Gler seg til Trebaatfestivalen 2019 Frå venstre ser ein Line Urke, Hugo Antonsen (begge frå Trebaatfestivalen), Reidun Langeland, Wenche Aursnes, Are Olav Riise, Lillian Breivik og Guttorm Vartdal (frå Sparebank1 Søre Sunnmøre). FOTO: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL.
Gler seg til Trebaatfestivalen 2019 Frå venstre ser ein Line Urke, Hugo Antonsen (begge frå Trebaatfestivalen), Reidun Langeland, Wenche Aursnes, Are Olav Riise, Lillian Breivik og Guttorm Vartdal (frå Sparebank1 Søre Sunnmøre). FOTO: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL.

Hovudsponsor nr 1 på plass

Sparebank 1 Søre Sunnmøre har teikna treårskontrakt med Trebaatfestivalen i Ulsteinvik.

— Vi er strålande fornøygde med å ha med Sparebank1 Søre Sunnmøre vidare. Vi er godt i gang med arbeidet fram mot årets festival, og det er godt alltid godt når avtalane begynner å bli signerte og kome i hamn. No jobbar vi knallhardt framover, for vi treng verkeleg mange med på lasset for å få avvikla festivalen. – Vi treng mange fleire og det trur eg vi får til, seier festivalsjef Line Urke.

Sparebank 1 Søre Sunnmøre har støtta festivalen sidan lokalbanken etablerte avdelinga i Ulsteinvik i 2007. No er det teikna 3-årsavtale – noko som er eit godt signal.

– Vi har teikna ein treårskontrakt, fordi vi ønskjer å gje Trebaatfestivalen meir føreseielege rammer, og vil viser med dette at vi har stor tru på Trebaatfestivalen. Banken er oppteken av at det skal vere godt å bu og virke i regionen, både for store og små. Vi er stolte av det vi får til ved å vere med å støtte, seier avdelingsbanksjef Lillian Breivik.

Lillian fortel at suksessen med festivalquiz arrangert av Sparebank 1 Søre Sunnmøre i fjor, gjer at det også blir quiz i år. Årets quizmaster blir Are Olav Riise.

Frå før er Osberget inne som sponsor. Dei oppdaterer bl.a. heimesida til Trebaatfestivalen.

Hovedsponsorar