Festival-QUIZ

portrett_ha_kon.jpg

Festivalteltet torsdag 18. august kl. 19.30. Påmelding via e-post (50,- pr. deltagar, betalast i døra)

Vi startar med festival-QUIZ torsdag 18. august. Ettersom ingen andre har gjort hevd på å lage Sunnmørs-meisterskap i quiz, gjer vi det i allefall uoffisielt.

Quizen vert i Festivalteltet på Kulturalmenningen torsdag kveld, og blir leia av den rutinerte quiz-verten Håkon Vestnes frå Larsnes.

Det er sett ei grense på 50 lag, kvart lag med inntil 8 personar. Og det er allereie komt inn påmeldingar frå sponsorar, som vil stille eigne bedriftslag. Påmelding: Send mail med namn på deltakarar/namn på Quiz-lag til post@trebaatfestivalen.no. Flotte premiar!

Ubåtkaptein: Tidlegare ubåt-kaptein og popmusikar John Jeanette Remø kjem tilbake til heimbygda Ulsteinvik for å fortelje om livet som transperson.

Foto: Bjørn Langsem
Ubåtkaptein: Tidlegare ubåt-kaptein og popmusikar John Jeanette Remø kjem tilbake til heimbygda Ulsteinvik for å fortelje om livet som transperson. Foto: Bjørn Langsem

Foredrag med John Jeanette Remø

Sjøborg kulturhus fredag 19. august kl 19 

Livet som transe

No var alt oppdaga! Livet var over, og 15-åringen tenkte at einaste løysing no var å gå ned i kjellaren og hengje seg. Viss ikkje ville livet heretter bli berre skam – og alle ville vende seg bort frå han.

Ja, slik tenkte femten år gamle John Remø ein kveld i 1964. Han var ute og gjekk i mørkret iført dameklede, på ein sein kveldstur ut frå heimen i Ulstein, då ein gutegjeng heldt på å nå han att. John gjekk så fort han kunne på høghæla sko, og sjansa på å ta til venstre i eit vegkryss. Ein av gutane nådde han igjen og sa først «Hei frøken, skal eg følgje deg heim?» - før han utbraut: «Neimen er det du John!?».
– Verda rasa sjølvsagt saman. Eg tenkte at familie, vener og absolutt alle ville kome til å fordømme meg og ta avstand frå meg for alltid. For å seie det forsiktig: Å vere transperson var ikkje akkurat akseptert i Ulstein for over femti år sidan, seier John Remø, som no også kallar seg Jeanette Solstad. Under Trebaatfestivalen i Ulsteinvik skal han halde foredrag om sitt liv som transperson.
– I ti – femten år no har eg reist rundt og prata om dette – truleg har det blitt over hundre foredrag. Men det blir aller første gongen eg fortel om livet mitt heime i Ulsteinvik. Det blir heilt klart litt spesielt, seier John/Jeanette, som i år rundar 67 år.

Slo tilbake
Tilbake til den dystre kvelden i 1964:
– Eg laga løkkje på tauet og hengde det opp i kjellaren. Då eg skulle leggje løkkja om halsen, ombestemte eg meg. Livet var kanskje verdt å leve likevel? Eg hadde mange vener, var musikalsk og bra i fotball. Så eg bestemte meg for å vere så frekk at eg skulle nekte alt saman.
Som tenkt, så gjort: Kvelden etter møtte han opp på kino i Ulsteinvik. Og merka straks at rykta om det som hadde hendt kvelden før hadde gått. Han vart også møtt med hånlatter av fleire kameratar.
– Eg sa noko slikt som «neimen ærleg talt! De må jo ikkje tru på alt som vert sagt av fulle folk!». Nekta blankt på heile greia, og lukkast med det. Eg slapp unna. Truleg var det nok enkelte som ikkje visste kva dei skulle tru, og prata om det ei tid etterpå, men det vart aldri noko problem for meg, minnest John, som seinare vart lokal popstjerne saman med bandet «Five Beats». Dei spelar enno, og skal opptre etter foredraget til John/Jeanette. Og då skal John kanskje spele saman med sine gamle bandkompisar igjen.
– Ja, eg må vel det, sidan det allereie har stått i Regionavisa at eg skal det, flirer John, og legg til:
– Dei andre i bandet har sagt at eg gjerne må stille som Jeanette, men det vert ikkje tid til å øve saman. Kanskje blir eg med på eit par låtar.

Macho yrkesval
John/Jeanette har ei yrkeskarriere bak seg som vi vil tru dei færraste vil forbinde med det å vere transperson. Han har nemleg vore statslos, og på 1970-talet vart han Norges yngste ubåtkaptein gjennom tidene.
– Men herregud då, John! Det hadde vore mon i mindre! Ubåtkaptein må vel vere eit av dei mest macho yrka som tenkjast kan…?
– Hahaha, ja, i alle fall var det det den gongen. Sidan har vi jo fått ein kvinneleg ubåtkaptein i Norge. Men ja – skjønar kva du meiner. At eg likte å gå i dameklede heldt eg sjølvsagt djupt hemmeleg. Eg tok på meg dameklede utelukkande då eg var åleine bak ei låst dør på den tida.
– Ja, det skjønar eg godt.
– Du gjer det ja? Ja, for det var jo først i 2010 at vi transpersonar offentleg vart erklærte friske gjennom lovverket. Før dette årstalet vart vi faktisk rekna som psykisk sjuke! Hadde eg blitt «oppdaga» den gongen, hadde eg mist jobben på dagen. Eg hadde jo kommandoen over tjue mann på ein ubåt under den kalde krigen. Ikkje ein særleg godt eigna jobb for ein «sinnslidande»! Når eg tenkjer tilbake, så var eg truleg reddare for å bli avslørt som den eg var, enn for Sovjet og krig, sjølv om det sjølvsagt ikkje akkurat var ein behageleg tanke heller.

Sjokk og skilsmisse
Etter nokre år borte frå Ulsteinvik, flytta John heimatt på 1980-talet, og arbeidde då som statslos.
John Jeanette flytta til Oslo for vel tjue år sidan. Der bur han ilag med kona Kristin som for lengst har akseptert John Jeanette for den han/ho er.

Hetero
– Var du nokon gong inne på tanken om å skifte kjønn?
– Ja, ved to høve har eg tenkt tanken, men slo det frå meg. Då ville eg jo ha mist seksualiteten min, for eg er utelukkande tiltrekt av kvinner på den måten. Og det trass i at eg nok er meir kvinne enn mann «oppe i haudet».
– Det der skjønar eg ikkje, John/Jeanette….
– Nei, men det treng du heller ikkje. Det er nok å akseptere at enkelte av oss menneske er slik. Mange av dei andre transpersonane eg kjenner har det på same måten. Heldigvis har haldningane til oss endra seg svært mykje dei siste tiåra. Det kan ikkje samanliknast med korleis det var ein gong…
– Men trur du ikkje at folk flest lest som dei er meir tolerante enn dei er, både overfor transpersonar, homoseksuelle og andre? Eg meiner – kanskje vågar ikkje enkelte å uttrykkje sin skepsis fordi dei er redde for å bli stempla som «politisk ukorrekte»?
– Kan godt vere at du har litt rett i det. Men motforestillingane mot oss er likevel nokså skarpe i enkelte kretsar, og eg tenkjer då spesielt på enkelte religiøse miljø. Men det hjelper godt på at lovverket er endra, så vi ikkje lenger blir sett på som psykisk sjuke. Transpersonar fekk vern i den norske likestillings- og diskrimineringslova frå 1. Januar 2014. Frå 1. juli i år trer dessutan ei ny lov i kraft som gir oss rett til sjølve å endre vårt juridisk kjønn. Dermed vil det vere samsvar mellom pass og ID-papir, kjønnsidentiteten og det kjønnsuttrykket vi framstår i.

Splitta?
– Apropos det med psykisk sjukdom: Du refererer til både John og Jeanette. Meinte psykologane at transseksualitet var i slekt med det å ha splitta personlegdom – schizofreni?
– Kanskje var det noko i den retninga dei meinte ja. Men eg er verken schizofren eller har ein splitta personlegdom. Nokre av oss er fødde som transpersonar. Og eg er ein av dei.
Seier John Jeanette, som er spent på om søre-sunnmøringane er interesserte i å høyre på foredraget hans. Om dei finn det interessant å høyre ei livshistorie utanom det vanlege. Kanskje har dette blitt så lite kontroversielt no at det ikkje er tema lenger? I alle fall er han spent på responsen når han kjem tilbake som trans-profet i eiga heimbygd. Foredraget er lagt opp med bilde, musikk og små filmsnuttar. John Jeanette lovar både latter og tårer, og ikkje minst: Ny kunnskap til dei som kjem.
– Uansett er det ikkje så mange åra sidan dette var reine tabuet. Noko som gjorde at eg mildt sagt var godt vaksen før eg stod fram som den eg er, sjølv om eg var berre nokre få år gammal då eg oppdaga at eg likte å kle meg i jenteklede. Og eg var berre ti – tolv år gammal då eg slo opp i eit medisinsk leksikon og kunne lese at dette var «en sykelig trang til å kle seg i dameklær»… Frå då av og i fleire tiår framover levde eg altså som sjukeleggjort av det norske samfunnet.
Fritt liv
I seinare år har John kunna vandre rundt som Jeanette i hovudstaden utan å bekymre seg over dette, og meiner han/ho har blitt kjend med mange interessante menneske nettopp på grunn av at han/ho er transperson. Dei siste par åra har John Jeanette også vore front-figur i ei kampanje som Amnesty International har køyrt for manglande menneskerettar for transpersonar.
– Men du – eg lurer på ein ting: Som John er du heterofil mann. Er det ikkje litt ubehageleg når du er Jeanette, og menn viser interesse?
– Nei, eg har ikkje opplevd det som noko problem. Heller som eit kompliment til Jeanette!

Sjøborg fredag 19. august kl. 19

Torskangerpoll Musikkl. m/ Isak Søraa

isak_torskangerpoll_storband_1.jpg

Festivalteltet fredag 19. august kl. 21

Frir til publikum

– Alle som kjem på konsert-en vår, kjem til å kunne glede seg over songar dei kjenner godt, - framførte med humør og rytme.

Det lovar leiar Johan Våge i Torskangerpoll Musikklag frå Vågsøy, som skal spele på Trebaatfestivalen i Ulsteinvik i august.
– Det blir tre kvarter med populærmusikk av ulike sjangrar, frå hits til songar kjende frå musikalar. Og så har vi med oss den fabelaktige songaren Isak Søraa, seier Våge, og legg til:
– Søraa er ein av landets fremste Elvis-tolkarar, men denne gongen er det songar av andre kjende artistar han skal framføre. Han er ein glimrande songar også når han ikkje er «Elvis».
Torskangerpoll Musikklag vart stifta allereie i 1920, og er dermed berre fire år unna hundreårsjubileet. Som namnet meir enn antydar, vart det i si tid stifta i den vesle grenda Torskangerpoll, der dei no eig ein nedlagt skule. Korpset skal ha kjøpt inn notar og instrument for 1600 kroner like etter stiftinga, noko som var eit enormt økonomisk løft for ei lita bygd i 1920.
I nyare tid har musikklaget vore meir urbane av seg, og øver i Frelsesarmeen sine lokale i Måløy. På merittlista til korpset står to gullmedaljer i NM for brassband: I 1999 vann dei tredje divisjon, og i 2008 gjekk dei til topps i fjerde divisjon. Begge storhendingane fann stad i Bergen, i ein fullsett Grieghall.
I dag har korpset tretti medlemmer mellom sytten og sytti år, og korpset arrangerer frå tid til anna Stormfestival i heimkommunen. Då inviterer dei andre korps og musikklag til storfest ved havet.
Populærmusikk-showet dei kjem til Ulsteinvik med har enno ikkje fått noko namn, men har fått svært god mottaking dei andre stadene musikantane har framført det.
–Vi er ein humoristisk gjeng som verkeleg likar å glede publikum. Vi har sjølvsagt eit breitt repertoar, men dette showet er altså verkeleg eit publikumsfrieri. Her skal folk verkeleg kose seg!

Tid: 19. august
Stad: Festivalteltet, Ulsteinvik

Kontrollert Kaos

kontrollertkaos.jpeg

Festivalteltet, laurdag 20. august kl. 21

Den lokale rap-gruppa Kontrollert Kaos vil få taket i teltet til å lette laurdagskvelden!

Kontrollert Kaos er eit hip-hopkollektiv frå Søre Sunnmøre. På scena vil du finne Birdie, Andy og DJ Robbadoc – alle med ei forrykende stemning på scena. Kom ein, kom alle!

Five Beats: Atle Gjerde, Roger Røyset, Asbjørn Brubakk og Jogeir Gjerde
Five Beats: Atle Gjerde, Roger Røyset, Asbjørn Brubakk og Jogeir Gjerde

Five Beats

Festivalteltet, fredag 19. august kl. 22

Evighetsmaskinen

– Om vi har tenkt å gje oss no? Nei, kaffor skulle vi det? Vi er for lengst over krangle-stadiet, så dermed er det berre å køyre på vidare!

Det seier Søre Sunnmøre sin eldste rockar, gitarist Jogeir Gjerde (snart 75) i Hareid-bandet «Five Beats», som trass i at dei hadde si første øving i 1963, er i gang med innspeling av ny CD med sjølvlaga materiale, - og øvar jamnt og trutt til konserten dei skal halde under Trebaatfestivalen i Ulsteinvik i august.
– De er over kranglestadiet, altså? Det betyr kanskje muligens at de krangla litt i gamle dagar?
– Om vi gjorde? Å, du måkje snakke! Seier Jogeir i mobilen, og opplyser at han sit ved ei hytte ved sjøen kun iført «ondebrok» på grunn av den uventa sunnmørssommar-varmen…
– Jaudå – det hende at vi kasta gitarane veggimellom og fór på dør. I alle fall dei andre, som var berre gutungane. Eg var jo 22 år gammal då bandet vart starta, og prøvde å halde styr på dissa gutungane. Men det var ikkje alltid så lett, kan eg fortelje deg!

Rockarar på rutebuss
Jogeir er eit vell av historier, og minnast godt dei tallause gongane Five Beats spelte rundt om i distriktet, i år etter år, tiår etter tiår.
– Legendariske «Idavollen» i Ørsta vart ofte besøkt av oss. Og det var noko til styr! Vi lasta gitarar, forsterkarar og slagverk om bord i rutebussen og fór innover. Så om bord i ferja og på ny buss. Den langt yngre broren min, Atle Gjerde, var med frå starten, og mor gav meg klar beskjed om å passe på lissjeguten. Hahahahaha!!!

Skulepliktige
– Ja, det he sine side å vere storebror, Jogeir! Kva vil publikum få høyre på Trebaatfestivalen då?
– Det blir vel heile vårt repertoar det! Vi spelar ikkje så mykje frå den aller første rocken på 1950-talet, men 60- og 70-talet er godt representert: Beatles, Creedence, Hollies, Rolling Stones og Eagles. Og så ein del blues – med munnspel – og sjølvlaga songar frå fram gjennom åra, lovar Jogeir.
Sjølv spelte han til dans allereie på 1950-talet, før resten av Five Beats var skulepliktige. Då gjekk det i gamle 50-talssvisker, trekkspel, gitar og bass.
– Så kom Shadows med gitar, bass, trommer – ingen vokal – og tok kverken på trekkspelet. Og i 1963 kom jo Beatles og tok kverken på Shadows-musikken! Då var det berre å hive seg rundt og gå over frå ingen song til trestemt song! Men det gjekk jo fint det, særleg på grunn av Charles Overå som var med den gongen, som var ein glimrande songar. Kort tid etter kom Rolling Stones med meir rølpete rock, og vi heiv oss på det også.

Danseband
– Og no er Five Beats danseband?
– Danseband?? Nei, veit du ka! Noko danseband har vi aldri vore, og kjem heller aldri til å bli! Nei, vi er gamle rockarar! Er vi det.
– Janei, ok då! Og de har jo halde på berre eitt år kortare enn Rolling Stones…
– Ja, var det ikkje i 1962 dei starta? Dei er vel på vår alder dei, i alle fall på min. Dei andre i gruppa er jo framleis berre ungdommane…

… og elles
– Og elles? Kor det går med nyeplata?
– Jauda, bortsett frå nokre tekniske problem med opptaka for ei stund sidan, går det fint. Vi har det kjekt når vi møtest i studio, av og til alle, nokre gonger berre to – tre av oss. Og vi ser ingen grunn til å spele inn coverlåtar på platene våre lengre – der går det i sjølvkomponert materiale no. Det vil seie – vi har skrive om ein Hollies-låt til sunnmørsdialekt.
– Ja, det blir jo halvvegs original-materiale det?
– Ja, det blir det. Og vi har alltid prøvd å lage nye arrangement på coverlåtar også. Lite vits i å skulle prøve å kopiere hundre prosent originalversjonane.
Seier Jogeir, som etter tre kvart hundreår her i livet framleis
insisterer på å vere rockar.

Red Hot
m/Knut Marius Djupvik

THE VOICE: Energibomba Knut Marius Djupvik med bandet Red Hot er klar for Trebaatfestivalen, og spelar i festivalteltet laurdag kveld.
THE VOICE: Energibomba Knut Marius Djupvik med bandet Red Hot er klar for Trebaatfestivalen, og spelar i festivalteltet laurdag kveld.

Festivalteltet, laurdag 20. august kl. 23

Red Hot med The Voice-vinnar Knut Marius Djupvik som vokalist dreg i gang kvelden for alvor.

Det 11 mann store bandet med eiga blåserekke leverer trøkk av ei  anna verd frå scena, og er eit energisk liveband som har utvikla seg frå å vere eit reindyrka bluesband til å ha integrert stadig fleire element av funk, soul og jazz, - og ser i dag på seg sjølve meir som eit rhytm & blues-band av den gammeldagse sorten.
Red Hot kjem til Trebaatfestivalen rett frå studio Ocean Sound Recordings på Giske, der dei spelar inn sitt siste album «Social Medicine».
Dobbeltkonsertane under Moldejazz har dei siste 8 åra vore utselde!

GENERALSPONSOR