ig-1200x1200.jpg

Plutselig Sirkus

Laurdag 17. august kl 11-15 Kjem Plutselig Sirkus med Show og sirkusskule!


Dette er sirkuset der du er stjerna! Etter å ha sett eit magisk show, er det din tur til å lære deg ulike sirkustriks. Her kan du få prøve deg i sjonglering med ballar, triksing med rockeringar, flowersticks og mykje mykje meir.

Plutselig Sirkus er eit sirkuskompani beståande av Morten Uglebjerg Norli og Anna Nerdrum Bøgwald med vener. Dei jobbar på Fjordane Folkehøgskule si sirkuslinje og om sommaren reiser dei rundt for å skape magi og glede på festivalar og familiearrangement!

Skal du besøke Ulsteinvik og Trebaatfestivalen laurdag 17. august, kan du ikkje gå glipp av dette :-)

Laurdagen blir det også skattejakt med premiar til alle og Amfelia og Oskar vil dele ut godteri til borna.

Hovedsponsorar