(2023) No kan du kjøpe buss-billett

Nå kan du kjøpe bussbillett til Trebaatfestivalen frå Ørsta, Volda, Fosnavåg og Hareid, og bli med bussen heim igjen når festen er over.

 

Trebaatfestivalen samarbeider med Vy Buss og West Auto for å få et best mogleg rutetilbod til dei som ønsker busstransport til og frå Trebaatfestivalen i Ulsteinvik fredag 18. og laurdag 19. august. Dette er også eit resultat av stor pågang frå publikum, som har gitt uttrykk for at dei ønskjer seg eit slikt tilbod.

Det er eit krav om at det må vere seld minst 30 billettar for kvar av turane frå Ørsta, Volda og Fosnavåg, mens det for Hareid-turen må vere seld 18 billettar på førehand, og då innan 10. august.

Om turen vert kansellert, vil pengane bli betalt tilbake. Avgifta på 20 kroner blir ikkje refundert.

Alle bussane vil ha stoppestad på busstasjonen i Ulsteinvik, som ligg kloss ved festivalplassen på Kulturallmenningen. Returen går frå same plass.

 

Stad og tid for avgang og retur er dei same både for fredag 18. og laurdag 19. august.

Frå Ørsta                            

Avgang frå Ørsta Rutebilstasjon kl 19.00, med stopp på Haddal.

Retur frå busstasjonen, Ulsteinvik kl 01.10.

 Frå Volda

Avgang frå Volda Rutebilstasjon kl 19.00, med stopp på Haddal.

Retur frå busstasjonen, Ulsteinvik kl 01.10

 Frå Fosnavåg

Avgang frå Vågsplassen i Fosnavåg kl 19.00, med stopp i Tjørvåg og Myrvåg.

Retur frå busstasjonen, Ulsteinvik kl 01.15

 Frå Hareid

Avgang frå Hareid Skysstasjon kl 19.15, med stopp på Bigset.

Retur frå busstasjonen, Ulsteinvik kl 01.15

 

Buss-billetter kjøpes på:

https://ebillett.no/90014600000080

Previous
Previous

- Dette blir moro!

Next
Next

(2023) “Kjellen Sommarspesial”