Linda Eikrem og Line Urke tek kvarandre i handa på at samarbeidsavtalen er i hamn.
Linda Eikrem og Line Urke tek kvarandre i handa på at samarbeidsavtalen er i hamn.

Festivalavis sikra

Trebaatfestivalen og Vikebladet Vestposten har inngått ein samarbeidsavtale knytt til festivalen i 2019.

Dagleg leiar og redaktør Linda Eikrem og festivalsjef Line Urke har signert ein avtale som sikrar at ei eiga festivalavis blir produsert. Den skal ligge i postkassene tysdag 13. august. Festivalavisa kjem ut som bilag i Vikebladet Vestposten, Vestlandsnytt, Møre-Nytt, Fjordingen og Fjordenes Tidende.

Vikebladet Vestposten får høve til å ha stand i festivalteltet, og til å vise ein ev. Høddkamp på storskjerm. Avisa får også rett til å arrangere ein politisk debatt i festivalteltet torsdag.

Festivalsjef Line Urke er kjempeglad og fornøgd over å ha fått denne avtalen med Vikebladet Vestposten.

– No er vi sikra ei god festivalavis. Avisa blir ein viktig marknadsføringskanal for oss vi sikrar oss ein god distribusjon både på Søre Sunnmøre og i Nordfjord, seier ho.

– Å ha Vikebladet Vestposten på plass som ein av våre viktigaste samarbeidspartnarar gir oss ny energi til å gyve laus på å få inn fleire. Trebaatfestivalen er framleis det største arrangementet i kommunen og trekkjer til seg mange tusen i løpet av festivaldagane, seier ho.

Dagleg leiar og redaktør Linda Eikrem er fornøgd med å ha inngått denne avtalen med arrangørane av Trebaatfestivalen.

– Det er viktig at lokalavisa bidreg til arrangementet, som er ein av dei mest innarbeidde festivalane på Sunnmøre, kommenterer Eikrem.

Hovedsponsorar