Tilbake til alle arrangementer

Konsert frå utescena: Holy Ghost Band

  • Trebaatfestivalen Ulsteinvik, Møre og Romsdal, Norway (kart)

Holy Ghost Band gler seg stort til å opptre på årets Trebåtfestival.
Frå venstre: Mari Ann Vattøy, Herman Klungsøyr, Åge Grimstad, Peter Demirov, Magne Grimstad, Hans Olav Vattøy, Einfrid Grindheim og Bjarte Hauge.
(Foto: Holy Ghost Band.)


Holy Ghost Band skaper liv på Trebåtfestivalen

Fredag 14. august inviterer Holy Ghost Band til ein fin og variert konsert på utescena under Trebåtfestivalen. Publikum kan vente seg både rock, soul og sterke låtar som treff rett i hjartet.

Holy Ghost Band byr på musikk mange vil kjenne igjen, songar publikum får lyst til å synge med på – og kanskje nokre musikalske overraskingar dei aldri har høyrt før. Her blir det speleglede, energi og ekte formidling frå første tone.

Bandet har brukt våren på å øve inn eit nytt og spennande repertoar. På programmet står låtar av mellom andre John Legend, Sam Cooke, Lauren Daigle, Bob Dylan, Larry Norman, Paul Clark og Seawind. Publikum får sjølvsagt også høyre Holy Ghost Band sine eigne signaturlåtar «Vi får sjå», «Feilfrie folk» og «Very Best».

Dette blir ein konsert med både trøkk og sjel – framført av eit band som stortrivst på scena og aldri er redd for å by på seg sjølv. Og når Holy Ghost Band spelar, kan alt skje!

Set av fredag 14. august og bli med på ein musikalsk fest under Trebåtfestivalen.

Holy Ghost Band består av

Mari Ann Vattøy – vokal
Einfrid Grindheim – vokal
Herman Klungsøyr – gitar
Bjarte Hauge - keyboard
Magne Grimstad jr. – bass/vokal
Hans Olav Vattøy – trommer
Åge Grimstad – perkusjon/vokal
Peter Demirov – keyboard/vokal


 
Forrige
Forrige
14. august

Musikk frå utescena

Neste
Neste
14. august

Opning frå Utescena