Ubåtkaptein: Tidlegare ubåt-kaptein og popmusikar John Jeanette Remø kjem tilbake til heimbygda Ulsteinvik for å fortelje om livet som transperson.

Foto: Bjørn Langsem
Ubåtkaptein: Tidlegare ubåt-kaptein og popmusikar John Jeanette Remø kjem tilbake til heimbygda Ulsteinvik for å fortelje om livet som transperson. Foto: Bjørn Langsem

Foredrag med John Jeanette Remø

Sjøborg kulturhus fredag 19. august kl 19 

Livet som transe

No var alt oppdaga! Livet var over, og 15-åringen tenkte at einaste løysing no var å gå ned i kjellaren og hengje seg. Viss ikkje ville livet heretter bli berre skam – og alle ville vende seg bort frå han.

Ja, slik tenkte femten år gamle John Remø ein kveld i 1964. Han var ute og gjekk i mørkret iført dameklede, på ein sein kveldstur ut frå heimen i Ulstein, då ein gutegjeng heldt på å nå han att. John gjekk så fort han kunne på høghæla sko, og sjansa på å ta til venstre i eit vegkryss. Ein av gutane nådde han igjen og sa først «Hei frøken, skal eg følgje deg heim?» - før han utbraut: «Neimen er det du John!?».
– Verda rasa sjølvsagt saman. Eg tenkte at familie, vener og absolutt alle ville kome til å fordømme meg og ta avstand frå meg for alltid. For å seie det forsiktig: Å vere transperson var ikkje akkurat akseptert i Ulstein for over femti år sidan, seier John Remø, som no også kallar seg Jeanette Solstad. Under Trebaatfestivalen i Ulsteinvik skal han halde foredrag om sitt liv som transperson.
– I ti – femten år no har eg reist rundt og prata om dette – truleg har det blitt over hundre foredrag. Men det blir aller første gongen eg fortel om livet mitt heime i Ulsteinvik. Det blir heilt klart litt spesielt, seier John/Jeanette, som i år rundar 67 år.

Slo tilbake
Tilbake til den dystre kvelden i 1964:
– Eg laga løkkje på tauet og hengde det opp i kjellaren. Då eg skulle leggje løkkja om halsen, ombestemte eg meg. Livet var kanskje verdt å leve likevel? Eg hadde mange vener, var musikalsk og bra i fotball. Så eg bestemte meg for å vere så frekk at eg skulle nekte alt saman.
Som tenkt, så gjort: Kvelden etter møtte han opp på kino i Ulsteinvik. Og merka straks at rykta om det som hadde hendt kvelden før hadde gått. Han vart også møtt med hånlatter av fleire kameratar.
– Eg sa noko slikt som «neimen ærleg talt! De må jo ikkje tru på alt som vert sagt av fulle folk!». Nekta blankt på heile greia, og lukkast med det. Eg slapp unna. Truleg var det nok enkelte som ikkje visste kva dei skulle tru, og prata om det ei tid etterpå, men det vart aldri noko problem for meg, minnest John, som seinare vart lokal popstjerne saman med bandet «Five Beats». Dei spelar enno, og skal opptre etter foredraget til John/Jeanette. Og då skal John kanskje spele saman med sine gamle bandkompisar igjen.
– Ja, eg må vel det, sidan det allereie har stått i Regionavisa at eg skal det, flirer John, og legg til:
– Dei andre i bandet har sagt at eg gjerne må stille som Jeanette, men det vert ikkje tid til å øve saman. Kanskje blir eg med på eit par låtar.

Macho yrkesval
John/Jeanette har ei yrkeskarriere bak seg som vi vil tru dei færraste vil forbinde med det å vere transperson. Han har nemleg vore statslos, og på 1970-talet vart han Norges yngste ubåtkaptein gjennom tidene.
– Men herregud då, John! Det hadde vore mon i mindre! Ubåtkaptein må vel vere eit av dei mest macho yrka som tenkjast kan…?
– Hahaha, ja, i alle fall var det det den gongen. Sidan har vi jo fått ein kvinneleg ubåtkaptein i Norge. Men ja – skjønar kva du meiner. At eg likte å gå i dameklede heldt eg sjølvsagt djupt hemmeleg. Eg tok på meg dameklede utelukkande då eg var åleine bak ei låst dør på den tida.
– Ja, det skjønar eg godt.
– Du gjer det ja? Ja, for det var jo først i 2010 at vi transpersonar offentleg vart erklærte friske gjennom lovverket. Før dette årstalet vart vi faktisk rekna som psykisk sjuke! Hadde eg blitt «oppdaga» den gongen, hadde eg mist jobben på dagen. Eg hadde jo kommandoen over tjue mann på ein ubåt under den kalde krigen. Ikkje ein særleg godt eigna jobb for ein «sinnslidande»! Når eg tenkjer tilbake, så var eg truleg reddare for å bli avslørt som den eg var, enn for Sovjet og krig, sjølv om det sjølvsagt ikkje akkurat var ein behageleg tanke heller.

Sjokk og skilsmisse
Etter nokre år borte frå Ulsteinvik, flytta John heimatt på 1980-talet, og arbeidde då som statslos.
John Jeanette flytta til Oslo for vel tjue år sidan. Der bur han ilag med kona Kristin som for lengst har akseptert John Jeanette for den han/ho er.

Hetero
– Var du nokon gong inne på tanken om å skifte kjønn?
– Ja, ved to høve har eg tenkt tanken, men slo det frå meg. Då ville eg jo ha mist seksualiteten min, for eg er utelukkande tiltrekt av kvinner på den måten. Og det trass i at eg nok er meir kvinne enn mann «oppe i haudet».
– Det der skjønar eg ikkje, John/Jeanette….
– Nei, men det treng du heller ikkje. Det er nok å akseptere at enkelte av oss menneske er slik. Mange av dei andre transpersonane eg kjenner har det på same måten. Heldigvis har haldningane til oss endra seg svært mykje dei siste tiåra. Det kan ikkje samanliknast med korleis det var ein gong…
– Men trur du ikkje at folk flest lest som dei er meir tolerante enn dei er, både overfor transpersonar, homoseksuelle og andre? Eg meiner – kanskje vågar ikkje enkelte å uttrykkje sin skepsis fordi dei er redde for å bli stempla som «politisk ukorrekte»?
– Kan godt vere at du har litt rett i det. Men motforestillingane mot oss er likevel nokså skarpe i enkelte kretsar, og eg tenkjer då spesielt på enkelte religiøse miljø. Men det hjelper godt på at lovverket er endra, så vi ikkje lenger blir sett på som psykisk sjuke. Transpersonar fekk vern i den norske likestillings- og diskrimineringslova frå 1. Januar 2014. Frå 1. juli i år trer dessutan ei ny lov i kraft som gir oss rett til sjølve å endre vårt juridisk kjønn. Dermed vil det vere samsvar mellom pass og ID-papir, kjønnsidentiteten og det kjønnsuttrykket vi framstår i.

Splitta?
– Apropos det med psykisk sjukdom: Du refererer til både John og Jeanette. Meinte psykologane at transseksualitet var i slekt med det å ha splitta personlegdom – schizofreni?
– Kanskje var det noko i den retninga dei meinte ja. Men eg er verken schizofren eller har ein splitta personlegdom. Nokre av oss er fødde som transpersonar. Og eg er ein av dei.
Seier John Jeanette, som er spent på om søre-sunnmøringane er interesserte i å høyre på foredraget hans. Om dei finn det interessant å høyre ei livshistorie utanom det vanlege. Kanskje har dette blitt så lite kontroversielt no at det ikkje er tema lenger? I alle fall er han spent på responsen når han kjem tilbake som trans-profet i eiga heimbygd. Foredraget er lagt opp med bilde, musikk og små filmsnuttar. John Jeanette lovar både latter og tårer, og ikkje minst: Ny kunnskap til dei som kjem.
– Uansett er det ikkje så mange åra sidan dette var reine tabuet. Noko som gjorde at eg mildt sagt var godt vaksen før eg stod fram som den eg er, sjølv om eg var berre nokre få år gammal då eg oppdaga at eg likte å kle meg i jenteklede. Og eg var berre ti – tolv år gammal då eg slo opp i eit medisinsk leksikon og kunne lese at dette var «en sykelig trang til å kle seg i dameklær»… Frå då av og i fleire tiår framover levde eg altså som sjukeleggjort av det norske samfunnet.
Fritt liv
I seinare år har John kunna vandre rundt som Jeanette i hovudstaden utan å bekymre seg over dette, og meiner han/ho har blitt kjend med mange interessante menneske nettopp på grunn av at han/ho er transperson. Dei siste par åra har John Jeanette også vore front-figur i ei kampanje som Amnesty International har køyrt for manglande menneskerettar for transpersonar.
– Men du – eg lurer på ein ting: Som John er du heterofil mann. Er det ikkje litt ubehageleg når du er Jeanette, og menn viser interesse?
– Nei, eg har ikkje opplevd det som noko problem. Heller som eit kompliment til Jeanette!

Sjøborg fredag 19. august kl. 19

GENERALSPONSOR