Om Trebaatfestivalen

Trebåtfestivalen i Ulsteinvik er ein viktig møteplass for kystkultur på Nordvestlandet. Festivalen har fokus på veteranbåtar, tradisjonsmat og tradisjonshandverk og er den einaste trebåtfestivalen i Møre og Romsdal.

20-årsjubileet i 2025 vart ein folkefest med utstillarar og publikum frå både fylket og resten av landet. I 2026 held festivalen fram i same spor, med formidling av levande kystkultur, og der det vert lagt særleg vekt på aktivitetar for born og unge.

Fleire kystlag på Sunnmøre, Hindholmens Venner og andre frivillige organisasjonar er no samla i organisasjonen «Trebaatfestivalen». Ulstein Næringsforum, Quality Hotel Ulstein og Ulstein kommune er nære samarbeidspartnarar.

Sidan det vert stadig færre arenaer for formidling av kystkultur, er Trebåtfestivalen ein viktig instans for å føre tradisjonane vidare til yngre generasjonar.

Vi inviterer alle som brenn for kystkultur med på laget. Mellom dei som allereie er med, finn vi fleire medlemslag i Forbundet Kysten, Viti, Sunnmørsjekta, Herøy kystmuseum, Runde Miljøsenter, Ishavsmuseet og Høgskulen i Volda.


Styre

Kontaktinformasjon

Trebaatfestivalen

Holsekervegen 60
6065 Ulsteinvik
post@trebaatfestivalen.no

Organisasjonsnummer: 937 248 709
Kontonummer: 4214 80 76167

Kjell Barstad
95 28 93 35

Inge Håkonsholm
95 15 61 71