Banksjef Lillian Breivik (t.v.) og festivalsjef Line Urke er klare til Trebaatfestivalen, og har signert ny avtale der Sparebank1 er hovedsponsor.
Banksjef Lillian Breivik (t.v.) og festivalsjef Line Urke er klare til Trebaatfestivalen, og har signert ny avtale der Sparebank1 er hovedsponsor.

Ny avtale for Trebaatfestivalen

Sparebank 1 Søre Sunnmøre har teikna ny avtale som hovudsponsor for Trebaatfestivalen, og er med på å sikre den populære festivalen økonomisk.

SpareBank 1 har vore ein av dei viktigaste samarbeidspartnerane for Trebåtfestivalen nesten heilt frå starten for 13 år sidan. I same periode starta banken avdeling i Ulsteinvik.
-Avtalen med Sparebank 1 er viktig for det økonomiske grunnlaget for festivalen. Så lenge den maritime klynga slit, så er denne avtalen viktigare enn nokon gong før, seier festivalsjef Line Urke.
Ho skulle ønske seg mange fleire hovudsponsorar, slik det var før om åra. -Men no er det altså berre ein, og blir mykje godt berebjelken vår, seier Urke.

Visjon
- Visjonen til banken er at «Vi skal gjere det betre å bu og virke i regionen». Som den folkefesten Trebaatfestivalen har blitt, så støtter det visjonen til banken. Dette er ein festival for folk flest, både store og små, seier Lillian Breivik, som er banksjef i avdelinga i Ulsteinvik.
- Trebaatfestivalen var ein festival som banken kunne bli synlege på, og banken ønskte å støtte lokalt. Med omtrent same lange historie i Ulstein  og same visjonen om å skape noko for Ulsteinvik, så er vi glade for å få samarbeide med Trebaatfestivalen, seier Breivik.

Strålande fornøgd
Festivalsjef Line Urke er strålande fornøgd med å ha Sparebank1 med vidare på laget, det i ei tid då det maritime næringslivet ikkje blomstrar men gjer seg klare til å ta laus på ei ny epoke.
-Sparebank1 har vore ein trufast og solid lagspelar nesten like lenge som festivalen har eksistert. Dei er ein positiv og samtidig krevjande partner å ha med seg, som gjer at vi heile tida må stille krav til oss sjølve om å bli betre og utvikle oss, seier Line Urke.
Trebaatfestivalen vert arrangert i Ulsteinvik 23.-26. august.

HOVEDSPONSOR