Five Beats: Atle Gjerde, Roger Røyset, Asbjørn Brubakk og Jogeir Gjerde
Five Beats: Atle Gjerde, Roger Røyset, Asbjørn Brubakk og Jogeir Gjerde

Five Beats

Festivalteltet, fredag 19. august kl. 22

Evighetsmaskinen

– Om vi har tenkt å gje oss no? Nei, kaffor skulle vi det? Vi er for lengst over krangle-stadiet, så dermed er det berre å køyre på vidare!

Det seier Søre Sunnmøre sin eldste rockar, gitarist Jogeir Gjerde (snart 75) i Hareid-bandet «Five Beats», som trass i at dei hadde si første øving i 1963, er i gang med innspeling av ny CD med sjølvlaga materiale, - og øvar jamnt og trutt til konserten dei skal halde under Trebaatfestivalen i Ulsteinvik i august.
– De er over kranglestadiet, altså? Det betyr kanskje muligens at de krangla litt i gamle dagar?
– Om vi gjorde? Å, du måkje snakke! Seier Jogeir i mobilen, og opplyser at han sit ved ei hytte ved sjøen kun iført «ondebrok» på grunn av den uventa sunnmørssommar-varmen…
– Jaudå – det hende at vi kasta gitarane veggimellom og fór på dør. I alle fall dei andre, som var berre gutungane. Eg var jo 22 år gammal då bandet vart starta, og prøvde å halde styr på dissa gutungane. Men det var ikkje alltid så lett, kan eg fortelje deg!

Rockarar på rutebuss
Jogeir er eit vell av historier, og minnast godt dei tallause gongane Five Beats spelte rundt om i distriktet, i år etter år, tiår etter tiår.
– Legendariske «Idavollen» i Ørsta vart ofte besøkt av oss. Og det var noko til styr! Vi lasta gitarar, forsterkarar og slagverk om bord i rutebussen og fór innover. Så om bord i ferja og på ny buss. Den langt yngre broren min, Atle Gjerde, var med frå starten, og mor gav meg klar beskjed om å passe på lissjeguten. Hahahahaha!!!

Skulepliktige
– Ja, det he sine side å vere storebror, Jogeir! Kva vil publikum få høyre på Trebaatfestivalen då?
– Det blir vel heile vårt repertoar det! Vi spelar ikkje så mykje frå den aller første rocken på 1950-talet, men 60- og 70-talet er godt representert: Beatles, Creedence, Hollies, Rolling Stones og Eagles. Og så ein del blues – med munnspel – og sjølvlaga songar frå fram gjennom åra, lovar Jogeir.
Sjølv spelte han til dans allereie på 1950-talet, før resten av Five Beats var skulepliktige. Då gjekk det i gamle 50-talssvisker, trekkspel, gitar og bass.
– Så kom Shadows med gitar, bass, trommer – ingen vokal – og tok kverken på trekkspelet. Og i 1963 kom jo Beatles og tok kverken på Shadows-musikken! Då var det berre å hive seg rundt og gå over frå ingen song til trestemt song! Men det gjekk jo fint det, særleg på grunn av Charles Overå som var med den gongen, som var ein glimrande songar. Kort tid etter kom Rolling Stones med meir rølpete rock, og vi heiv oss på det også.

Danseband
– Og no er Five Beats danseband?
– Danseband?? Nei, veit du ka! Noko danseband har vi aldri vore, og kjem heller aldri til å bli! Nei, vi er gamle rockarar! Er vi det.
– Janei, ok då! Og de har jo halde på berre eitt år kortare enn Rolling Stones…
– Ja, var det ikkje i 1962 dei starta? Dei er vel på vår alder dei, i alle fall på min. Dei andre i gruppa er jo framleis berre ungdommane…

… og elles
– Og elles? Kor det går med nyeplata?
– Jauda, bortsett frå nokre tekniske problem med opptaka for ei stund sidan, går det fint. Vi har det kjekt når vi møtest i studio, av og til alle, nokre gonger berre to – tre av oss. Og vi ser ingen grunn til å spele inn coverlåtar på platene våre lengre – der går det i sjølvkomponert materiale no. Det vil seie – vi har skrive om ein Hollies-låt til sunnmørsdialekt.
– Ja, det blir jo halvvegs original-materiale det?
– Ja, det blir det. Og vi har alltid prøvd å lage nye arrangement på coverlåtar også. Lite vits i å skulle prøve å kopiere hundre prosent originalversjonane.
Seier Jogeir, som etter tre kvart hundreår her i livet framleis
insisterer på å vere rockar.

GENERALSPONSOR