Hotelldirektør Erik Mathias Lystad og festivalsjef Line Urke ‘shake hands’ for ein god avtale for begge partar og gler seg til moro på kaia 15.-18. august i år.
Hotelldirektør Erik Mathias Lystad og festivalsjef Line Urke ‘shake hands’ for ein god avtale for begge partar og gler seg til moro på kaia 15.-18. august i år.

Hotellet stiller opp

Trebaatfestivalen har hatt godt samarbeid med Quality Hotel Ulstein i mange år. I år tek festivalen steget eit skritt vidare og får atter ein gong lov å ‘invadere’ hotellområdet og bryggene deira.

-Vi er stolte av å ha fått i land avtale med hotellet også i år. Det gir oss tilgang på brygger og vatn og vi får laga ei fin ramme rundt småarrangement på bryggene gjennom festivalen sine 3 dagar, seier festivalsjef Line Urke. Både skippermøtet fredag kveld, gjerne eit foredrag i Sjøborg Kulturhus og avslutningsfestten med mat og drikke søndag kveld for alle frivillige vert halde på hotellet. Hotellet stiller også med nokre rom til festivalen – noko som vi er avhengige av for å i det heile tatt våge å booke artistart som kjem reisande til Ulsteinvik, legg ho til.

På hotellkaia er det ymse aktivitet der både kystlaga har utstilling, Knut Arne Høyvik tek med folk på runde på kaiene for å snakke med skipperane – og Atle Remøy spelar opp med god stemningsmusikk på kaia laurdag til stor glede for båtfolket og andre besøkande. I tillegg er det prisutdeling på kaia laurdag ettermiddag der båtane får sine fortente prisar etter jurymøte.

-Vi prøver å vere så positive som mogleg og støttar opp om festivalen med det vi kan stille opp med. For oss betyr festivalen mykje – vi har fullt hus og stormande jubel desse dagane, så dette er bra for oss og for alle andre i Ulsteinvik, seier hotelldirektør Erik Mathias Lystad. Han rosar festivalen for alt arbeidet dei legg ned for å lage moro i Ulsteinvik.

Hovedsponsorar