heimebandet_banner_m-bilete.jpg

Heimebandet på heimebane

Med meir enn 150 års erfaring frå ulike band på Søre Sunnmøre, var det ikkje vanskeleg å velje seg namn på det nye bandet; «Heimebandet».

Saman med en bukett rutinerte, heimekjære og godt vaksne vokalister, har kapellmeister Rune Ertesvåg samla noko av dei beste som framleis kan krype eller gå utan hjelp, til show og dans under Trebaatfestivalen.
Heimebandet med Rune Ertesvåg, Øystein Djupvik, Bertil Tødenes og Peter Demirov, har erfaring frå ulike band og arrangement gjennom fleire tiår, innan fleire stilartar og tidsepoker. Alt frå storband, via pop til rock – dei kan det meste og er betre enn dei fleste.
No har dei også fått med seg fleire av dei mest profilerte og nytta vokalistane i distriktet, som vil presentere seg frå ulike sider og med ulike stilartar. Dei heimekjære stjernevokalistane er Mari Ann Vattøy, Mette Longva, Trude Sørdal, Atle Remøy og Ronald Øvrelid.
De ni musikarane inviterer til show du aldri har sett før med utvalde låtar i festivalteltet, og spelar til dans etter showet er ferdig.
Musikarane går på scena ca kl 20.00, medan dansen startar ca kl 22.30. Heile kvelden samla i ein billett.
Festivalteltet fredag 24. august
Billettpris: 300,-

GENERALSPONSOR