rotlaus og Faculty of funk, om å veksle inn billetten i eit armband/festivalpass på førehand. Dei som ikkje gjer det, må rekne med å stå lenge i kø!

Laurdag klokka 12.00 startar vi å bytte inn billettane med armband, som er adgangsteikn for å sleppe inn på konsertområdet. Det vert sett opp eit eige telt på kulturalmenningen, der alle som har kjøpt billett kan møte opp for å bytte billetten i armband.
-Det er berre personleg oppmøte som tel, og våre frivillige må feste armbandet på kvar enkelt. Det blir eigen inngang for dei som har armband. Dei som møter opp til konserten med billett må stå i kø for å få veksla den inn i armband, seier festivalsjef Line Urke, og kjem med følgjande oppmoding:
-Husk, det er kanskje 1.500 menneske som skal inn på konsertområdet i løpet av ganske kort tid. Dess fleire som kjem utan festivalpass/armband, jo lengre vert køen. Om alle ordnar seg armband på førehand er vi sikre på at opplevinga vert best mogleg for alle!

Grenselaust billettsal til konserten med Rotlaus og Faculty of funk.
Grenselaust billettsal til konserten med Rotlaus og Faculty of funk.

200 billettar i døra

Førehandssalet av 1.200 billettar til konserten med Rotlaus og Faculty of Funk er utseld. Men det er halde tilbake 200 billettar, som vert selde i døra.

-Dette blir tidenes folkefest. Vi har aldri opplevd så stor pågang etter billettar til eit enkelt arrangement under Trebaatfestivalen. Rotlaus er rett og slett grenselause, seier festivalsjef Line Urke.
Urke fortel at det lenge har vore planlagt å halde nokre billettar tilbake, slik at det er mogleg å kjøpe billettar på konsertdagen.
-Vi opnar slusene til festivalteltet og kulturalmenningen klokka 19.00. Då vert også dei siste 200 billettene selde, ikkje før. Då gjeld det å vere på plass, seier Line Urke.
For dei som lurer på kvar konserten skal vere, så er den på kulturalmenningen i sentrum av Ulsteinvik. Dette er festivalområdet, der også festivalteltet er plassert. Heile parkeringsplassen på kulturalmenningen vert avsperra med gjerder. Innafor gjerda finn du altså både festivaltelt, inne- og utescene, bar og toalett.

Banksjef Lillian Breivik (t.v.) og festivalsjef Line Urke er klare til Trebaatfestivalen, og har signert ny avtale der Sparebank1 er hovedsponsor.
Banksjef Lillian Breivik (t.v.) og festivalsjef Line Urke er klare til Trebaatfestivalen, og har signert ny avtale der Sparebank1 er hovedsponsor.

Ny avtale for Trebaatfestivalen

Sparebank 1 Søre Sunnmøre har teikna ny avtale som hovudsponsor for Trebaatfestivalen, og er med på å sikre den populære festivalen økonomisk.

SpareBank 1 har vore ein av dei viktigaste samarbeidspartnerane for Trebåtfestivalen nesten heilt frå starten for 13 år sidan. I same periode starta banken avdeling i Ulsteinvik.
-Avtalen med Sparebank 1 er viktig for det økonomiske grunnlaget for festivalen. Så lenge den maritime klynga slit, så er denne avtalen viktigare enn nokon gong før, seier festivalsjef Line Urke.
Ho skulle ønske seg mange fleire hovudsponsorar, slik det var før om åra. -Men no er det altså berre ein, og blir mykje godt berebjelken vår, seier Urke.

Visjon
- Visjonen til banken er at «Vi skal gjere det betre å bu og virke i regionen». Som den folkefesten Trebaatfestivalen har blitt, så støtter det visjonen til banken. Dette er ein festival for folk flest, både store og små, seier Lillian Breivik, som er banksjef i avdelinga i Ulsteinvik.
- Trebaatfestivalen var ein festival som banken kunne bli synlege på, og banken ønskte å støtte lokalt. Med omtrent same lange historie i Ulstein  og same visjonen om å skape noko for Ulsteinvik, så er vi glade for å få samarbeide med Trebaatfestivalen, seier Breivik.

Strålande fornøgd
Festivalsjef Line Urke er strålande fornøgd med å ha Sparebank1 med vidare på laget, det i ei tid då det maritime næringslivet ikkje blomstrar men gjer seg klare til å ta laus på ei ny epoke.
-Sparebank1 har vore ein trufast og solid lagspelar nesten like lenge som festivalen har eksistert. Dei er ein positiv og samtidig krevjande partner å ha med seg, som gjer at vi heile tida må stille krav til oss sjølve om å bli betre og utvikle oss, seier Line Urke.
Trebaatfestivalen vert arrangert i Ulsteinvik 23.-26. august.

rotlaus.jpeg

Folkefest med Rotlaus

Rotlaus blir det store trekkplasteret under årets utgåve av Trebaatfestivalen, og med Rotlaus på menyen har arrangørane også understreka at festivalen er ein folkefest!

Årets festival blir arrangert 23.-26. august i Ulsteinvik, og programmet i år er spekka med med små og store innslag i hamneområdet, i gatene og i festivalteltet. Den største folkefesten på Søre Sunnmøre samlar folk og båtar frå store delar av Nordvestlandet, og er mest av alt eit høve til å feire folket, havet og kulturen som er skapt i havlandet.
Då billettane til konserten med Rotlaus vart lagt ut, rauk deg ut på rekordtid.
-Vi måtte difor flytte konserten ut av teltet, rigge om kulturalmenningen, og legge opp til å bruke to scener, fortel festivalsjef Line Urke – som understeker at det no er mogleg å kjøpe billettar igjen, men veit ikkje kor lenge det fortsatt er ledige plassar.
I skrivande stund var det mindre enn 200 billettar att, og dei reknar vi med ryk før veka er omme.
-Vi veit også at det er mange som vil sjå og høyre Faculty of Funk, som skal varme opp før Rotlaus, og som i tillegg skal spele opp til dans etter konserten er over. Her får ein alt ein ønskjer seg - det er nærmest som eit kinderegg, smiler Urke.

Startskot
-Vi gler oss kvart år til teltet blir rigga og gjort klart på Kulturalmenningen. Det er liksom startskotet på festivalen kvart år. Og i år blir Kulturalmenningen meir enn nokon gong før ein festivalplass, seier Line Urke.
Heile Kulturalmenningen blir i år rigga og sperra av til konsert- og festplass, med to scener og festivaltelt.
-Ei av scenene blir utandørs, medan den andre blir inne i teltet til dans. Og i år blir også dansegolvet oppgradert frå asfalt til treplatting, fortel Urke.

Rotlaus
Rotlaus frå Ørsta har på kort tid blitt eit av landets mest omreisande og ettertrakta liveband.
Dei kan vise til fleire listeplasseringar enn dei fleste og har fått tildelt ei rekke trofèar for sine låtar.
I 2015 kom debutalbumet “Bygderamp” som gjekk rett inn på topp 10 VG-Lista og eit nytt begrep vart til. Seinere har bandet utgitt ei rekke singlar, som alle har ligge inne på norske topplister. Andre albumet i rekka “på vei”, har fått mykje god omtale og ligg i skrivande stund på 5. plass på norske albumlister.
Billettar kan du kjøpe på https://tikkio.com/tickets/5717-rotlaus-trebaatfestivalen
Festivalteltet (18 års aldersgrense)
Lørdag 25. august
Billettar: 350,-

heimebandet_banner_m-bilete.jpg

Heimebandet på heimebane

Med meir enn 150 års erfaring frå ulike band på Søre Sunnmøre, var det ikkje vanskeleg å velje seg namn på det nye bandet; «Heimebandet».

Saman med en bukett rutinerte, heimekjære og godt vaksne vokalister, har kapellmeister Rune Ertesvåg samla noko av dei beste som framleis kan krype eller gå utan hjelp, til show og dans under Trebaatfestivalen.
Heimebandet med Rune Ertesvåg, Øystein Djupvik, Bertil Tødenes og Peter Demirov, har erfaring frå ulike band og arrangement gjennom fleire tiår, innan fleire stilartar og tidsepoker. Alt frå storband, via pop til rock – dei kan det meste og er betre enn dei fleste.
No har dei også fått med seg fleire av dei mest profilerte og nytta vokalistane i distriktet, som vil presentere seg frå ulike sider og med ulike stilartar. Dei heimekjære stjernevokalistane er Mari Ann Vattøy, Mette Longva, Trude Sørdal, Atle Remøy og Ronald Øvrelid.
De ni musikarane inviterer til show du aldri har sett før med utvalde låtar i festivalteltet, og spelar til dans etter showet er ferdig.
Musikarane går på scena ca kl 20.00, medan dansen startar ca kl 22.30. Heile kvelden samla i ein billett.
Festivalteltet fredag 24. august
Billettpris: 300,-

aurora_og_tito.jpg

Magisk humor

Tito Magic og Miss Aurora er kjent for mange frå TV-skjermen i programmet «Norske Talenter». Duoen frå Ålesund, som er far og datter, har spesialisert seg på magisk humor.

Kenneth "Magic" Remme (ja, det er faktisk det han heter), bedre kjent som Tito, har rukket å bli Nordvestlandets mest populære magiker. Han trekker fulle hus der han opptrer med det han kaller humormagi, og gjør det med stor suksess sammen med sin datter.
Titoog Aurora har utført magi i mange land utenfor Norge, slik som Danmark, Finland, Litauen, Ukraina, Ungarn, Italia, Spania, Frankrike, Nederland, Polen og Thailand.
I februar 2015 ble han utnevnt til Norges første Doctor of Magic av styremedlem Tora Amnipour i IMS (International Magician Society). Dette er noe Tito setter høyt i sin karriere. Samme år meldte han seg på Magic Extravagansa i regi av IMS i Bangkok, hvor han presterte å vinne første plass i klassen "Comedy Magic". Dermed ble han tildelt Norges første Medal of Merlin, fra president i IMS Tony Hassini.

Festivalteltet
Fredag 24.08. kl 18.00
Billetter:
Voksne: kr 100,-
Barn: kr 50,-

KLARE: No er det opna for påmelding av båtar og boder til Trebaatfestivalen 2018. Fyll ut skjema på nettsida og send!
KLARE: No er det opna for påmelding av båtar og boder til Trebaatfestivalen 2018. Fyll ut skjema på nettsida og send!

Klare for ny festival

No er det opna for påmeldingen av båtar til Trebaatfestivalen 2018 som i år blir arrangert 23.-26. august.

Programmet er ikkje spikra heilt enno, difor er heller ikkje billettsalet opna. Men sjølv om tidspunktet er flytta ei veke, kan du førebu deg på at også årets festival vil få deg til å slå hæla i taket og gispe etter luft!

Programmet vil bli oppdatert på nettsida etter kvart som det fell på plass, men vi kan allereie no slå fast at årets festival vil by på store overraskelser. Men det kjem vi tilbake til seinare.

NY: På vestsida av Geileneset (inn mot småbåthamna) blir den nye kaia bygd. Den står ferdig i god tid til Trebaatfestivalen i august.
NY: På vestsida av Geileneset (inn mot småbåthamna) blir den nye kaia bygd. Den står ferdig i god tid til Trebaatfestivalen i august.

70 meter nye brygger

I år vil Trebaatfestivalen ta enda eit steg opp i standard for båtane, som er festivalen sine viktigaste gjestar.

Med 70 meter nye flytebryggjer i Ulsteinvik Gjestehamn, er det berre å gjere seg klar.

I tillegg vert det no bygd ny kai på vestsida av Geileneset (inn mot småbåthamna), og gjestebryggene ved Vikholmen er oppgradert i år.

Dermed vil hovudgjestane våre få betre plass enn nokonsinne.

 I fjor lånte Trebaatfestivalen 70 meter flytebryggjer av  Vik Ørsta for å kunne ta imot gjestane som kom sjøvegen. Då festivalen var over, starta arbeidet med å selje bryggene. Og det tok ikkje lang tid før Quality Hotel Ulstein kjøpte heile rekka med flytebryggjer.

No utgjer dei same bryggjene Ulsteinvik Gjestehamn, og gjer at heile hamneområdet utanfor hotellet er ei gjestehamn – blant anna for Trebaatfestivalen.

Trebaatfestivalen er også svært takksame for det gode samarbeidet med hotellet, eit samarbeid som utviklar seg til det bedre for kvart år.

STØRRE: Quality Hotel Ulstein kjøpte alle 70 meter med flytebrygger, som Trebaatfestivalen lånte av Vik Ørsta i fjor. Dermed har hotellet lagt til rette for ein armada i gjestehamna.

BETRE: Gjestebryggene på Vikholmen er oppgradert fra i fjor.

colormagic2.jpg

Simply the best på Trebaatfestivalen

Tina – Simply The Best er eit forrykande musikalsk show basert på Tina Turner sin musikk, og no kjem showet til Trebaatfestivalen i Ulsteinvik laurdag 19. august. 

Publikum får oppleve Christine Meyer som «The Queen of Rock’n’Roll», og med seg har ho eit ensemble på åtte personar under leiing av Geir Langslet, ein av Noregs mest meritterte kapellmeisterar.

Christine Meyer er Noregs ukrona souldronning, og antakelegvis den beste Tina Turner-tolkaren i landet. Under konserten blir kjem ein tilbake til 60-talet og tida med Ike Turner, vidare gjennom 70- og 80- tallet, og heilt fram til 90-tallet. Showet tek publikum med på ei variert musikalsk reise med Tina Turner sine aller største hits.

Du får høyre Proud Mary, Private Dancer, Typical Male, We Don’t Need Another Hero, What’s Love Got To Do With It, Steamy Windows, Disco Inferno og mykje meir. I tillegg får ein servert duettane ho hadde med nokre av rockeverdas aller største artistar, Bryan Adams, David Bowie og Eric Clapton.

Både songarar, dansarar og musikarar vil gje publikum ein fantastisk musikalsk opplevelse, med ein variasjon få andre artistar kan vise maken til: Frå rock’n roll, via soul og disco, til 80-talets svulstige pop-hits, vidare til filmmusikk frå store filmklassikarar, og i tillegg - ein liten svipptur innom country. Tina – Simply The Best garanterer deg ei fantastisk stund med sang og musikk frå ein av verdas aller største artistar!

GALNE: Grim Moberg og Fredrik Steen går på scena i festivalteltet under Trebaatfestivalen med spesialsydd show. Foto Vegard Fimland/John Andresen
GALNE: Grim Moberg og Fredrik Steen går på scena i festivalteltet under Trebaatfestivalen med spesialsydd show. Foto Vegard Fimland/John Andresen

–Ein galen og ein rape galen til Trebaatfestivalen

Tidlegare i sommar var dei konkurrentar på kvar si revyscene på Stord, den eine i Leirvik og den andre på Fitjar. Men den 18. august står dei hand i hand – i teltet under Trebaatfestivalen i Ulsteinvik.

–På Trebaatfestivalen får de møte to vestlendingar – ein galen og ein rape galen, fortel Fredrik Steen, og understrekar:  –Den rapne galne er Grim Moberg, altså!

Steen og Moberg er gode bussar frå det norske standup-miljøet, og vil eigentleg ikkje høyre snakk om at dei er konkurrentar. Dei har turnert og showa i lag mong ein gong før, og til og med i Ulsteinvik, då Fredrik dreiv standup-klubb på Kaffibaren.

– Grim er ein av mine favorittar på scenen. Han har ein herleg og fandenivoldsk galskap i seg som eg aldri blir lei av. Særleg når han er sint, då ler eg meg fillete, seier Fredrik Steen.

Naustdal og banning

Grim Moberg er ein kjend skikkelse i det norske standup-miljøet, og har i mange år vore éin av ildsjelene i humormiljøet i Bergen. Det blir sagt om Grim at han er ein komikar som blottlegg seg sjølv, og humoren går som regel berre på eiga bekostning, og kanskje ein ekskjærast eller ein slektning. Spesielt vidgjeten er han for parodien på sin eigen bestefar frå Naustdal i Sunnfjord. Om du trur du har høyrt banning før, så må du tru om igjen, ifølge Grim Moberg.

Eksklusivt for Trebaatfestivalen

Når dei no kjem tilbake til Ulsteinvik, byr dei på eit show ekslusivt for Trebaatfestivalen. For sjølv om dei to karane har samarbeidd før også, blir dette showet ein eingongshappening – og det er ein viss sjans for at lokalbefolkninga må tåle spøkar med lokalt tilsnitt.

– Det er jo slik at vi komikarar er gode på å tilpasse oss publikum, og noko av innhaldet i showet er tilpassa lokale høve. Det er ekstra gøy å ha show her på Sunnmøre, for her er folk vakne når det gjeld humor. Vi gler oss veldig – både til å kome til Ulsteinvik, og å ha standup-show på Trebaatfestivalen, fortel Steen.

Saknar Ulsteinvik

Fredrik burde vere kjend for dei fleste ulsteinvikarar. Ikkje så ofte å sjå på desse kantar no som før, men han saknar Ulsteinvik og folket der:

–Ja, klart eg gjer. Det er mange i Ulsteinvik eg gjerne skulle ha hatt nærmare. Oslo er bra på mange måtar, men det eg saknar mest er humoren. Oslo-folket er ikkje så gode på ironi, og ting må ofte skjerast ut i papp, ler Fredrik.

–Endatil når eg seier at: Du, det var ein spøk, so fortset dei og skjønner det ikkje heilt! Sunnmøringar er mykje kjappare og er veldig vakne på humor, fortel Steen.

Til sommaren er det fem år sidan han flytta frå Ulsteinvik og sette nasen mot hovudstaden. Og det var jobbmoglegheiter som var tunga på vektskåla for den kjende komikaren. Til hausten blir Fredrik å sjå i ei av hovudrollene i ein ny humorserie på NRK 1.  Sendestart er ikkje heilt klart ennå, så det kan bli både nærmare jul og rett over nyåret, melder Fredrik. I tillegg har han premiere på det nye soloshowet sitt «Ser skarpt igjen» på Teaterkjeller’n i slutten av oktober. Med seg på laget har han Tom Sterri på regi.

Men før det, altså – standup-show med Fredrik Steen og Grim Moberg under Trebaatfestivalen. Ein heilaftan med to svært rutinerte, men forhåpentlegvis rape galne komikarar!

kolasj-web.jpg

«Feel It» for Trebaatfestivalen

For fyrste gong i historia skal Feel It ta eit steg ut av sitt normale Feel It-konsept, og halde konsert på Trebaatfestivalen.

–Dette blir fyrste gongen vi berre skal ha band på scena, og ikkje servere mat samstundes. Det er kjempesvært for oss  å skulle spele på Trebaatfestivalen, alle i bandet gler seg veldig, fortel Håkon Vestnes frå Feel It.

Og for dei som ikkje kjenner til konseptet Feel It frå før, så er det ei show dei har holdt dei siste fem åra på Larsnes, som inkluderer både mat og musikk. Showet er sett saman av ein firerettars meny frå kjøkenet, akkompagnert av ein firerettars konsert frå scena, der også musikarana serverer. Showet har hatt stor suksess, og kvar sesong reiser over 1500 publikummarar til Landsbyhuset Breidablik for å få med seg showet – dei endar alltid opp med utsolgte show.

Midt i oppkøyringa til ny sesong som startar i vinter, tek musikarane i Feel It laust og reiser ein liten tur ut på vegen, for å halde konsert på Trebaatfestivalen i Ulsteinvik. Her vil gjengen leite fram det beste frå alle sesongane som har vore, og kanskje vert det ein liten smakebit frå årets repertoar.

–Vi skal innom ganske mykje, både soul, pop, rock og storband-musikk.  Vi lovar mykje fres frå scena i teltet på Trebaatfestivalen, !

På scena står Stig Arve Slettestøl (trommer), Tor Helge Lillebø (gitar), John Magne Løvberg (bass), Arnstein Furnes (tangentar), Håkon Vestnes (tangentar), Harald Sætre (trompet), Susann Worren Hauge (saksofon), Marlen Hauge Knotten (trombone), Guro Hauge Rovde (trompet), Laila Fjørtoft Sandanger (vokal), Arnhild Bjerkvik (vokal), Trygve Sætre (vokal), André Leikanger (vokal).

Feel It gjengen gler seg stort til å vitje Trebaatfestivalen, og lovar god stemning i teltet på fredagen!

HOVEDSPONSOR