Om Trebaatfestivalen

Trebaatfestivalen vert arrangert kvart år i august. Arrangøren er Ullaholm Båtklubb, som eig den gamle svenskeskøyta M/S Ullaholm. Kvart år samlar festivalen trebåtinteresserte, tilreisande og lokalbefolkning til ein stor folkefest i veke 33 i august månad. 

Idèèn om å vekke interesse for trebåtar
Idèèn om ein trebåtfestival kom opp, under ein tur med båten M/S Ullaholm, der det vart diskutert både korleis det kunne skaffast pengar til drift og vern av denne skuta, samt vekke interesse for trebåtar og båtar generelt i Ulsteinregionen. Ideen om ein festival, kunne muligens vere med å oppfylle begge desse ynskja. Dette var i juni 2006, og medlemmane av Ullaholm Båtklubb, kunne etter 2 månadar intens jobbing arrangere den fyrste festivalen 17-19 august 2006.

Suksessful festival
Den fyrste festivalen vart ein suksess, strålande sol gjorde at mange besøkte denne fyrste festivalen. Båteigarar, lokalbefolkning, sponsorar og andre bidragsytarar var velvillige og ville gjerne vere med å gi dette arrangementet ein sjanse. Når opptellinga vart gjort etter festivalen, var det ingen tvil, festivalen viste overskudd, og arbeidet med neste års festival starta umiddelbart. Suksessen gjentok seg i 2007, og vi la som målsetting å doble aktiviteten kvart år dei fyrste 3 åra.

Båtfolk i fokus
Vi i festivalkomiteen håpar at flest mogleg tek turen til Ulsteinvik under festivalen, og vi lovar å legge alle forhold som står i vår makt, tilrette best mogleg for alle besøkande! Båtfolket står i fokus, og vi tilbyr derfor gratis kaiplass, gratis straum/vatn, og til alle som kjem med trebåt ventar det ei ekstra overasking!

Om Ulsteinvik

"Som ei dronning mellom møyar...." syng dei i songen om Ulstein. Dette er sitatet som fortel om ei plass som ligg innimellomidylliske holmar og skjer på Sunnmørskysten. Kommunen Ulstein er ein del av Hareidlandet som igjen er ein del av eit øyrike, som omfamnar dei fire kommunene Hareid, Ulstein, Herøy og Sande.

Regionsenter på Ytre Sunnmøre
I 2008 fekk øyriket fastlandsamband i Eiksundsambandet som er Europas djupaste undersjøiske tunnel. Ein no er landfast med kommunene Ørsta og Volda i sør, og med fergesambandet Hareid - Sulesund for å kome til Ålesund og vidare.

Bygdebyen Ulsteinvik er regionsenteret på Ytre Sunnmøre, og har ca 7000 innbyggjarar. Her har ein lange tradisjonar i bygging av båtar og skip. Heilt i frå starten med koparklinka trebåtar og til no med høgtekologiske skip som reiser rundt i heile verda på oppdrag.

Store bedrifter som Kleven Verft, Ulstein Verft, Rolls Royce Marine og Island Offshore har hovudsete i Ulstein. Dette fortel at det meste skjer i fjøresteinane og langs med land. Alle denne kreativiteten og sunnmøringane sin gründerånd, har gjort at Ulstein Kommune har no eit unikt maritimt miljø, som har skapt svært mange arbeidsplassar og frisk kapital.

Rik på kultur
Ulstein er rik på idrett og kultur, der det femjer mellom 1.divisjonslaget Hødd, til eit spennande kulturliv, som omhandlar alt i frå korsong og kunstgalleri til heftige konsertar for folk i alle aldre. Det som Ulstein har blitt kjend for i nyare tid er handelsenteret Ulsteinvik. Her har ein gjennom fleire tiår greidd å opparbeidd seg eit variert handelsentrum som er i sterk ekspansjon! Med alt ifrå koselige småbutikkar, til dei svære kjøpesentera Blåhuset og Amfi Ulsteinvik, har dette bidrege til eit svært konkurransedyktig handelsentrum for heile regionen.

Vil ein ut å slappe av og kose seg, har ein eit bra uteliv med restaurantar og kafèar på gateplan, der ein kan enten nyte seg ein god kaffikopp, ein matbit eller ut å more seg om kveldane. Her kan ein nemne i fleng uteplassar og spisestadar som t.d. Quality Hotell Ulstein, Kaffebaren, Den Gode Nabo, Kaffikari, Cafè Nova og Fiesta.

Framleis i sterk vekst
Ulsteinvik fekk bystatus i år 2000, og har sidan den gongen vore i sterk vekst. To store kjøpesenter samt fleire andre store forretningsbygg har kome opp i sentrum. Ulsteinvik er i dag ein av dei største tettstadane på Sunnmøre.

I Ulsteinvik sentrum finn du over 100 butikkar i ulike bransjar, enten inne på eit av kjøpesentera, BLÅHUSET og AMFI, eller ute i ei av handlegatene. I Saunesmarka finn du fleire store butikkar som El-Kjøp, Expert, Biltema, Møbelringen, XL Marin etc.

Ulstein kommune

Befolkning: 8 430
Areal: 97 km²
Nettstad: www.ulstein.kommune.no

GENERALSPONSOR