rotlaus.jpeg

Folkefest med Rotlaus

Rotlaus blir det store trekkplasteret under årets utgåve av Trebaatfestivalen, og med Rotlaus på menyen har arrangørane også understreka at festivalen er ein folkefest!

Årets festival blir arrangert 23.-26. august i Ulsteinvik, og programmet i år er spekka med med små og store innslag i hamneområdet, i gatene og i festivalteltet. Den største folkefesten på Søre Sunnmøre samlar folk og båtar frå store delar av Nordvestlandet, og er mest av alt eit høve til å feire folket, havet og kulturen som er skapt i havlandet.
Då billettane til konserten med Rotlaus vart lagt ut, rauk deg ut på rekordtid.
-Vi måtte difor flytte konserten ut av teltet, rigge om kulturalmenningen, og legge opp til å bruke to scener, fortel festivalsjef Line Urke – som understeker at det no er mogleg å kjøpe billettar igjen, men veit ikkje kor lenge det fortsatt er ledige plassar.
I skrivande stund var det mindre enn 200 billettar att, og dei reknar vi med ryk før veka er omme.
-Vi veit også at det er mange som vil sjå og høyre Faculty of Funk, som skal varme opp før Rotlaus, og som i tillegg skal spele opp til dans etter konserten er over. Her får ein alt ein ønskjer seg - det er nærmest som eit kinderegg, smiler Urke.

Startskot
-Vi gler oss kvart år til teltet blir rigga og gjort klart på Kulturalmenningen. Det er liksom startskotet på festivalen kvart år. Og i år blir Kulturalmenningen meir enn nokon gong før ein festivalplass, seier Line Urke.
Heile Kulturalmenningen blir i år rigga og sperra av til konsert- og festplass, med to scener og festivaltelt.
-Ei av scenene blir utandørs, medan den andre blir inne i teltet til dans. Og i år blir også dansegolvet oppgradert frå asfalt til treplatting, fortel Urke.

Rotlaus
Rotlaus frå Ørsta har på kort tid blitt eit av landets mest omreisande og ettertrakta liveband.
Dei kan vise til fleire listeplasseringar enn dei fleste og har fått tildelt ei rekke trofèar for sine låtar.
I 2015 kom debutalbumet “Bygderamp” som gjekk rett inn på topp 10 VG-Lista og eit nytt begrep vart til. Seinere har bandet utgitt ei rekke singlar, som alle har ligge inne på norske topplister. Andre albumet i rekka “på vei”, har fått mykje god omtale og ligg i skrivande stund på 5. plass på norske albumlister.
Billettar kan du kjøpe på https://tikkio.com/tickets/5717-rotlaus-trebaatfestivalen
Festivalteltet (18 års aldersgrense)
Lørdag 25. august
Billettar: 350,-

GENERALSPONSOR