- Dette blir moro!

Det er lovnaden frå Hugo Antonsen etter at Trebaatfestivalen har fått med seg dei to lokalbankane på laget.

(Denne saken er gjengitt med tillatelse frå Vikebladet/Vestposten.) www.vikebladet.no

Av Andreas Bjerknes (tekst og foto)
Sparebank 1 SMN og Sparebanken Møre er begge med når Trebaatfestivalen i år skal arrangerast for 19. gong. Det betyr svært mykje for den tradisjonsrike festivalen.

– Vi er kjempeglade for å ha med begge dei lokale bankane for å støtte opp om Trebaatfestivalen. Utan dei hadde det ikkje gått. Begge har vore med oss i fleire år og det har ein veldig god symbolverdi for oss, både opp mot næringslivet elles og mot publikum, fortel Hugo Antonsen, som står bak Trebaatfestivalen saman med Line Urke.

Torsdag møtte han Wenche Wangsmo Ertesvåg, avdelingsbanksjef for Sparebank 1 SMN i Ulsteinvik, og Ellen Kvalsund, banksjef for Sparebanken Møre i Hareid og Ulstein, til ein prat med lokalavisa.

 

– Positivt bidrag

Både Kvalsund og Wangsmo Ertesvåg er glade for å kunne støtte festivalen, som i august kvart år blir arrangert i Ulsteinvik.

– Vi har vore med på dette i fleire år, Sparebank 1 noko lenger enn oss i Sparebanken Møre. Det er eit veldig positivt bidrag til dei gode sommardagane i Ulsteinvik. Det dreg hit både dei som er utflytta og kjem heim på besøk, og folk frå andre lokalmiljø. Det vil vi vere med på. Det er bra for oss alle, seier Ellen Kvalsund.

– Og festivalen er veldig etablert. Det er eit fast haldepunkt på seinsommaren. Line og Hugo har gjort ein formidabel innsats og det er mange gratistimar som er lagt ned. Dei er eldsjeler og det er veldig kjekt å få vere med og kunne bidra, legg Wenche Wangsmo Ertesvåg til.

 

Sentrale brikker

Bidraget og støtta frå bankane betyr svært mykje for Trebaatfestivalen.

– Det er heilt avgjerande, slår Hugo Antonsen fast.

– Vi kan ikkje byrje å selje billettar eller hente inn artistar før vi har sponsorane på plass. Slik sett har Sparebank 1 og Sparebanken Møre vore heilt sentrale brikker for å få den kabalen til å gå opp, legg Antonsen til.

Medan vintersola torsdag skein over Ulsteinvik er det framleis ein del månader til dei første trebåtane legg til kai og festivalen opnar dørene, men Antonsen fortel at dei er godt i rute.

– Det ser bra ut. Vi har signert artistar og vi har signert dei største sponsorane. Vi ventar litt før vi går laus på resten av næringslivet, til vi kjem litt nærare og har fått publisert artistane. Det er eit langt løp før vi er i mål og arbeidet held på nesten heilt fram til opninga, seier Antonsen.

 

– Ein kjempefestival

Med Sparebanken Møre og Sparebank 1 med på laget, håper banksjefane at også næringslivet elles støttar opp om festivalen.

– Også for oss er det viktig at fleire sponsorar er med, slik at ein tryggar festivalen og at ein ser at det er viktig å bidra til dei positive tinga som skjer her. Ingenting skjer av seg sjølv. Nokon må gjere jobben, slik som Hugo, Line og gjengen deira, og nokon må bidra med midlar for å gjere det mogleg, seier Ellen Kvalsund.

– Vi trur det blir ein kjempefestival i år. Det blir moro! Det kan vi garantere, slår Hugo Antonsen fast.

Han legg til at dei prøvar å ta tilbake litt av den gamle Trebaatfestivalen, i tillegg til å bygge opp mot neste års festival. Då har Trebaatfestivalen 20-årsjubileum og det skal markerast.

Men for å kunne arrangere desse festivalane er arrangørane avhengige av god hjelp. Både gjennom støtte frå næringslivet, men også frå frivillige som bidreg før, under og etter festivalen.

– Saman med sponsorane er det dei frivillige som ber heile festivalen, både inn mot festivalen og under sjølve gjennomføringa, seier Antonsen.

Next
Next

(2023) No kan du kjøpe buss-billett