2022: Tragedien i Vesterisen
I år er det 70 år sidan tragedien i Vesterisen, og dette blir markert med ei minnemarkering under Trebaatfestivalen, torsdag 18. august kl. 18.00 på Sjøborg kulturhus.
Vesterisorkanen i 1952 ga heilt ekstreme forhold langt utover kva dei røynde selfangarane tidlegare hadde erfara.
Etter kvart går det opp for heile Noreg at det har vore ei stor katastrofe i Vesterisen. Fem skuter med 79 mann er borte. 46 kvinner har vorte enkjer og 98 umyndige born har missa far sin.
Frå Sunnmøre var det Vartdalsskuta «Buskø» med 20 mann, og Tjørvågskuta «Pels» med 14 mann. Fleire av dei som kom vekk var frå same familie.
Aftenposten starta innsamlingsaksjonen Selfangerhjelpen, denne samlar inn meir enn 2,4 million kroner som gjekk til dei etterlatne. Mange som opplevde orkanen i Vesterisen reiste aldri meir på ishavet.
Manus: Knut Arne Høyvik og Johannes Alme.
På scena: Ulstein Mannskor med Robert Skeide, som har tonesett fleire dikt. Øvrige: Ståle Røyset, Leif Dimmen, Ole Sande, Knut Arne Høyvik, Live Nilsvik og Elias Warholm Nærø.
Forteljar: Gunnar Myklebust