colormagic2.jpg

Simply the best på Trebaatfestivalen

Tina – Simply The Best er eit forrykande musikalsk show basert på Tina Turner sin musikk, og no kjem showet til Trebaatfestivalen i Ulsteinvik laurdag 19. august. 

Publikum får oppleve Christine Meyer som «The Queen of Rock’n’Roll», og med seg har ho eit ensemble på åtte personar under leiing av Geir Langslet, ein av Noregs mest meritterte kapellmeisterar.

Christine Meyer er Noregs ukrona souldronning, og antakelegvis den beste Tina Turner-tolkaren i landet. Under konserten blir kjem ein tilbake til 60-talet og tida med Ike Turner, vidare gjennom 70- og 80- tallet, og heilt fram til 90-tallet. Showet tek publikum med på ei variert musikalsk reise med Tina Turner sine aller største hits.

Du får høyre Proud Mary, Private Dancer, Typical Male, We Don’t Need Another Hero, What’s Love Got To Do With It, Steamy Windows, Disco Inferno og mykje meir. I tillegg får ein servert duettane ho hadde med nokre av rockeverdas aller største artistar, Bryan Adams, David Bowie og Eric Clapton.

Både songarar, dansarar og musikarar vil gje publikum ein fantastisk musikalsk opplevelse, med ein variasjon få andre artistar kan vise maken til: Frå rock’n roll, via soul og disco, til 80-talets svulstige pop-hits, vidare til filmmusikk frå store filmklassikarar, og i tillegg - ein liten svipptur innom country. Tina – Simply The Best garanterer deg ei fantastisk stund med sang og musikk frå ein av verdas aller største artistar!

GALNE: Grim Moberg og Fredrik Steen går på scena i festivalteltet under Trebaatfestivalen med spesialsydd show. Foto Vegard Fimland/John Andresen
GALNE: Grim Moberg og Fredrik Steen går på scena i festivalteltet under Trebaatfestivalen med spesialsydd show. Foto Vegard Fimland/John Andresen

–Ein galen og ein rape galen til Trebaatfestivalen

Tidlegare i sommar var dei konkurrentar på kvar si revyscene på Stord, den eine i Leirvik og den andre på Fitjar. Men den 18. august står dei hand i hand – i teltet under Trebaatfestivalen i Ulsteinvik.

–På Trebaatfestivalen får de møte to vestlendingar – ein galen og ein rape galen, fortel Fredrik Steen, og understrekar:  –Den rapne galne er Grim Moberg, altså!

Steen og Moberg er gode bussar frå det norske standup-miljøet, og vil eigentleg ikkje høyre snakk om at dei er konkurrentar. Dei har turnert og showa i lag mong ein gong før, og til og med i Ulsteinvik, då Fredrik dreiv standup-klubb på Kaffibaren.

– Grim er ein av mine favorittar på scenen. Han har ein herleg og fandenivoldsk galskap i seg som eg aldri blir lei av. Særleg når han er sint, då ler eg meg fillete, seier Fredrik Steen.

Naustdal og banning

Grim Moberg er ein kjend skikkelse i det norske standup-miljøet, og har i mange år vore éin av ildsjelene i humormiljøet i Bergen. Det blir sagt om Grim at han er ein komikar som blottlegg seg sjølv, og humoren går som regel berre på eiga bekostning, og kanskje ein ekskjærast eller ein slektning. Spesielt vidgjeten er han for parodien på sin eigen bestefar frå Naustdal i Sunnfjord. Om du trur du har høyrt banning før, så må du tru om igjen, ifølge Grim Moberg.

Eksklusivt for Trebaatfestivalen

Når dei no kjem tilbake til Ulsteinvik, byr dei på eit show ekslusivt for Trebaatfestivalen. For sjølv om dei to karane har samarbeidd før også, blir dette showet ein eingongshappening – og det er ein viss sjans for at lokalbefolkninga må tåle spøkar med lokalt tilsnitt.

– Det er jo slik at vi komikarar er gode på å tilpasse oss publikum, og noko av innhaldet i showet er tilpassa lokale høve. Det er ekstra gøy å ha show her på Sunnmøre, for her er folk vakne når det gjeld humor. Vi gler oss veldig – både til å kome til Ulsteinvik, og å ha standup-show på Trebaatfestivalen, fortel Steen.

Saknar Ulsteinvik

Fredrik burde vere kjend for dei fleste ulsteinvikarar. Ikkje så ofte å sjå på desse kantar no som før, men han saknar Ulsteinvik og folket der:

–Ja, klart eg gjer. Det er mange i Ulsteinvik eg gjerne skulle ha hatt nærmare. Oslo er bra på mange måtar, men det eg saknar mest er humoren. Oslo-folket er ikkje så gode på ironi, og ting må ofte skjerast ut i papp, ler Fredrik.

–Endatil når eg seier at: Du, det var ein spøk, so fortset dei og skjønner det ikkje heilt! Sunnmøringar er mykje kjappare og er veldig vakne på humor, fortel Steen.

Til sommaren er det fem år sidan han flytta frå Ulsteinvik og sette nasen mot hovudstaden. Og det var jobbmoglegheiter som var tunga på vektskåla for den kjende komikaren. Til hausten blir Fredrik å sjå i ei av hovudrollene i ein ny humorserie på NRK 1.  Sendestart er ikkje heilt klart ennå, så det kan bli både nærmare jul og rett over nyåret, melder Fredrik. I tillegg har han premiere på det nye soloshowet sitt «Ser skarpt igjen» på Teaterkjeller’n i slutten av oktober. Med seg på laget har han Tom Sterri på regi.

Men før det, altså – standup-show med Fredrik Steen og Grim Moberg under Trebaatfestivalen. Ein heilaftan med to svært rutinerte, men forhåpentlegvis rape galne komikarar!

kolasj-web.jpg

«Feel It» for Trebaatfestivalen

For fyrste gong i historia skal Feel It ta eit steg ut av sitt normale Feel It-konsept, og halde konsert på Trebaatfestivalen.

–Dette blir fyrste gongen vi berre skal ha band på scena, og ikkje servere mat samstundes. Det er kjempesvært for oss  å skulle spele på Trebaatfestivalen, alle i bandet gler seg veldig, fortel Håkon Vestnes frå Feel It.

Og for dei som ikkje kjenner til konseptet Feel It frå før, så er det ei show dei har holdt dei siste fem åra på Larsnes, som inkluderer både mat og musikk. Showet er sett saman av ein firerettars meny frå kjøkenet, akkompagnert av ein firerettars konsert frå scena, der også musikarana serverer. Showet har hatt stor suksess, og kvar sesong reiser over 1500 publikummarar til Landsbyhuset Breidablik for å få med seg showet – dei endar alltid opp med utsolgte show.

Midt i oppkøyringa til ny sesong som startar i vinter, tek musikarane i Feel It laust og reiser ein liten tur ut på vegen, for å halde konsert på Trebaatfestivalen i Ulsteinvik. Her vil gjengen leite fram det beste frå alle sesongane som har vore, og kanskje vert det ein liten smakebit frå årets repertoar.

–Vi skal innom ganske mykje, både soul, pop, rock og storband-musikk.  Vi lovar mykje fres frå scena i teltet på Trebaatfestivalen, !

På scena står Stig Arve Slettestøl (trommer), Tor Helge Lillebø (gitar), John Magne Løvberg (bass), Arnstein Furnes (tangentar), Håkon Vestnes (tangentar), Harald Sætre (trompet), Susann Worren Hauge (saksofon), Marlen Hauge Knotten (trombone), Guro Hauge Rovde (trompet), Laila Fjørtoft Sandanger (vokal), Arnhild Bjerkvik (vokal), Trygve Sætre (vokal), André Leikanger (vokal).

Feel It gjengen gler seg stort til å vitje Trebaatfestivalen, og lovar god stemning i teltet på fredagen!

GENERALSPONSOR