Grenselaust billettsal til konserten med Rotlaus og Faculty of funk.
Grenselaust billettsal til konserten med Rotlaus og Faculty of funk.

200 billettar i døra

Førehandssalet av 1.200 billettar til konserten med Rotlaus og Faculty of Funk er utseld. Men det er halde tilbake 200 billettar, som vert selde i døra.

-Dette blir tidenes folkefest. Vi har aldri opplevd så stor pågang etter billettar til eit enkelt arrangement under Trebaatfestivalen. Rotlaus er rett og slett grenselause, seier festivalsjef Line Urke.
Urke fortel at det lenge har vore planlagt å halde nokre billettar tilbake, slik at det er mogleg å kjøpe billettar på konsertdagen.
-Vi opnar slusene til festivalteltet og kulturalmenningen klokka 19.00. Då vert også dei siste 200 billettene selde, ikkje før. Då gjeld det å vere på plass, seier Line Urke.
For dei som lurer på kvar konserten skal vere, så er den på kulturalmenningen i sentrum av Ulsteinvik. Dette er festivalområdet, der også festivalteltet er plassert. Heile parkeringsplassen på kulturalmenningen vert avsperra med gjerder. Innafor gjerda finn du altså både festivaltelt, inne- og utescene, bar og toalett.

HOVEDSPONSOR