Nettstaden er utvikla av Knutsen Info
- Ta med dine tilsette på festival!
- Ta med dine kundar som VIP-gjestar!
- Profiler bedrifta di!
Trebaatfestivalen i Ulsteinvik har no fått ei populær gruppe på Facebook. Vi har no kome oppi over 1000 medlemmar og det stig jamt og trutt.
Vil du ha nyheiter, småstoff og eller kanskje du lurer på noko vedrørande Trebaatfestivalen?
Då er du hjarteleg velkomen til å melde deg inn du også!
Hovudartisten til laurdag, er booka, og vi er stolte av å kunne presentere ingen ringare enn acapella gruppa BJELLEKLANG! Vi har i alle år prøvd å booke eit av dei gode gamle banda i Norge, og gjerne med ein humoristisk vri! Bjelleklang føyer seg god inn i rekka etter dei to siste suksessane med Busserulls og Banana Airlines! Vi vil samtidig ynskje alle eit godt nyttår! Det er også berre å starte påmeldinga!
Vi kan med glede melde at første båt er påmeld til festivalen 2012! Båten Norlys er ei fiskeskøyte eigd av Stig Aurvåglid. Båten har besøkt festivalen nesten kvart år, og ikkje nok med det, eigaren har ofte besøkt festivalen med ei handfull båtar frå "Tjørvåg Båtlag". No er det berre for dokke andre å melde på båtane dokka! Velkomne!
Den 6. Trebaatfestivalen vart den største til no, om vi ser på antallet utstillarar og aktiviteten på festivalområdet. Arbeidet med å reindyrke festivalen er kome langt, men det er fortsett ein vei å gå for å få reindyrka festivalen endå meir mot trebåtar og kystkultur. Festivalen hadde 71 påmelde båtar og ca 50 utstillarar. Sammarbeidet med kystlaga vart endå betre i år!
Trebaatfestivalen feira i 2010 sitt 5 års jubileum, vi hadde besøk av 75 trebåtar, nærare 50 standplassar.
Konsert med 3 busserulls og Erik & Kriss laurdag, Wood Boat Blues fredag, Living Earth spelte til dans laurdag. Nytt av året var også "Trebaatleikane"
Vi har satsa målretta på å få mest mogleg trebåtar til festivalen i år, og vi kan stolt vise til at vi verkeleg lukkast i år! Heile 83 tre og veteranbåtar var innom festivalen i år! Etter våre opplysningar er vi dermed Norges nest største, etter Risør som i år hadde 116 påmelde. Hamnedagane i Haugesund har 79 og Hardanger har 65! I tillegg til alle dei flotte trebåtane hadde vi også eit program vi er veldig fornøgde med!
Den første Trebåtfestivalen, blei ein kjempe suksess. Det var rett nok ikkje så veldig mange båtar, men det var god stemning både i sentrum og i teltet under arrangementa. Det super flotte veret gjorde nok sitt til at Trebåtfestivalen i Ulsteinvik fekk ein "flying start"
Årets trebåtfestival vart ein kjempe suksess! Publikumsoppmøtet var formidabelt, veret var strålande, antallet tilreisande båtar sprengde alle rekordar, og stemninga var på topp!
Trebåtfestivalen 2007 er no over!
Vi er veldig fornøgde med oppmøte både av folk og trebåtar. Vèret var rett nok ikkje det aller beste, men det såg ikkje ut til å legge noko dempar på folk!
(16.04.2012) Vi ynskjer Nordea og Via Travel velkomne med på sponsorlaget! Vi har fortsatt plass til fleire, ta kontakt!
(23.02.2012) Ørsta Marina Systems er også i år offisiell bryggeleverandør til Trebaatfestivalen!
(24.01.2012) Biletegalleriet frå Trebaatfestivalen i fjor er no oppdatert. Trykk på Galleri-linken til venstre. Her kan du også kike på bilete frå dei førre åra. Mykje flotte båtar, folk og moro!
(23.01.2012) Dei tre første hovudsponsorane er no signerte for 2012, Sparebank1 Søre Sunnmøre, Island Offshore og Kleven Maritime. Vi har no berre ein ledig hovudsponsorplass, ver rask om du er interessert!
(31.12.2011) Festivalen vert som vanleg arrangert i veke 33. 16-19 august 2012 Velkomne! Start gjerne påmeldinga av båt no! :)
(30.08.2010) Festivalen 2011 vert arrangert 18 - 21 august 2011. Alltid i Veke 33. 2012: 16-19 august, 2013: 15-18 august.
(22.06.2010) Dagens meget gode nyheit er at Kleven Maritime har takka ja til å vere med som hovudsponsor av Trebaatfestivalen 2010! Med dette har vi nådd målsettinga om å få inn 3 hovudsponsorar! Kleven Maritime driv skipsverft i Ulsteinvik og Gurskøy, og er ein stor aktør i den maritime klynga på Sunnmøre, og det er ei stor glede og ære å ha dei med på laget!
(08.06.2010) Coop Mega er valgt til offisiell leverandør av mat og drikke til Trebaatfestivalen 2010. Som ein del av avtalen skal Coop Mega, servere Mega frokost til alle som gjestar festivalen!
(28.04.2010) Vi fekk i dag melding om at Ulstein Kommune ved formannskapet gjev støtte til festivalen. Både direkte økonomisk støtte, og ei overføring til teknisketat for dekning av kostnadar rundt tjenester for festivalen. Dette var ei kjærkoma støtte!
(23.04.2010) Dagens gladmelding, er at Rolls-Royce er med som sponsor også i år!
(21.04.2010) Tussa melder at dei er med som sponsor av Trebtåfestivalen! Vi takkar for bidraget, og ynskjer dei velkomne på laget!
(25.03.2010) Sparebank1 Ulstein, bekrefta i dag at dei er med som ein av hovudsponsorane også i 2010! Med slike store og stabile sponsorar i ryggen, er jobben med å lage ein god festival enklare! Tusen takk til Sparebank1 Ulstein!
(17.03.2010) Dagens gladnyheit er at Nordea er med som sponsor av festivalen!
(16.03.2010) Det er ei glede å melde at Ulsmo er med som stor sponsor også i år! Ulsmo er eit eigedomselskap i Ulsteinvik, som mellom anna eig kjøpesenteret Blåhuset.
(29.01.2010) Vi har i dag fått bekrefta at Island Offshore er med som hovudsponsor av Trebaatfestivalen også i 2010! Det er veldig kjekt når sponsorar kjem tilbake og vil vere med år etter år! Utan slike hadde det ikkje vore mogleg å lage festival! Tusen takk til Island Offshore! www.islandoffshore.com
(21.01.2010) Frå no av heiter festivalen Trebaatfestivalen. Dette for å være helt i tråd med domenet, samt bidra til å få ein meir klassisk profil på festivalen. Vi reknar med at dette også medfører at det er lettare å skilje oss ut i frå dei andre trebåtfestivalene i Noreg.
(20.08.2009) Trebåtfestivalen 2010 vert arrangert 19-22 august. Veke 33. Vi takkar for besøket i år, og ynskjer alle hjarteleg velkomne tilbake neste år!
(22.07.2009) Billettane til årets arrangement er no lagde ut på www.billettservice.no Du kan gå direkte inn på festivalen si billettside via menyen til venstre på denne sida.
(14.07.2009) Skipshuggeriet North-West Management vil ha stand under festivalen der dei sel brukt båtutstyr, innreidningsdetaljar, og anna utstyr! Her er det høve til å gjere eit kjempe kupp! Innbytte er også mogleg!
(29.06.2009) Sparebanken Møre er med som sponsor av Trebåtfestivalen 2009! Velkommen på laget!
(18.05.2009) Den etterkvart godt kjende fiskeskipperen og artisten Atle Remøy kjem til Trebåtfestivalen og spelar til dans torsdag kveld. Han har eit heilt nytt reportoar, som består både av sjølvskreven musikk og songar av den store favoritten Elvis! Store Atle Remøy tittlar som "Båt med fabrikk", "Mykje vil ha meir" og " Kjære Angelsen" vert nok også å høyre i festivalteltet, torsdag 13. august. Sjå også www.atleremoey.no
(21.04.2009) Island Offshore har takka ja til å vere hovudsponsor for Trebåtfestivalen 2009! Vi har med dett nådd målsettinga vår med å få 4 hovudsponsorar til årets festival! Dette er vi veldig nøgde med, og kan derfor gjere endå meir for å lage ein flott festival. Dei 4 hovudsponsorane er: Regionavisa, Sparebank1 Ulstein, FagVerktøy og Island Offshore. Trebåtfestivalen er meget takknemmelige for støtta frå næringslivet!
(17.04.2009) Investeringselskapet Ulsmo As, har takka ja til å vere med som storsponsor av Trebåtfestivalen 2009! Tusen takk for støtta, og hjelpa med å gjere festivalen endå betre!
(27.03.2009) Ulsteinkonsernet har takka ja til å vere "Storsponsor" av Trebåtfestivalen! Vi er veldig takknemlige for bedrifter som er med å gjere festivalen mogleg!
(05.03.2009) Ombord på den restaurerte fiskebåten M/S Nybakk frå Raudeberg vert det moglegheit for å smake og kjøpe tradisjonell mat under festivalen! Det vert deira eigen bacalao, rømmegraut laga frå grunnen av, tørrsild, og eit utvalg av klippfisk for salg. Båten vert å finne ved kommunekaia. Sjå ellers websida til M/S Nybakk : http://www.msnybakk.no
(21.08.2008) Datoen for neste års trebåtfestival er sett til 13. - 16. august. Vi ynskjer alle velkomne til nok ein Trebåtfestival i Ulsteinvik!
(11.08.2008) Utklipp fra yr.no: Til helgen ventes rolige vindforhold, etter hvert stort sett opphold og perioder med pent vær. Omtrent uendrede temperaturforhold. Vindern får østlig retning, og det gir oftest veldig fint ver i Ulsteinvik!
(11.08.2008) Etter problema vi har hatt tidlegare år med tome minibankar i sentrum, har vi i år bestillt inn kortterminal til baren i teltet. Inngangspengar ser vi helst at folk betalar med kontantat, så reduserar vi kødannelse i døra. Det vil vere mulig å levere inn visakort i døra for registrering av inngang samt det som blir kjøpt i baren, for oppgjer på slutten av kvelden. Kortet blir belasta av Tellix As ( på kontoutskrifta di).
(08.08.2008) Generalsekretær Per Hillesund besøker Trebåtfestivalen under åpningsarrangementet og det påfylgjande skipningsmøtet for Ulstein Kystlag!
(06.08.2008) Programmet for årets trebåtfestival er no offisielt. Du finn det her på nettsidene, eller i Regionavisa. Det vert også uttdelt programblad under festivalen! Ta del i vårt rikhaldige program, og ver med på å lage ein flott festival og folkefest! Velkomne!
(22.07.2008) Trebåtfestivalen har fått enda ein solid sponsor! Island Offshore frå Ulsteinvik, som er eit av dei større rederia i området, har valgt å bli "stor sponsor" for Trebåtfestivalen. Vi er svært glade for å få Island Offshore med på laget!
(25.06.2008) Vi fekk i dag den gledelege nyheita om at Grieg Logistics vert med som stor sponsor av festivalen også i år! Grieg Logistics starta i fjor avdeling i Ulsteinvik, og vi er veldig glade for at dei nyttar høvet til å støtte Trebåtfestivalen!
(20.06.2008) Trebåtfestivalen har fått innvilga skjenkeløyve i festivalteltet,for Øl og vin, torsdag til laurdag frå kl 17 - 02. Festivalen har også fått løyve til uteservering.
(19.05.2008) Vi har gleda av å presentere Sparebank1 Ulstein, som hovudsponor av festivalen, saman med Regionavisa!Vi er veldig takksame for responsen vi får frå næringslivet, og har no handlefridom til å gjere festivalen endå meir innhaldsrik og interressant!
(06.05.2008) Gruppa som representerer næringslivet i Ulstein Kommune, støttar Trebåtfestivalen, og er med på laget!
(06.05.2008) Det blir friluftsgudstjeneste på Borgarøya søndag 17. august! Sjå programmet for meir info.
(25.06.2008) Det er no klart til å melde seg på Ta Sjansen. Klikk på Ta Sjansen-linken for påmelding-skjema.
(08.04.2008) Offisiell Trebåtfestival genser kan bestillast på webshoppen til ullaholm båtklubb. Sjå websida www.ullaholm.no
(08.04.2008) Ulstein Verft har takka ja til å vere storsponsor for festivalen, Ulsmo AS har også takka ja til å sponse festivalen! Takk!
(17.11.2008) Regionavisa har også i år takka ja til å vere hovudsponsor for Trebåtfestivalen. Vi er svært takksame for dette viktige samarbeidet, med ei av regionens største media bedrifter!