Båtplass 2019


Namn på båt: Guttormsen Sr.
Antall fot: 50
Heimehamn: Florø
Heimeside: https://www.facebook.com/GuttormsenSenior/
Vekt på båt: 30000 kg.
Djupn på båt: 2,3 m
Informasjon om båten / historikk / kommentar:
"Guttormsen Senior" F -121- L. Bygd 1983 ved Olsen & Hanssen Båtbyggeri AS, Rognan som "Rolf Magne" til Roar Jensen, Gryllefjord. Solgt 1985.? til Georg Guttormsen, Bergsfjord, skiftet navn til "Guttormsen Sr.". Solgt 2004? til Seiland Kystfiske . Solgt 2006 til Runar Kleppe, Florø.
Namn på båt: Samaritan
Antall fot: 49,8 fot
Heimehamn: Eidsnes
Heimeside: Facebook
Vekt på båt: 18 tonn
Djupn på båt: 1,85
Informasjon om båten / historikk / kommentar:
Landets første ambulansebåt.
Namn på båt: Sankt Torunn
Antall fot: 35
Heimehamn: Sykkylven
Heimeside: Ingen
Vekt på båt: Ca 15 ton
Djupn på båt: 1,8 mBy
Informasjon om båten / historikk / kommentar:
Bygget i Vestnesbukta av Jarle Aas m flere 1981 Furu skrog teak og mahogny overbygg. Motor Perkins 185 hk. Første eier Jan Krogsæter i Ålesund solgt til Jens Petter Ekornes i 1982. Dagens eier siden 1985.
Namn på båt: Gro helen
Antall fot: 32
Heimehamn: Sykkylven
Heimeside: Har ikkje
Vekt på båt: Veit ikkje
Djupn på båt: 1,7-1,8 meter
Informasjon om båten / historikk / kommentar:
Bygd av bestefaren min på 80 talt
Namn på båt: Feie
Antall fot: 47
Heimehamn: Fosnavåg
Heimeside: Loskryssaren Feie - på facebook
Vekt på båt: 22 tonn
Djupn på båt: 1,90
Informasjon om båten / historikk / kommentar:
Bygd i 1960 på Nordtveit båtbyggeri til losvesenet. Var kontrahert og tiltenkt Kristiansund (med same namn) men enda på Fedje losstasjon og fekk namnet Feie. Losnummeret var 042. Var der til den vart avløyst av den større Holmengrå. Flytta nordover og var stasjonert på ulike losstasjoner som Lødingen og Tranøy. Har visst heitt Tranøy og ei periode. Frå 1983 på private hender og var då opplæringsbåt for skulebruk. Frå midten av 1980 talet omdøypt til Trollfjord, sertifisert og sett i turistfart ut frå Svolvær. Gjekk i den trafikken fram til 2014 då den vart seld til Bergen for so å hamne i Fosnavåg i 2016. Båten er avbilda på fleire av TORO sine fiskesupper (reine kjendisbåten). Feie har si eiga facebookside, er medlem i Norsk Motorskøyteklubb der eigar Robert Voldnes er kontaktperson for nordvestlandet. Feie er og tatt inn som medlem i Norsk Forening for fartøyvern. Båten var levert med trykkimpregnert spant og hud ( eit nyhende den gongen) og med oregon pine dekk. Ein 125 hk Brødrene Klemsdal stod i først, no motor nr 4, Volvo Penta D7 (2005). Feie er den nest mest originale av denne generasjonen loskryssarar, men truleg den i best stand takka vere sertifiseringa i turisttrafikken. Ombord ser ein spora etter alle dei ulike tiåra som har gått sidan starten i 1960.
Namn på båt: M/K Heland
Antall fot: 63 fot
Heimehamn: Ålesund
Heimeside: http://sunnmore.museum.no/musea/sunnmoere-museum/
Vekt på båt: 39 brutto registertonn
Djupn på båt: 3 m
Informasjon om båten / historikk / kommentar:
MK «Heland» blei bygd av Einar Helland på Vestnes i Møre og Romsdal i 1937 for Severin og Arne A. Roald og Olaf Røssvik. Fartøyet vart brukt i drivgarnfiske etter storsild, i torskefiske og i brugde- og småkvalfangst i Nordsjøen, Barentshavet, ved Jan Mayen og ved Island. Frå 1950 blei fartøyet brukt i størjefiske med størjenot i sommarhalvåret. I november 1941 stakk «Heland» etter oppdrag fra Milorg på Vigra med agentar og flyktningar over til Shetland. Fartøyet gjorde seinere fleire turar mellom Shetland og Norge for Shetlandsgjengen, men blei i 1943 stasjonert som reservebåt i Scalloway. Som ny fekk «Heland» installert ein Håhjem-motor. Denne blei bytta ut med ein 130 Hk Heimdal i 1960. Denne motoren står fortsatt om bord. Båten vart noko ombygd etter krigen. I 1971 blei «Helan» kondemnert og overtatt av Sunnmøre Museum same år. Fartøyet er verna av Riksantikvaren og skal bevarast som typisk representant for fiskeflåten for perioden 1930-60, og som representant for Shetlandsbussene. «Heland» blei restaurert ved Hardanger Fartøyvernsenter frå 1994 – 1998.
Namn på båt: Borgundknarren
Antall fot: 16 m
Heimehamn: Ålesund
Heimeside: http://sunnmore.museum.no/musea/sunnmoere-museum/
Vekt på båt: 17 brutto registertonn
Djupn på båt: 1,5 m
Informasjon om båten / historikk / kommentar:
Borgundknarren er kopi av eit havgåande vikingskip gravd ut ved Skuldelev i Roskilde fjord i Danmark. Knarrane var spesialbygde for handel. Borgundknarren er 16 m. lang, 4,6m. brei, og har eit råsegl på 87 m2. Kjøl, mastefisk og stamner er av eik, mens båtborda er av furu. Undersøking av treverket tyder på at originalen vart bygd i Sogn i 1025. Borgundknarren er bygd av Sigurd Bjørkedal og søner, og vart sjøsett i 1993. Borgundknarren har namn etter handelsstaden (kaupangen) Borgund, som var eit knutepunkt på Sunnmøre. Borgundkaupangen ligg i Borgundfjorden like ved Sunnmøre museum. Skriftlege kjelder frå sagatida fortel om ”Borgundar-batin” frå Borgund.
Namn på båt: Storeggen av Aalesund
Antall fot: 60 fot, med baugspyd 27 meter
Heimehamn: Ålesund
Heimeside: http://sunnmore.museum.no/musea/fiskerimuseet/
Vekt på båt: 38 registertonn
Djupn på båt: 3 m min fjøre sjø
Informasjon om båten / historikk / kommentar:
Storeggen av Aalesund er ein kopi av ei bankskøyte slik dei vart bygde på 1890 - talet her på Sunnmøre. Prosjektet har hatt som mål å rekonstruere byggeprosessen og å forske og formidle bankskøytene si betydning i ein region prega av fiskeri og skipsbygging. Skøytene krevde mykje mannskap og kompetanse, og fisket kunne foregå heile året. Dei var sentrale for dei store samfunnsendringane frå midten av 1800 - talet og utover. Skøyta vart bygd av Hardanger fartøyvernseter og er drifta av Fiskerimuseet / Stiftinga Sunnmøre museum. Foto: Vasco Pinhol
Namn på båt: MK Nordlys
Antall fot: 49
Heimehamn: Volda
Heimeside: http://www.xn--bjrkedalkystlag-6tb.no/
Vekt på båt: .
Djupn på båt: 3 m
Informasjon om båten / historikk / kommentar:
NK Nordlys er ein 49 fots kravellbygd kryssar, bygd ved Stensen & sønner (byggenr. 374) i Hemnes i Nordland i 1943. Då den var ny var lengda 40 fot, men båten vart kraftig ombygd og forlenga til 49 fot i 1955. Johan Jenshaug på Lovund var den første eigaren. Sønene Hans Johan og Svein Harald Jenshaug overtok den i 1965, og dei eigde og dreiv båten fram til 1997. Den hadde fiskerimerke N 286 L og kallesignal LNYC. Då familen Jenshaug selde båten i 1997, følgde nokre år då båten hadde fleire eigarar i Træna og Skjervøy, før Sørøyfisk AS på Ellingsøya i 2006 kjøpte den for å bruke kvoten på ein annan båt. Båten skulle då kondemnerast. Bjørkedal kystlag kjøpte den av Sørøyfisk i 2008 og fekk dispansasjon frå kravet om destruering. Då Sørøyfisk eigde båten, var merket M 119 A. Fartøyet hadde frå starten av ein 20 hk Union som vart tatt frå ein eldre båt familien Jenshaug hadde. Det var vanskeleg å få tak i motorar under krigen. I 1949 vart den erstatta med ein 30 hk Union. I 1961 vart den bytta ut med ein 90 hk Lister og i 1983 vart den motoren som er ombord i dag sett inn; ein 155 hk Volvo Penta MD 100B. Den var forsterka i framskipet for kvalfangst og i perioden 1944-52 vart det drive kvalfangst om sommaren. På det meste skaut dei tre vågekvalar på ein dag. Om vinteren tok dei del i lofotfiske med not og line, dei seinare åra også med juksamaskiner. I åra 1953-59 dreiv dei etter storsilda. «Nordlys» var også hjelpefartøy/slepar for større snurparar. Saman med andre fiskefartøy frå Lovund dreiv dei også fangst etter makrellstørje. Den 9. oktober 2007 henta Bjørkedal kystlag båten på Roald. På årsmøtet våren 2008 vart det med stort fleirtal vedteke å kjøpe Nordlys. No ligg Nordlys ved kai i Volda sentrum. Føremålet med kjøpet av Nordlys er å halde i hevd og formidle maritime tradisjonar og kystkultur generelt.
Namn på båt: Abel
Antall fot: 27
Heimehamn: Ulsteinvik småbåthavn
Heimeside: Ingen
Vekt på båt: 3500kg
Djupn på båt: 110 cm
Informasjon om båten / historikk / kommentar:
Ditte er en mahogny Plattgatter fra 1939 som er bygget i Florida USA. Båten komm til Norge i midten av 50 talet. Orgilat sto her en 90hk rekke 6 GM bensin. No står her en 37.25 hk standard 23C. Komm jerne innom på festivalen og slå av ein prat over ein kaffe
Hovedsponsorar