Torskangerpoll Musikkl. m/ Isak Søraa

isak_torskangerpoll_storband_1.jpg

Festivalteltet fredag 19. august kl. 21

Frir til publikum

– Alle som kjem på konsert-en vår, kjem til å kunne glede seg over songar dei kjenner godt, - framførte med humør og rytme.

Det lovar leiar Johan Våge i Torskangerpoll Musikklag frå Vågsøy, som skal spele på Trebaatfestivalen i Ulsteinvik i august.
– Det blir tre kvarter med populærmusikk av ulike sjangrar, frå hits til songar kjende frå musikalar. Og så har vi med oss den fabelaktige songaren Isak Søraa, seier Våge, og legg til:
– Søraa er ein av landets fremste Elvis-tolkarar, men denne gongen er det songar av andre kjende artistar han skal framføre. Han er ein glimrande songar også når han ikkje er «Elvis».
Torskangerpoll Musikklag vart stifta allereie i 1920, og er dermed berre fire år unna hundreårsjubileet. Som namnet meir enn antydar, vart det i si tid stifta i den vesle grenda Torskangerpoll, der dei no eig ein nedlagt skule. Korpset skal ha kjøpt inn notar og instrument for 1600 kroner like etter stiftinga, noko som var eit enormt økonomisk løft for ei lita bygd i 1920.
I nyare tid har musikklaget vore meir urbane av seg, og øver i Frelsesarmeen sine lokale i Måløy. På merittlista til korpset står to gullmedaljer i NM for brassband: I 1999 vann dei tredje divisjon, og i 2008 gjekk dei til topps i fjerde divisjon. Begge storhendingane fann stad i Bergen, i ein fullsett Grieghall.
I dag har korpset tretti medlemmer mellom sytten og sytti år, og korpset arrangerer frå tid til anna Stormfestival i heimkommunen. Då inviterer dei andre korps og musikklag til storfest ved havet.
Populærmusikk-showet dei kjem til Ulsteinvik med har enno ikkje fått noko namn, men har fått svært god mottaking dei andre stadene musikantane har framført det.
–Vi er ein humoristisk gjeng som verkeleg likar å glede publikum. Vi har sjølvsagt eit breitt repertoar, men dette showet er altså verkeleg eit publikumsfrieri. Her skal folk verkeleg kose seg!

Tid: 19. august
Stad: Festivalteltet, Ulsteinvik

GENERALSPONSOR