Trebaatfestivalen vert arrangert kvart år i august. Arrangøren var Ullaholm Båtklubb t.o.m 2015, som eigde den gamle svenskeskøyta M/S Ullaholm. Båten vart seld i 2017 og Ullaholm Båtklubb blei då lagt ned. Kvart år samlar festivalen trebåtinteresserte, tilreisande og lokalbefolkning til ein stor folkefest i august kvart år.
Idèèn om å vekke interesse for trebåtar
Idèèn om ein trebåtfestival kom opp, under ein tur med båten M/S Ullaholm, der det vart diskutert både korleis det kunne skaffast pengar til drift og vern av denne skuta, samt vekke interesse for trebåtar og båtar generelt i Ulsteinregionen. Ideen om ein festival, kunne muligens vere med å oppfylle begge desse ynskja. Dette var i juni 2006, og medlemmane av Ullaholm Båtklubb, kunne etter 2 månadar intens jobbing arrangere den fyrste festivalen 17-19 august 2006.
Suksessful festival
Den fyrste festivalen vart ein suksess, strålande sol gjorde at mange besøkte denne fyrste festivalen. Båteigarar, lokalbefolkning, sponsorar og andre bidragsytarar var velvillige og ville gjerne vere med å gi dette arrangementet ein sjanse. Når opptellinga vart gjort etter festivalen, var det ingen tvil, festivalen viste overskudd, og arbeidet med neste års festival starta umiddelbart. Suksessen gjentok seg i 2007, og vi la som målsetting å doble aktiviteten kvart år dei fyrste 3 åra.
Båtfolk i fokus
Vi i festivalkomiteen håpar at flest mogleg tek turen til Ulsteinvik under festivalen, og vi lovar å legge alle forhold som står i vår makt, tilrette best mogleg for alle besøkande! Båtfolket står i fokus, og vi tilbyr derfor gratis kaiplass, gratis straum/vatn, og til alle som kjem med trebåt ventar det ei ekstra overasking!