Foto: Inge Håkonsholm
Velkomen inn i Borstova på Petterbakken
Laurdag 15. august klokka 11-15 vil du treffe Mona Kleven i Borstova i Petterbakken.
Der vil ho sitte og brodere Ulsteinselane. Ho har også utstilt den brune mannsbunaden. Borstova er elles full av gamle verktøy og ting frå gamletida. Kom innom for ein bunadprat, berre for å kikke eller for å høyre om historia til Ulsteinselane som no er for sal.
Mona om seg sjølv:
- Eg har sidan 2019 drive bunadbedrift i Kyrkjegata i Ulsteinvik. Der sel eg diverse materialpakkar til Ørskogbunaden, monterer og regulerer bunadar.
Sidan eg driv bunadbedrift i Ulsteinvik føler eg meg forplikta til å no selje materialpakka også til Ulsteinselane. Dei har vore i sal sidan 1980- talet, men dei har vore mest brukt til den brune mannsbunaden.
Eg har no gjort dei litt meir tilgjengelege også for alle dokke som har den svarte, og mest brukte mannsbunaden her i Ulsteinvik og på Sunnmøre.
Les meir om Ulsteinselane her: Ulsteinselane — Mona - Bunad og kurs